• Verdensarven Vestnorsk fjordlandskap, Nærøyfjorden

    datafangstdato
    • 2012-02-16T00:00:00Z
    forsteDigitaliseringsdato
    • 2012-02-16T14:41:54Z
    id
    • 1791
    informasjon
    • Verdsarven Vestnorsk fjordlandskap omfattar Geirangerfjorden i Møre og Romsdal og Nærøyfjorden i Sogn og Fjordane. Dei to spektakulære fjordområda ligg 120 km frå kvarandre og er eksempel på klassiske fjordlandskap i geologisk tyding. Dei viser utviklinga av landskapet frå siste istid og fram til i dag. Begge områda er døme på unge, aktive isbrelandskap. Spor i landskapet viser at fjordområda har vore brukte av menneske sidan isen trakk seg tilbake for 10 000 år sidan. På små flater langs fjordane ligg gardsbruk, og på berghyllene over fjorden ligg fjellgardar. Dei fleste av dei er no fråflytta. Gardane ligg på stader som gir vern for snø- og steinras. Bosettinga viser at det har vore drive eit nøysomt jordbruk tilpassa ein farefull, men samstundes rik natur. Fleire av dalane i fjellet har setre. Områda er lite påverka av menneske. Utanfor tettbygde stader er det få synlege tekniske inngrep som til dømes kraftledningar mellom brear, snaufjell og fjord. Geirangerfjorden og Nærøyfjorden er difor dei største urørte fjordlandskapa i Noreg. Nærøyfjordområdet har stor variasjon i landskapstypar frå nakent høgfjell kring Fresvikbreen til lune viker med varme- kjær lauvskog nede ved fjorden. Den 17 km lange Nærøy- fjorden er berre 250 m brei på det smalaste og omkransa av fjell som når opp i 1760 moh. Hengande dalar, fossefall, skarpe gjel og store rasfelt er dramatiske innslag i dei stup- bratte fjellsidene. Høgfjellsområda har rolege former og er restar etter det gamle slettelandet slik det låg før isen tok til å grave ut dei mektige dalgangane. Den storfelte rasskrå- ninga som strekkjer seg frå fjellet Bleia og ned til botnen av Sognefjorden syner at fjordlandskapet framleis er i utvikling. I dette dramatiske landskapet veks den sjeldne urvalmua. På rassikre stader kring fjordane ligg fleire mindre grender der jordbruket er viktigaste næringsveg. Vestnorsk fjordlandskap vart innskreve på Verdsarvlista, lista over verda sin kultur- og naturarv i 2005.
    kommune
    • 4641
    kulturmiljoId
    • K10
    kulturmiljokategori
    • M-WHS
    lokalId
    • 10
    malemetode
    • 55
    navn
    • Verdensarven Vestnorsk fjordlandskap, Nærøyfjorden
    noyaktighet
    • 200
    oppdateringsdato
    • 2023-06-30T09:10:40Z
    opphav
    • Riksantikvaren, Hovedkontor
    vernedato
    • 2010-07-31T00:00:00Z
    vernetype
    • WHS
    versjonId
    • 20230126