Den frodige Grimsdalen er ein lang seterdal med store biologiske og kulturhistoriske verdiar. På begge sider blir dalen ramma inn av dei høge toppane i Rondane og på Dovrefjell. Gjennom dalen renn elva Grimse austover til Folla, og topografisk sett er Grimsdalen ein sidedal til Folldalen. Men som seterdal høyrer han kulturhistorisk til Dovre i vest. Karakteristisk for dalen er at det er lite nedbør, forholdsvis varme somrar til å vere eit fjelldalføre og svært kalde vintrar med tynt snødekke. Dalen har ei brukshistorie som går 4000 år tilbake i tid. Over 50 setrar fordelte på sju ulike setergrender har vore i drift her. Tufter på to øydesetrar er daterte til 1400–1500-talet, noko som knyter området til tidleg historisk seterdrift. Undersøkingar av vegetasjonen viser spor etter beite frå byrjinga av 400-talet e.Kr., medan det i Haverdalen like sør for Grimsdalen er funne spor etter beite alt i yngre bronsealder (1100–500 f.Kr.) og forsøk på korndyrking så tidleg som 500 f.Kr. Ei intensivering i dyrkingsspora frå 700-talet e.Kr. kan tyde på meir fast busetjing i området. Det er fleire gravhaugar i området, og det er gjort gjenstandsfunn frå graver. I jernalderen vart folk òg gravlagde i naturlege haugar eller morenar og under flatmark utan synlege markeringar. Det kan derfor vere mange fleire gravminne frå denne perioden enn dei vi kjenner til i dag. Dei mest omfattande arkeologiske spora i Grimsdalen er knytte til jakt og fangst på rein, og innanfor området finn vi to ulike former for fangstanlegg – rekkjer med fangstgroper, og rusefangstanlegg. Ei lengre rekkje med fangstgroper strekkjer seg i dalsida aust og vest frå Grimsdalshytta, plasserte på avsatsar og rabbar i den svake skråninga. Rekkjene følgjer det boga terrenget, og forma på anlegget tyder på at det har vore brukt til å fange rein som har kryssa Grimsdalen på veg mot vinterbeite. Fangstgropene var i bruk alt i yngre bronsealder og fram til Kristi fødsel. Dette er tidlege dateringar for ein type anlegg som vanlegvis er frå yngre jernalder og tidleg mellomalder. Lenger vest er landskapet trongare med bratte fjellsider med ur og rasmark. Her stig dalføret bratt opp mot Vegaskilet, der landskapet opnar seg med slake, lavkledde høgder og ryggar, før terrenget bikkar ned mot Gudbrandsdalen. Her ligg det store massefangstanlegget på Einsethø, eit stort rusefangstanlegg som er strategisk plassert i ein sentral passasje for reinen når han kryssar Grimsdalen. Dette rusefangstanlegget er frå yngre jernalder eller tidleg mellomalder. I tilknyting til anlegget er det ei samling tufter som har ein bruksfase frå folkevandringstida og fram til høgmellomalderen (ca. 400–1270 e.Kr.).
Arkeologar har undersøkt tuftene og tolka dei som ein fangstbuplass som i alle fall i seinare bruksfasar er knytt til massefangstanlegget. Med unntak av Verkjessætre, i den tronge dalbotnen i vest, ligg alle setrane i den austre delen av dalføret, der dalbotnen er vid med relativt store elvesletter. Her er dalsidene forholdsvis slake og stig opp mot toppar og fjellryggar på 1300–1500 meter over havet. Setrane ligg i den sørvende solsida av dalføret, og hovudsakleg i område med næringsrike bergartar med glimmerskifer og fyllitt i nord. Bygningsmiljøa i setergrendene er godt bevarte med mange bygningar frå 1700–1900-talet, og fleire av dei eldste bygningane har framleis eit opphavleg preg. Fram til slutten av 1930-åra vart det praktisert ei form for vintersetring (kalla vårlego) i Grimsdalen. Eigarane reiste til fjells i mars og var her samanhengande til september. Denne spesielle forma for setring kan enno avlesast i utforminga av enkelte bygningar, mellom anna store fjøs og seterhus med to
matbuer, der den eine bua har peis. Seterområda blir i dag skjøtta gjennom systematisk beiting, både for å verne det biologiske mangfaldet og hindre eller reversere attgroing. Grimsdalen har vore ei viktig eldre sambandslinje mellom Gudbrandsdalen og Østerdalen, og det finst spor etter både kløvvegar og enkle køyrevegar på begge sider av dalføret. Eit stykke vest for Grimsdalshytta ligg Pundervangen, der folk kvart år samlast til marknad. Denne tradisjonen kan strekkje seg langt tilbake i historia, men det er førebels ikkje funne arkeologiske eller skriftlege kjelder som har kunna avklare kor lenge marknaden har vore i bruk.