• Eksersisplassen

    datafangstdato
    • 2014-07-18T00:00:00Z
    forsteDigitaliseringsdato
    • 2014-07-18T13:16:26Z
    id
    • 203
    informasjon
    • I 1628 vart den norske hærmakta nyskipa gjennom ein kongeleg resolusjon av 28. januar. I etterkant av denne nyordninga vart eksersisplassen på Nordfjordeid etablert, og i 1718 vart Nordfjordeid bataljonssamlingsplass for Nordre Bergenhusiske Regiment. Eksersisplassen på Nordfjordeid vart verande på same staden fram til 1967, då den militære aktiviteten vart lagt ned. Staten kjøpte garden Osnes i 1792 til bruk som sjefsgard. Men garden vart ikkje brukt som sjefsgard, då dei militære heller heldt til på gardane Myroldhaug og Myklebust. Osnes vart forpakta vekk til andre mot part i avling og avdrått. Eksersisplassen utgjer ein stor del av garden Osnes. I 1791-1793 vart lagerhusa som i dag utgjer Hærmuseet, bygde. Eksersisplassen er i dag ein open plass med parkanlegg, i tillegg til dei gamle lagerhusa. Under andre verdskrigen nytta den tyske okkupasjonsmakta plassen, og det var stor aktivitet her. Til vanleg var om lag 150 mann stasjonerte på plassen, men i periodar kunne det vere opp til 1000 soldatar her. Det vart sett opp brakker til soldatane, dei fleste av desse er blitt fjerna i ettertid, men ei står att og syner denne sida av historia til plassen. Eit anna element som er att etter den tyske okkupasjonen, er alleane, som dannar eit vakkert og stramt parklandskap. I tida etter 1945 vart det også gjennomført øvingar på eksersisplassen fram til avviklinga av den militære aktiviteten her i 1967. Av nyare element på eksersisplassen er krigsminnesmerket «Mor Noreg», laga av kunstnaren Dyre Vaa. Den militære aktiviteten sette eit sterkt preg på heile Nordfjordeid, og mange tente nokre ekstra kroner på å utføre ulike tenester for soldatane. Ei inntektskjelde for kvinnene var å vaske klede for soldatane. Mykje av dette arbeidet gjekk føre seg i Jektehola ved munningen av Eidselva i den søre enden av delområdet. Eit anna utslag av den militære aktiviteten på plassen og utviklinga av Nordfjordeid som tettstad, var at ein her fekk eit levande og aktivt organisasjonsliv. Mellom anna var Nordfjordeid ein av dei første stadane i Noreg som fekk eige idrettslag og musikklag. I 1892 vart Eid ungdomslag skipa, og ungdomshuset Valhall, som ligg i nordre del av delområdet, vart bygd i 1927. Her var det mange aktivitetar i tida framover, som til dømes konsertar av Eid musikklag, revyar og teaterframsyningar, og frå 1939 dreiv Nordfjord husmorlag kino i bygningen. Driftsoverskotet frå kinoen gjekk til bygging av vassverk for Nordfjordeid. Etter at den militære aktiviteten vart lagt ned, har Eid kommune overteke området og utvikla det til ein bypark, der dei historiske kvalitetane er bevarte. Området er i dag i aktiv bruk av innbyggjarane på Nordfjordeid til fellesmarkeringar som 17. mai og som ramme rundt Malakoff Rockfestival og spelet Elskhug & Eksis. Spelstykket omhandlar den militære stordomstida på Nordfjordeid.
    kommune
    • 4649
    kulturmiljoId
    • K277
    kulturmiljokategori
    • M-KULA
    lokalId
    • 277
    malemetode
    • 19
    navn
    • Eksersisplassen
    noyaktighet
    • 1
    oppdateringsdato
    • 2023-05-11T14:30:06Z
    opphav
    • Riksantikvaren, Hovedkontor
    versjonId
    • 20230126