Garden Flateland har grense til Otra. Langs elva ligg den flate sletta som har gjeve garden namn. Både elvesletta og det meir bølga landskapet innanfor er danna av ein større breelvavsetning. Den eldre busetnaden er lagt på forhøgningar i terrenget og i liene. Garden Rygnestad ligg ein god kilometer nord for Flateland. Den strekkjer seg ikkje ned til Otra, noko som er uvanleg for gardar i denne delen av Setesdal. Rygnestad ligg i eit spesielt landskapsrom med innmarka til garden på ein djup moreneavsetning, som går seg langt oppover liene. Landskapsrommet er som eit halvope amfi med bratte lier rundt. Åkerareal, bygningar og slåttemark er plassert i dei lune og sørvende bakkane. Den store sletta i botnen av amfiet var tidlegare ei stor myr, som vart drenert og dyrka opp på 1930-talet. I dag er det i hovudsak dette området som vert slege og brukt til husdyrfôr. Eigedomane er av ulik storleik og karakter, frå den enkle husmannsplassen Slengen til storgarden Rygnestad. Bygningane og gardane er tradisjonelt utforma og plasserte. Forutan det freda Rygnestadtunet har busetnaden gode døme på tradisjonell byggeskikk, med fjøs, løe, sommarfjøs, kvernhus, loft, smie og badstove. Her finn vi òg andre kulturminne, som steingjerde, bakkemurar, rydningsrøyser og «rymeveg» (fegate mellom garden og utmarka).
Området utmerker seg òg med godt bevarte naturbeite, slåtteenger, beitemark og gamal lauvskog. Bygningar og kulturlandskap er godt ivaretekne. På Flateland ligger Flatelandsmoen, det største gravfeltet i Setesdal med minst 20 gravhaugar. Nokre av gravhaugane er runde i forma, medan andre er avlange. Dei har en diameter frå fem til 17 meter og er opptil tre meter høge. Dei som er undersøkte, er bygde av sand. Tidlegare stod det tre bautasteinar på feltet, men desse vart fjerna på 1800-talet. Gravfeltet var i bruk i fleire hundre år før dei største haugane vart bygde i vikingtid. Gravfunn, mellom anna eit gullsmykke, og storleiken på gravfeltet viser ei form for overskot som vanskeleg kan forklarast ut frå jordbruksdrifta åleine. Overskotet vart i stor grad henta frå ressursar i utmarka på heia aust for gardane. Stølane til Flateland og Rygnestad ligg ved Lisle og Store Bjørnevatn (om lag 800 moh.) i Setesdal Austhei. Her finn vi fleire område med spor etter jernutvinning i jernalder og mellomalder. I dette stølsområdet går òg eit av dei største trekka for rein mellom sommar- og vinterbeite i Setesdal Austhei. Dette trekket må ha vore ein viktig ressurs for folka på Flateland og Rygnestad. Saman med produksjon av jern skapte det overskotet som gravfeltet på Flateland er eit uttrykk for. Handelsvarer og folk følgde hovuddalføret, men vegfar over heiane mot vest og aust var i tidlegare tider vel så viktige ferdselsruter. I katolsk tid måtte kyrkjeskatten betalast i form av kuhuder og kalveskinn i Stavanger. Dette gav namn til Skinnvegen som førde vestover til handelsplassen Lyse i Rogaland. Ei grein av Skinnvegen tok opp frå Røysland, som ligg tvers overfor Flateland. Mot aust førde Skafsåvegen, som var både støls- og handelsveg, over mot Dalen i Telemark. Kommunikasjonen kunne også ta andre former. På 1200-tallet fanst det ei rekke vetar langs kysten som ved bålbrenning skulle varsle krig. Sjølv om ein ikkje kjenner alle vetane, ser det ut til å ha vore ei veterekkje også innover i landet frå Møvikveten i Kristiansand til Hårshovden i Bykle kommune. Like nord for Rygnestad ligg Brokkås – og på sørsida mot Valle sokn ligg fjelltoppen Stol. På begge stader var det vetar på 1200-talet.