Landskapet ligg i ein typisk U-dal, forma av isbrear og med bratte fjellsider. Frå dalbotnen, på rundt 350 moh., stig heiane til over 1000 moh. både i Setesdal Vesthei og Setesdal Austhei. I denne delen av Setesdal finst det fleire hengande tverrdalar med retning aust–vest, som Vatnedal, Botsvatn og Ljosådalen, som var viktige ledeliner for ferdsla over til Vestlandet.
Mot aust gjekk Bispevegen frå Tveitbø over heia til Finndalen og til Kleivgrend i Fyresdal. Hovuddalføra vart isfrie for om lag 8000 år sidan. Langs heile Otra finst det einskilde område med lausmassar frå istida og elveavsetningar, og det var her dei fyrste gardane vart rydda og busette. Sentrale delar av Valle ligg på ei elveavsetjing med sand og finare silt og leire. Jorda er sjølvdrenerande, turr og varm, og egnar seg godt for dyrking. Spor etter busetnad og funn frå gravminne viser at bygda var busett i folkevandringstid (år 400–550). Denne perioden var prega av ein sterk busetjingsekspansjon på heile Agder, og ein reknar med at alle bygdelaga i Setesdal vart busette i løpet av denne perioden. I Valle er det funne uvanleg mange vektlodd frå jernalder, nærare bestemt vikingtid. Vektlodda vart brukte til å vege betalingsstykke av gull og sølv og vert knytte til handel og handelsplassar. Det kan ha vore fleire handelsplassar i Valle, enten samtidig eller til ulike tider, men det er ein konsentrasjon av funn nær kyrkja i Valle sentrum. Her er det også funne gjenstandar av utanlandsk opphav, mellom desse fleire myntar. Handelsplassane og funn av kostbare gjenstandar viser at det var eit samfunn som produserte eit overskot, og som hadde god kontakt med omverda. På heiane er det mange dyregraver for rein og jernvinneanlegg frå denne perioden, og skinn og jern var ettertrakta handelsvarer. Etter nedgangsperioden på 1300-talet vart utkantgardane rydda på nytt frå 1500-talet og framover. Busetnaden ligg dels på sletter på begge sider av Otra og dels i liene. Sør for sentrum, på begge sider av Otra ligg tuna på rekkje og rad i innkantane av elveslettene. Nord for sentrum, i området Homme, Hoftuft og Myrom er terrenget meir jamt (og ujamt) skrånande og tuna ligg i ulik høgde over dalbotnen, gjerne på sjølvdrenerte ryggar der slike fanst. Det er også i dette området vi finn dei eldste husa, fleire av dei er loft frå før svartedauden. Grunnstrukturen med åker på elveslettene og i liene har heile tida vore den same. I dagens jordbrukslandskap ser ein også resultata av jordskiftet på 1880-talet, med einbølte gardar og eigedomsgrenser også i utmarka. Før Otra vart regulert, var areala nærast elva utsette for flaum, og alle bygningane som står her i dag, er av nyare dato. På 1930-talet byrja utviklinga til det som er dagens sentrum. Sjølv om Valle frå naturen si side var godt eigna for korndyrking, var det likevel ressursane i dei vide heieområda både på aust- og vestheia som var viktigast. Det utvikla seg ei jordbruksdrift basert på stølsdrift, beite og slått på heiane. I skriftlege kjelder vert det fortalt at heile bygda flytte opp til stølane om sommaren – og at det berre var ein og annan gamling att nede i bygda. Dei fleste gardane hadde fleire stølar. Dei næraste heimstølane vart brukte vår og haust, medan sommarstølane låg lenger inne på heia. I 1863 vart det slege 4178 lass med høy frå 185 ulike stølar i Valle. Høyet vart køyrt ned til bygda med hest og slede om vinteren. Det gjekk føre seg ein energitransport frå heia og ned til dalen. Husdyrgjødsla vart spadd ned i åkeren, og det gav så god grøde at det ikkje var naudsynt å la jorda kvile i eit vekselsystem. Denne driftsforma var svært arbeidskrevjande og utvikla seg i ein periode der det var overskot på arbeidskraft. Jo fleire slåttekarar som slo høy på heia på seinsommaren, desto fleire vinterfôra dyr kunne ein ha. Større dyreflokkar gav meir gjødsel, og åkerarealet til korndyrking kunne utvidast. Denne driftsforma heldt seg meir eller mindre uendra fram til 1900-talet. Den nye tida kom med Postvegen frå Kristiansand, som stod ferdig fram til Valle kyrkje i 1844, med rutebåt frå Bygland til Ose i 1867 og med jernbane frå Kristiansand til Byglandsfjord i 1896. Frå midten av 1800-talet førde utflytting til Arendal og Kristiansand og etter kvart utvandring til Amerika til mangel på arbeidskraft. Utan eit overskot på arbeidskraft var det ikkje lenger mogleg å oppretthalde den tradisjonelle drifta. Billeg kjøpekorn frå England gjorde korndyrkinga i Valle ulønsam. Kornåkrane vart difor pløgde opp og lagt om til grasdyrking. Dagens gardsbusetnad, tun og innmark er relativt godt ivareteke, medan utmarka mange stader gror att. Dagens Setesdalsveg (riksveg 9) svingar utanom sentrum og over på vestsida av Otra.