Kulturmiljøet Mjeldalen er her definert ut frå gard 52, 53 og 54: Mjelde øvste, Mjelde midtre og Mjelde nedre.
Den breie, austvende Mjeldalen opp frå fjorden ved Haus er det rikaste jordbruksområdet på Osterøy, og det er funne fleire fornminner i området. Mjeldegardane er mellom dei eldste på øya. Her var det sete for leidangen og seinare tingstad for Mjelde skipreide. Her vart kyrkja bygd, og Mjeldegardane har vore både kongegods og kyrkjegods før dei kom i bondeeige. Langt dei fleste av dei husmennene som fanst på Osterøy, var samla kring desse gardane. Frå mellomalderen var Mjelde eit eige kyrkjesokn, under Haus prestegjeld. Det var ei kyrkje i Mjeldalen fram til siste halvdel av 1800-talet.
Busettinga i dalen er tradisjonelt delt i tre delar; Øvre-, Midt- og Nedre-Mjelde. På Øvstemjeldshaugen låg det gamle klyngetunet i Øvre Mjelde. Det strekte seg langs den flate morenen som vart kalla "Torget". Kvar jordeigar hadde sine småteigar spreidd over heile garden, kvernhusa låg langs elva, og smiene låg på haugen bakom. Det var utskifting i Øvre Mjelde i 1899 -1900, men det står enno att spor frå tida før utskiftinga, mellom anna ei geil, og murar etter sauefjøs og vårflor.
Ei bru over elva skil Øvre- og Midt Mjelde. I eldre tider hadde kyrkja sitt hovudsete i Midt Mjelde, med kapellangard, klokkargard og to bustader for preste-enker; såkalla «enkesæter». På Midt Mjelde går hovudvegen gjennom Midtmjeldetunet og vidare mellom dei to enkesætehusa.
I liene langs heile dalen skal det ha vore 21 husmannsplassar, og det finst framleis spor etter fleire av dei.
Flest husmenn var det på Nedre Mjelde, kor Garmann-familien bygde opp eit herresete på 1600-talet. Etter vestlandske forhold var Mjeldegodset ein stor gard, med fleire bygningar i tillegg til hovudhus, frukt- og rosehage, samt fleire husmannsplassar. Utover 1800-talet auka husmennene der, frå ein til tretten. Godset vart delt på slutten av 1800-tallet, og det gamle gardstunet forfalt. I dag er det få spor att etter godset.
Sjølv om deler av fjellsidene i dag er dekt av granskog og ein del beiteområde gror att, ligg gardstuna i stor grad velhaldne på begge sider av hovudvegen i det vide landskapet. I dette området er det gamle gardsmiljø, nokre meir intakte enn andre, og fleire gamle tunstrukturar er behaldne. I nokre av bygningane kan ein sjå den gamle byggestilen. Det står òg att eldre løer, og i kulturlandskapet er det fleire gamle vegfar, steingardar og delar av geiler. Det er viktig at dette blir ivareteke, både som einskildobjekt og som del av den store samanhengen.