• Dovrefjell

    datafangstdato
    • 2023-06-19T00:00:00Z
    forsteDigitaliseringsdato
    • 2023-06-19T12:12:01Z
    id
    • 3198
    informasjon
    • Området er rikt både på fysiske kulturminne og mytar knytte til norrøn tru og nasjonsbygging og historier knytte til busetjing og ferdsel. Noregs opphavsmyte er knytt til Dovrefjell gjennom myten om kong Nor. Dovrefjell og Opplanda er opphavsstaden for nordmennene, staden der urfolka frå det ytste nord slo seg ned og inngjekk ekteskap med etterkomarane av jotnar. Etterkomarane deira er det norske folket. I det orrøne verdsbiletet representerte fjellet det farlege og uregjerlege, og Dovrefjell vart staden der komande kongar og høvdingar måtte overvinne seg sjølv og prøve krefter. I soga om kong Harald Hårfagre som samla Noreg til eitt rike, vart Harald oppfostra i fjellet av jotunen Dovre, brukte kongsgarden Tofte og møtte samekvinna Snøfrid, som han gifta seg med, i Dovrebygda. Symbolsk innvier dette ekteskapet samefolket i samlinga av landet. I realiteten var nok Harald Hårfagres liv og virke i større grad knytt til kysten, men symbolsk og rituelt vel kjeldene i mellomalderen å kople kongen til Dovrefjell. Historia er mytisk, men fortel om den rolla Dovrefjell hadde alt i mellomalder som symbol på kongemakt og rikssamling. Dovre vart nasjonsfjellet med ei historie så metta av urmytar, kongemakt og kyrkjemakt at ho danna utgangspunkt for eiden på Eidsvoll i 1814: «Enige og tro til Dovre faller.» Orda vart sidan slagord for nasjonal patriotisme, sjølvstende og samhald, noko som var særleg viktig i nasjonsbyggingsperioden på 1800-talet og ved unionsoppløysinga i 1905. I det nasjonale medvitet representerer Dovrefjell det evige, uforanderlege, trygge og grunnfesta. Dei arkeologiske spora etter menneskeleg aktivitet på Dovrefjell er omfattande. Langs vassdraga, mellom anna ved Vålåsjøen og Avsjøen, ligg det steinalderbuplassar. Store fangstanlegg med rundt 1200 dyregraver vitnar om villreinfangst i svært stor skala. Funn av ein buplass ved Aursjøen viser samisk aktivitet på Dovrefjell i yngre jernalder, og framtidig registrering og forsking kan bidra til å nyansere bildet av Dovrefjells historie. Ifølgje mellom anna kongesogene var ferdselsvegen over Dovrefjell ein allfarveg og ein hovudveg mellom Austlandet og Nidaros. Pilegrimstrafikken til Nidaros i mellomalderen gjorde at Dovrefjell òg vart ein del av eit nasjonalt og internasjonalt fellesskap, særleg symbolisert gjennom helgenkongen Olav. Vegsystemet i mellomalderen bestod av varderekkjer og vegfar. Frå Dovrebygda gjekk det to vegar over fjellet i mellomalderen – Gautstigen over til Gautsæter og traktene ved Vesle-Hjerkinn og vegen over Hardbakken til Fokstugu. På den sistnemnde strekninga ser vi konturane av endå eldre ferdsel, kanskje så langt tilbake som til eldre jernalder. I området mellom Hardbakken og Fokstugu vart mellomaldervegfaret bygd ut til køyreveg på 1600-talet. I byrjinga av 1700-talet sto Kongevegen over Dovrefjell ferdig som den første offentleg bygde vegen for hest og vogn over eit høgfjellområde. Lokale bønder bygde vegen etter ordre frå generalvegmeistrar. Under ei større utbetring på slutten av 1700-talet tok ein i bruk det franske prinsipp, inspirert frå kontinentet, med betre fundamentering og grøfting, og ideal om rett linjeføring. På 1600-, 1700- og 1800-talet var det fleire store kongeferder over Dovrefjell. Mellom Hardbakken og Fokstugu kan ein kan spore omleggingane av kongevegen fram til og med den siste fasen i 1820. Lengst nord i området, der dalføra frå Gudbrandsdalen og Østerdalen møtest på Hjerkinn, dannar terrenget eit skålforma landskapsrom. Alle generasjonar av ferdselsvegar, frå Gautstigen til kongeveg, jernbane og dagens E6 går ned hit, før dei held fram vidare nordover mot Trøndelag. Kongevegen mellom Dovre og Oppdal blir no lagd til rette som ein samanhengande historisk vandringsveg og er dessutan ein del av dagens tilrettelagde pilegrimsveg. For dei reisande i jernalderen og mellomalderen var tilgangen på husly langs reiseruta viktig. I mellomalderen har truleg Vesle-Hjerkinn vore sentral som fjellstue. Her finst tuftene etter eit sælehus (herberge) datert til 1000–1100-talet. I mellomalderen skal det òg ha stått ei kyrkje på Hjerkinn. Ved dagens Hjerkinn fjellstue ligg ei ny kyrkje frå 1969, bygd til minne om kong Øystein Magnusson (1088–1123), som ifølgje Snorre lét oppføre fjellstue på Dovrefjell. Gamle Fokstugu hadde truleg ein bruksperiode i vikingtida, men har vore mest brukt på 1500–1600-talet. Ei fjellstue vart bygd her på midten av 1600-talet. Alle fjellstuene over Dovre vart brende av norske soldatar i 1718, for å hindre general Armfeldts soldatar i å trengje sørover over fjellet. Fokstugu Fjellstue ligg ved store myrområde som er eksponerte og vêrutsette. I dag finn vi likevel Noregs høgastliggjande heilårsjordbruk her. I liene i fjellet ligg setrar. Jernbanen med Fokstua og Hjerkinn stasjon stod ferdig i 1921, og han følgjer dalbotnen og omtrent same trasé som dagens E6. Ved Hjerkinn stasjon voks det fram eit lite samfunn knytt til jernbanen, til militæret, som etablerte seg med eit stort skytefelt på vestsida av dalen i løpet av 1920-talet, og til Tverrfjellet gruver, som var i drift frå 1968 til 1993. I Øverbygda i Dovre finn vi ei rekkje med freda gardstun, hovudsakleg frå 1700–1800-talet, midtveges oppe i den solvende lia. Skjellstad, Tofte, Budsjord, Skeie/Vigenstad og Øvre Korsvoll ligg alle langs vegfara opp mot Dovrefjell. Den gamle kongsgarden Tofte tronar markant på ei høgde ved elva Einbugga. Nede i dalbotnen nærare elva finn vi Toftemo, som var husmannsplass under Tofte. Landskapet er dominert av ei samanhengande, ganske bratt skrånande dalside dominert av dyrka mark, men med store areal med verdifull naturbeitemark i den øvre randsona mot utmarka, og med karakteristiske bresjøavsetningar i den nedre delen av lia. Gardstuna ligg til dels på toppen av desse avsetningane, dels på rekkje som «midtligardar» lenger oppe i dalsida.
    kommune
    • 3431
    kulturmiljoId
    • K528
    kulturmiljokategori
    • M-KULA
    lokalId
    • 528
    malemetode
    • 81
    navn
    • Dovrefjell
    noyaktighet
    • 500
    oppdateringsdato
    • 2024-06-20T08:45:54Z
    opphav
    • Riksantikvaren, Hovedkontor
    versjonId
    • 20230126