Fjellbygda Lesja ligg på 500–650 meter over havet, og den terrasserte dalbotnen vart danna av bredemde innsjøar på slutten av siste istid. Aust og vest for dagens Lesja sentrum låg opphavleg dei to nesten samanhengande vatna Siemsvatnet og Lesjavatnet. Vatna var grunne og svært gode fiskevatn. Eit grunneigarmøte i 1855 vedtok å prøve å tappe ut dei to vatna for å kunne bruke innsjøbotnen som jordbruksland. Behovet for større jordbruksareal var stort, etter sterk folkevekst i bygda i første halvdel av 1800-talet. Planen var at viss ein gjorde Bottemsstraumen i aust djupare, så ville dei to innsjøane gradvis tappast ut av seg sjølv. Arbeidet med å tappe vatna gjekk føre seg i 1857–65. Demning, dammar og veiter skulle sørgje for at vatnet
tok rett veg under tappinga, men arbeidet vart meir komplisert og kostbart enn venta. I 1863 var Lesjavatnet senka med 11,8 fot, og ein kunne byrje å ta i bruk nytt jordbruksland i aust, men i vest var det framleis mykje vatn. Misnøya var stor – knytt til ufullstendig drenering, tapt fiske, årleg flaum og sandflukt frå dei nye jordbruksareala. Ei stund vart det diskutert om det kunne vore mogleg å demme vatna opp igjen. Frå 1870-åra tok naturen sjølv seg av mykje av det vidare arbeidet med nedtapping, og Siemsvatnet var til slutt redusert til ein firedel av opphavleg storleik. Områda som vart drenerte fram frå Siemsvatnet, vart kalla Lesjaleira. Jordbrukslandet hadde utover 1900-talet framleis utfordringar med flaum, og enkelte område var sumpmark. Først etter at det vart bygd eit betydeleg flaumverk 1976–84, vart areala fullt brukbare som jordbruksland. Tiltaket kom i stand etter at eit utval med representantar frå stat, fylke, kommune og grunneigarar la fram eit forslag om flaumsikring, kanalisering og oppdyrking for 66 eigedommar. Etter 1976 er det nydyrka omkring 7000 dekar fulldyrka jord på Lesjaleira, noko som utgjer 20 prosent av det totale dyrka arealet i Lesja. Dette utgjer ei betydeleg styrking av driftsgrunnlaget for gardane her, gjennom grasproduksjon og kulturbeite. Flaumverket som kontrollerer vatnet, er 11,5 km langt og følgjer Lågen og Lora. Det er høgt nok til å ta laumtoppane og er delvis bygd som kombinert forbygging og veg. Kanalar er laga langs heile den sørlege dalsida for å samle opp tilsiget frå skoglia i sør. Flaumverket på Lesjaleira er det største enkeltanlegget som er gjennomført med støtte frå Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE). Anlegget er eit av NVEs utvalde kulturminne og representerer ein viktig del av vassdragshistoria. I samtida vart arbeidet sett på som svært framtidsretta, men ifølgje NVE ville det aldri ha vorte gjennomført i dag. Det er ofte sterk vind i det opne landskapet i dalen. Det har derfor vore tradisjon for å setje opp tverrgåande skigardar og leplantingar, som både har verna snødekket som gav fukt utover våren, gitt le til avlinga og hindra vinderosjon om våren. Leplantingar vart vidareførte i samband med nydyrkinga. Dei fortel både om den praktiske forvaltninga av jordbruksjorda og om eigedomsforholda i dei nye områda som kom fram under vatna. Delar av området er framleis åtmark, og det finst òg enkelte lommer med flygesand og skog. Det varierte landskapet bidreg til eit mangfaldig og rikt dyreliv. Formålet med dreneringa og flaumsikringa var tilvekst av jordbruksjord. Den nydyrka jorda utgjer det viktigaste aspektet ved dette kulturhistoriske landskapet, sett i samanheng med gardane som i si tid fekk nytt areal.