Åraksfjorden er ein del av Otravassdraget. Tidlegare var Åraksfjorden skilt frå Byglandsfjorden av ei smal landtunge ved Storstraumen. Det vart bygd eit slusesystem her i 1869 for at rutebåten skulle komme over i Åraksfjorden. I dag er det ingen høgdeforskjell mellom dei to innsjøane fordi Byglandsfjorden er demt opp i samband med vasskraftutbygging. Dei to innsjøane er til saman 37 kilometer og utgjer eit markert landskapstrekk i Setesdal. Gardane i Åraksbø ligg på elveavsetningar aust for Åraksfjorden. Den beste jorda ligg i eit relativt flatt belte langs fjorden. Hovudstrukturen i landskapet er gardane som er plasserte i overgangen mellom elve sletta og bratte bakkar. Gardane ligg plassert i eit skrånande terreng, med beitemark i overkant opp mot skogkanten. Høgare opp i liene ligg grender med yngre bruk. Frå gardane på Åraksbø er det registrert gravminne og funn frå jernalderen i tilknyting til åker og busetnad. Den opphavelege garden i området heitte truleg Årak – og det er etter den bygdelaget har fått namnet sitt. I dei fyrste skriftlege kjeldene frå 1600-talet er den opphavelege Åraksgarden allereie delt i Søndre Haugen, Nordre Haugen, Eldhuset, Stoplestog, Nedstoga og Nordgarden. Jordskiftekartet frå 1865 viser at dei fleste husa på dei fire sistnemnde gardane låg samla i eitt tun. Dette var truleg det gamle tunet til garden Årak. Litt lenger sør låg Haugen, med to åtskilte tun, Søndre og Nordre Haugen. På Nordre Haugen står Haugeburet frå 1217/18. Bygningen står med svalgangar av original breidde og ber ikkje preg av å ha vore flytta eller endra. Frå delinga av garden Haug er truleg like gamal. Bur har tradisjonelt vore i bruk til lagring av mat og tøy, enkelte har også vore nytta til overnatting. Haugeburet er spesielt både fordi det er den eldste kjende trebygningen på Agder, og fordi det er eit uvanleg stort bur i høve til tradisjonen for Setesdal. Buret er også kjent for å ha den særeigne lafteteknikken «findalslaft». Dette området nær kyrka vert lokalt kalla for «Bygda». I heile landskapet er det mange bur, tre av dei er daterte til perioden før 1650. Bygging av bur er del av ein levende tradisjon, og dei er bygde i alle periodar, det aller yngste buret i Åraksbø er frå 1970-talet. Området er eit typisk Setesdalslandskap med eigedomar som samanhengande smale teigar som eit band frå fjord til fjell, med steingjerde og vegetasjon som skil eigedomane Etter utskiftinga rundt 1860 vart matrikkelgardane skilde ut frå fellestuna og vart einskildgardar. På grunn av dei spesielle jordtilhøva, med åkrar ned mot fjorden og eng og beite oppover liene, vart gardane lagde på rekke og rad langs den gamle vegen gjennom grenda. Postvegen vart seinare lagt i same trasé. Systemet med åker ned mot fjorden og eng og beite opp mot liene vart difor oppretthalde, sjølv om gardane ikkje lenger låg samla i felles tun. Dei smale eigedomsteigane som er synlege i dag, er eit resultat av utskiftingane på slutten av 1800-talet. Utskiftinga splitta opp dei gamle fellestuna, men busetnaden ligg likevel tettare enn dei fleste stader i Setesdal. På 1500-talet vart det rydda gardar i meir marginale område høgare oppe i lia, som Segberg og Nordenå. Segberg vart rydda i dalsida, i utmarka til Nordgarden, ein gong på 1500-talet. På veg opp til Segberg låg det på 1870-talet ein husmannsplass. Denne fekk etter kvart namnet «Stasjonen» fordi ein ofte tok ein rast her på veg opp lia. På Segberg finst fleire eldre og godt bevarte bygningar. Nordenå fekk si noverande plassering etter utskiftinga på 1800-tallet. Den skil seg frå gardane nede i «Bygda». Garden ligg meir for seg sjølv med tungdrivne jordbruksareal. I det opne landskapsrommet ned mot fjorden står den åttekanta kyrkja. Der er ho plassert på eit høgdedrag i terrenget, kor det frå før låg ein gravhaug som heiter Gunnulfshaugen. Kyrkja vart flytt frå Sandnes til Åraksbø i 1935. Ho var sett opp på Sandnes i 1844 og har halde på namnet Sandnes kyrkje. Kyrkja står for seg sjølv i eit ope landskapsrom ned mot fjorden. Ein mindre kopi av kyrkja er oppført som kapell på Sandnes. I eldre tider var vassvegen den viktigaste ferdselsåra. Ser ein Åraksbø frå fjorden, ligg kyrkja i framgrunnen, busetnad og dei mest lettdrivne jordbruksareala i midten, og det bratte eng- og beitelandskapet i bakgrunnen. Postvegen var den første ordentlege køyrevegen oppover Setesdal, bygd i 1840-åra, men på vestsida av Åraksfjorden. Denne nye vegen fekk mykje å seie for samfunnsutviklinga i Setesdal. Det ble enklare og raskare å reise og frakte varer til og frå Kristiansand. Åraksbø vart knytt til postvegen via ein sideveg i 1890-åra. Like nord for den sentrale busetnaden er det rester etter ein mur frå eit koparverk frå 1840-tallet. I ein kort periode vart malm frå fleire gruver i Setesdal frakta hit for å bli smelta. Åraksbø var den gongen nært knytt til grenda Frøysnes som ligg på andre sida av fjorden.