Garden Myklebust har hatt busetnad frå jarnalderen. I vikingtida var han eit maktsentrum i Nordfjord, og det gamle tunet låg truleg der klyngjetunet på Myklebust ligg i dag. Tunet låg på ei lita høgde med utsyn over jorda og fjorden. Etter kvart som garden vart delt opp i fleire bruk, vart det bygd nye bygningar i tunet og jord og bygningsstruktur gav rammene for samarbeidet mellom bruka om oppgåver som vart løyste i fellesskap. Ved å samle bygningane til dei ulike bruka i eitt tun fekk ein òg teke vare på mest mogleg av jordbruksarealet til garden.
Frå 1660 overtok presten Jens Bugge garden, og hans ætt eigde han fram til midt på 1800-talet. I denne tida vart garden delt opp i fleire bruk, slik at ved utskiftinga av garden i 1863 var det totalt åtte gardbrukarar i tunet. Etter utskiftinga vart bygningsstrukturen i tunet ein del endra og modernisert etter den tids byggje- og driftsmåte. Bygningsmassen i tuna på Myklebust i dag er i stor grad prega av sveitserstilen sin byggeskikk og nyare bygningar.
Gravhaugane ligg sør for tunet. Til saman finn vi her gravhaugar frå heile yngre jern¬alder. Opphavleg var her fleire gravhaugar, men dei to gravhaugane Rundehågjen og Skjora¬tippen er mest synlege i dag. Dei arkeologiske utgravingane som har vore gjorde her, synte at gravene var særs rikt utstyrte. Arkeologane har, med bakgrunn i funna, vurdert at gravhaugane har høyrt til ei framståande hovdingætt i Firdafylket.
Rundehågjen ligg på strandflata vest for E39 ned mot Eidsgata og fjorden. Med ein diameter på 30 meter og fire meters høgd er Rundehågjen den største av gravhaugane på Nordfjordeid. I 1872 starta Bergen Museum utgraving av Rundehågjen, utgravinga vart leia av arkeologen Anders Lorange. Gravhaugen synte seg å vere ei brend båtgrav frå slutten av 800-talet. Det vart funne naglar etter eit skip som var om lag 25 meter langt, og restar etter våpen og 29 skjold som hadde hange på utsida av skipet. Ein praktfull bolle med emaljedekorasjonar, der dei emaljerte hankefesta var forma som manns¬figurar, inneheldt dei brende beina etter ein mann på 30 -35 år. I tillegg var det også spele¬brikker, kammar og bein av påfugl i bollen. Bollen stammar truleg frå ei kyrkje i Irland.
På flata ved Rundehågjen var det tidlegare ei samling av gravhaugar, noko som igjen syner til den lange perioden Myklebustgarden var maktsentrum i Nordfjord. Desse vart dessverre fjerna utan at arkeologar fekk undersøkt dei.
Skjoratippen vart undersøkt av professor Shetelig ved Bergen Museum i 1902-03. Denne gravhaugen inneheldt til saman seks graver, her vart det funne både manns- og kvinnegraver og restar etter brende skip. Skjoratippen vart brukt som gravplass over eit lengre tidsrom, og gravene her er daterte frå midten av 700-talet til midten av 900-talet. Ser vi vidare bortetter terrassen, kan konturane av dei andre gravhaugane skimtast. Desse ligg inne i hagane til bustadane som vart bygde her på 1900-talet.