• Eidsgata og Tverrgata

    datafangstdato
    • 2014-07-18T00:00:00Z
    forsteDigitaliseringsdato
    • 2014-07-18T13:06:21Z
    id
    • 202
    informasjon
    • Med etableringa av eksersisplassen på Eid på 1600-talet voks tettstaden gradvis fram. Den eldre busetnaden er plassert langs Eidsgata, som gjekk parallelt med stranda, og langs Tverrgata, som kjem ned til fjorden frå garden Myklebust og kryssar Eidsgata. Delområdet er i nord avslutta av Eid kyrkje som dannar ein fondvegg i Eidsgata. I sør er det anlegget til garden Gjerde, noverande Yris hotell, som avsluttar området. Bygningsmiljøet i Eidsgata og Tverrgata vart sett opp frå 1860-talet og framover. Det omfattar i hovudsak eldre trehus og er blant dei best bevarte gatene i Sogn og Fjordane. Mange av husa her er flytta hit frå andre stadar i Eid og regionen rundt. Av den grunn kan tømmerkjernen vere vesentleg eldre enn det byggeåret huset vart sett opp på noverande stad. Bygningane i både Eidsgata og Tverrgata har hatt fleire funksjonar. Det vanlege var at husa vart brukte både til bustad og arbeidsstad. Forretningsdrifta i Eidsgata og Tverrgata dekka dei fleste behova folk hadde i ein yrande tettstad. Her var det skreddar, spinnebu, pensjonat, fleire bakeri, manufaktur¬butikk, skomakar, snikkar, smie, skysstasjon, skjenkestove og fengselsrom. Iglekona hadde nok eit av dei meir spesielle yrka som vart praktiserte her. I periodar var det svært mange soldatar stasjonerte på Nordfjordeid i samband med øvingane på eksersisplassen, og mange av huseigarane leigde ut rom til soldatane. Eidsgata var handlegata der kjøpmennene reiste handelshusa sine i tida rundt førre hundreårsskifte. Gata er prega av trehus i to etasjar, med forretningslokale i første etasje og bustad i andre. I tillegg til bustad-/forretningshusa var buene og uthusa viktige bygningar for handelsdrifta. Mange av desse bygningane er framleis bevarte i Eidsgata, noko som er med på å fortelje historia om korleis folk budde og livnærte seg her. Fleire av dei mest markerte husa i Eidsgata er prega av sveitserstilen. Nokre av dei har svært rike detaljar, som til dømes Aasebø-huset med tårn over inngangsdøra på hjørnet. Her er interiøret i butikken framleis bevart og i bruk i dagens kafé- og butikkdrift. Børsemakarhuset, som vart reist av børsemakar Myklebust, er eit anna av dei særprega husa i Eidsgata. Bygningen er i drakestil med rik dekor. Gjerdet rundt eigedomen fortel tydeleg om handverksverksemda i huset, då det er bygd av utrangerte geværpiper. I Tverrgata er bygningane mindre, hovudsakleg i 1 ½ etasje. Dei fleste eigedommane i Tverrgata har vore festetomter under garden Myklebust. Her var parsellane relativt små, og mange av dei er på om lag 250 m2. Plasseringa av bygningsmassen i gata fylgjer ein fast struktur med bustadhuset plassert heilt ut mot gata, med hage og uthus bakanfor. Bygningsstrukturen i Tverrgata, med dei mange bevarte uthusa, er med på å styrke det historiske særpreget ved Nordfjordeid. Vidare er denne type bygningsstrukturar i dag blitt sjeldsynt i mange av tettstadane (og byane) i Sogn og Fjordane. Eidsgata vert i nord avslutta av Eid kyrkje og kyrkjegard. Nordfjordeid har vore kyrkjestad sidan mellomalderen, då den hadde status som fjerdingskyrkje. Dagens kyrkje står på mellomalder-kyrkje¬garden og vart reist i 1849. Kyrkja er teikna av handelsmannen Claus Wiese, som på denne tida eigde storgarden Gjerde. Plasseringa av tårnet over midtskipet er eitt av særtrekka ved kyrkja. Dette er truleg inspirert av den tidlegare krosskyrkja som stod på staden. Tårnet er bygd som ein åttekantforma takryttar som øvst er avrunda i overgangen til spiret. I 1915 vart kyrkja dekorert innvendig under leiing av kunstmålaren og treskjeraren Lars T. Kinsarvik. Mot sør vert delområdet avslutta av bygningsmassen til storgarden Gjerde. Opphavleg låg store delar av Nordfjordeid sentrum under denne garden. Her har det vorte drive handel frå 1638, då Jon Willumson løyste borgarbrev for å drive handel. Seinare vart handelsverksemda utvida med vertshus, og i 1790 bygde dåverande eigar Tollef Lem Ravn, dagens hovudbygning. I tillegg til hovudbygningen er fleire av dei andre bygningane bevarte; annekset, duehuset, stabburet og vognskjulet. Hovudhuset vart freda i 1923, og det har vore hotelldrift her fram til 1970-talet.
    kommune
    • 4649
    kulturmiljoId
    • K276
    kulturmiljokategori
    • M-KULA
    lokalId
    • 276
    malemetode
    • 19
    navn
    • Eidsgata og Tverrgata
    noyaktighet
    • 1
    oppdateringsdato
    • 2023-05-11T14:30:06Z
    opphav
    • Riksantikvaren, Hovedkontor
    versjonId
    • 20230126