• Kvernsteinsbrota i Hyllestad

    datafangstdato
    • 2017-09-01T00:00:00Z
    forsteDigitaliseringsdato
    • 2017-10-03T09:25:10Z
    id
    • 2936
    informasjon
    • Kvernsteinsbrota i Hyllestad – eit kulturhistorisk landskap av nasjonal interesse Kvernsteinsbrota i Hyllestad er Nord-Europas største steinbrotlandskap frå yngre jernalder (vikingtid) og mellomalder. Brota har ei historie på meir enn 1300 år og var aktive frå ca. 700–800-talet, gjennom både vikingtid og mellomalderen og vidare heilt til 1930. I løpet av seinmellomalderen gjekk produksjonen ned. Det er registrert ca. 400 store og små brot i Hyllestad kommune, dei finst innan 27 større og mindre brotområde. Dei aller fleste ligg i utmarka på gardane langs Åfjorden, men nokre få er også identifisert i innmark. Dei største brota finn ein ved Myklebust (Hyllestad sentrum) og Rønset, medan det er ein «hale» av mindre brot mot Sørbøvåg og Skifjorden. Brotlandskapet har eit samla areal på ca. 2,5 kvadratkilometer og er eit av Noregs største industrihistoriske landskap. Om ein ser alle områda i samanheng (slår ring kring alle brota/brotområda), så dekker dei ca. 10 kvadratkilometer eller ca. 3% av arealet til Hyllestad kommune. Her finn ein ikkje berre kvernsteinsbrot (for produksjon av handkverner og vasskverner), men og brot for steinkrossar, gravsteinar, ljorar og traug. Handelsvara kvernstein vart skipa ut i tusenvis til store delar av Noreg, Danmark/Nord-Tyskland, Sør-Sverige. Steinane vart også frakta til vesterhavsøyene (Orknøyene, Færøyene, Island), men i mykje mindre omfang. Det er også mogleg at dei vart distribuert austover til Polen/Baltikum i vikingtid og mellomalder. I mellomalderen var Bergen den viktigaste utskipingshamna for både den nasjonale og internasjonale transporten. Etter reformasjonen vart stein frå Hyllestad mest brukt regionalt (Vestlandet). Steinkrossane frå Hyllestad kan ein sjå langs store delar av vestlandskysten. Dei var truleg bestillingsverk frå dei mektige i samfunnet i tidleg mellomalder. Gravsteinar, ljorar og traug vart brukte lokalt. Brota var eigde og vart drivne av den lokale/regionale eliten og etter kvart kyrkjemakta med lokalkyrkjene i Hyllestad og Øn, Munkeliv og moglegvis Nonneseter kloster i Bergen som viktige aktørar. I nyare tid tok lokale aktørar over som eigarar. Arbeidsfolket kom truleg frå gardane i Hyllestad – og i mellomalderen, då det var stordrift, kanskje også frå større område. Steinindustrien i Hyllestad kom i stand fordi ein her har både god geologi og plassering. Steinsorten er granatglimmerskifer, ein skifrig, mjuk stein full av harde granatar. Dette var stein som i eldre tid var særs ettertrakta til kvernstein for å male korn. Granatglimmerskifer er sjølvskjerpande; ein trong ikkje hogge spor og riller i steinen for å få han til å bli ein god kvernstein. Plasseringa av brota nær sjøen og den viktigaste transportåra både i vikingtid og mellomalder – sjøvegen – har truleg utgjort ein fordel for distribusjonen av produkta. Dei ca. 400 steinbrota varierer frå små brot med nokre få uttaksspor der ein har hogd runde omriss for å kile ut handkvernstein, til djupe og høge brot der ein har tatt ut mange tusen stein, både handkvernstein og vasskvernstein. Ved steinbrota er det steinskrot i store haugar frå drifta, det finst vegar, stiar murar, ruinar og utskipingshamner, mange tusen kvernstein som gjekk sund ligg att i terrenget, ein har og restar av smier; for hoggejarnet måtte skjerpast med jamne mellomrom. I nyare tid vart ein ny teknologi teke i bruk i brota. No gjekk ein over til å hogge kvernsteinane ut frå steinblokker som var sprengd ut av fjellet med krut. I desse yngre brota finn ein borehol og store blokker som vart hogd til vasskvernstein. Det kan vere vanskeleg å tidfeste brota. Vi veit likevel at hyllestadstein er funne i mange arkeologiske utgravingar av bustadar frå vikingtid og mellomalder. Mange brot er datert med hjelp av radiokarbonmetoden (C14, på trekol, Baug 2002 og 2015), andre kan ein datere ut i frå brytningsmetodar (boring og krut kom ikkje i bruk før ca. 1800). I mange av «sprengingsbrota» finn ein likevel restar av eldre kvernsteinsdrift. Vi kan difor vere ganske sikre på at dei aller fleste brota har ei historie attende til mellomalderen eller vikingtida. Heile brotlandskapet er av høg kulturhistorisk interesse, der yngre brot synar utviklinga i ein steinindustri med opphav i vikingtida. Sidan mange steinbrot ligg ved fjorden, finst det også eit kvernsteinslandskap under vatn; steinskrot og øydelagde kvernstein som vart kasta på sjøen eller vart tekne av flodbølger etter ras frå dei bratte fjella langs fjorden. I mellomalderen var det fleire kvernsteinsbrot i Norge, m.a. Saltdal i Nordland. Hyllestad var likevel det viktigaste produksjonsområdet for kvernstein i landet. Etter reformasjonen vart kvernstein frå Hyllestad utkonkurrera av kvernstein frå Selbu i Trøndelag. Denne steinen eigna seg betre for dei etter kvart store vasskvernsteinane som kom i bruk. Kvernsteinsbrota i Hyllestad er godt bevart. Med unntak av tidlegare vegutbygging (fv 607), noko eldre husbygging og bygging av kraftliner er det nesten ikkje gjort moderne inngrep i brota. Landskapet er for ein stor del heilt attgrodd og mange av brota kan vere vanskelege å sjå i terrenget. Fleire av brotområda var tidlegare beite- og slåttelandskap, og saman med skogsdrift har denne type aktivitet forandra og i nokon grad øydelagd eldre stiar og smale vegar knytt til steindrifta. Det er heller ikkje så mange utskipingshamner som er bevart. Fleire av stadene der dei truleg har skipa ut stein ber preg av moderne utbygging. Funn av kvernstein langs strender og under vatn fortel oss likevel kvar dei har vore. Det er heller ingen synlege spor etter gardsbusetnaden frå verken vikingtid eller mellomalder som steindrifta var knytt til. Truleg låg denne busetnaden der dagens gardsbygningar ligg, og det er ikkje føreteke arkeologiske undersøkingar «under» den moderne busetnaden. På to av gardane i steinbrotområdet, Rønset og Sæsol, er det føreteke arkeologiske undersøkingar i åkerreiner som kan datere gardsdrifta på gardane. Dermed er det mogleg å vurdere denne aktiviteten i forhold til kvernsteinsdrifta. Ein av gardane med størst kvernsteinsdrift, Myklebust, var lokalisert der Hyllestad sentrum ligg i dag, og er nesten heilt øydelagd av moderne utbygging. Truslane i framtida er knytt til utbygging, attgroing og forvitring av steinbrotsveggar. Samtidig utgjer utvasking av skrotmassar mm. som følgje av flodbølger i brot som ligg i fjæresonen ein trussel. Den siste flodbølga fann stad i 1998 då det raste frå fjellet Katlenova i Sørefjorden. Kvernsteinsbrota er på UNSCO si tentative verdsarvliste, nominerte i samband med transnasjonale «Viking Monuments and Sites» (2011). Management-planen som følger nomineringa gjev eit viktig innblikk i verd, vernestatus og verneplanar (Baug 2014). I planen er grensene til brotområda likevel noko utdaterte i høve til kva som no er registrert i Askeladden. Kvernsteinsparken er visningsstaden for steinbrota. Dette utandørsmuseet ligg nær Hyllestad sentrum og vert drive av Norsk Kvernsteinsenter som er ein del av Musea i Sogn og Fjordane. Kvernsteinsparken er tilrettelagd og vert jamleg rydda for vegetasjon. Parken er open for besøkande heile året, medan det berre er i sommarsesongen det er regulær museumsdrift der. Det finst mange bevarte, eldre kvernhus/vasskverner i Hyllestad. Som så mange andre stader i Noreg og utlandet er dei knytt til brotlandskapet i Hyllestad, av di kvernene vart hogde her. Det finaste vassbruksmiljøet i kommunen ligg i Skor. Det er restaurert og ope for besøkande. Brota er undersøkte fleire gonger. Den viktigaste undersøkinga av utbreiinga til brota gjekk føre seg i regi av Norges geologiske undersøkelse i 2005-2007 (Heldal & Bloxam 2007, 2011), medan dei viktigaste arkeologiske undersøkingane er gjort av Universitetet i Bergen/Irene Baug (2002, 2015), sjå også Foyn (2008) og Sætre (2008). Det er sannsynleg at mange brot og brotområde ennå ikkje er funne/registrerte. Vidare undersøkingar av brota vert gjort fortløpande av Norsk Kvernsteinsenter.
    kommune
    • 4637
    kulturmiljoId
    • K426
    kulturmiljokategori
    • M-REG
    lokalId
    • 426
    malemetode
    • 82
    navn
    • Kvernsteinsbrota i Hyllestad
    noyaktighet
    • 500
    oppdateringsdato
    • 2019-01-18T12:07:20Z
    opphav
    • Sogn og Fjordane fylkeskommune
    vernetype
    • REG
    versjonId
    • 20230126