Strynefjellet er eit høgfjellsområde med høge toppar
og tindar opp mot 2000 meter over havet, som skil Vestlandet og Austlandet. Vegfar frå ulike periodar viser korleis ein først har valt enklaste og tryggaste veg til fots og med hest, deretter den traseen som gjorde det mogleg å kome seg fram med hestekarjol
og sidan bil. Til slutt ser ein korleis moderne tunnelteknologi gjorde det mogleg å velje ein trasé om i utgangspunktet var uframkomeleg. Frå 1500-talet og fram til slutten av 1800-talet vart ruta frå Sunndalen inst i Oppstryn og opp Kamperhamrane brukt som drifteveg. Driftekarar frå Nordfjord reiste til austlandsbygdene med storfe og småfe, eller med hest til fjordingsmarknadene i Gudbrandsdalen. Gudbrandsdølane drog motsett veg for å selje mellom anna tjøre og bek. Det kan ha vore denne ruta ein flokk baglarar følgde over fjellet til Olden i Stryn i ei ferd som blir skildra i kong Sverres saga frå 1100-talet. Vegane over fjellet blir òg skildra i dokument frå 1400-talet, med instruksjonar om kva gardar som hadde ansvar for vedlikehald av vegane, og for nedfrakting av dei som døydde på ferda over. Vestfrå kryssar ein grensa til Innlandet i Merradalsbotn, ved vasskilet mellom Aust- og Vestlandet. Ein brearm av Sikilbreen låg på 1700- og 1800-talet i botnen her, og vegfaret er derfor ikkje så tydeleg. Vidare austover passerer ein Ytste og Nedre Leirvatnet før ein kjem ned til den sjølvbetente DNT-hytta Skridulaupbu i vestenden av Rauddalsvatnet. Fleire stader i Rauddalen er det spor etter tidlegare tiders sauegjeting, jakt og fiske. Frå Raudberget i austenden av vatnet ser ein mot Sjømannssletta og Framruste, ein viktig møteplass for dei som kom vestfrå, og fjellfolket frå Skjåk. I 2015 vart ferdselsvegen over Kamperhamrane del av Riksantikvaren og DNT sitt felles prosjekt «Historiske vandreruter». Ein annan viktig kløvveg går langs Heillstuguvatnet, til Glittervatnet og vidare mot Bråtågrenda. Då turistnæringa vart etablert i fjordbygdene på slutten av 1800-talet, kom dei første tankane om ein køyreveg over Strynefjellet. Jernbanen vart stadig forlengd oppover Gudbrandsdalen, og turistvertane i Stryn og Geiranger såg potensialet for attraktive turistruter med mellom anna karjolskyss over fjellet. Lokale krefter og svenske rallarar sette i gang det tunge arbeidet i 1881. Gamle Strynefjellsvegen går frå Hjelle i Oppstryn, i mange svingar mellom Skora og Videsæter, gjennom Videdalen, langs Langvatnet og
ned til Grotli. Vegen stod i ferdig i 1894. Dei første åra var ferdselen organisert med skysstasjonar og hesteskyss. På austsida vart det etablert ein skysstasjon på Grotli, som etter kvart vart bygd om til turisthotell. Til Grotli kom også vegen frå Geiranger mot Skjåk, som vart opna i 1889. Eit parti av Gamle Geirangerveg er godt bevart på nordsida av rv. 15 mellom Langvatn og Grotli, med m.a. tørrmurte vegmurar og brukar. Gamle Strynefjellsveg og Gamle Geirangerveg vart kalla «Lomsvegane» og vegdirektør Hans Hagerup Krag var sentral i etablering av begge. Gamle Strynefjellsveg er i stor grad slik han var på slutten av 1800-talet, med grusdekke, handlaga murar og stabbesteinar. Langs vegen kan ein sjå spor etter eldre kløvstiar, og dessutan steinheller som reisande brukte til overnatting. I dag har vegen stor turisttrafikk, og han blir òg brukt som transportveg til hytter og til friluftsliv knytt til jakt, turgåing, sykling og aktivitetar ved Stryn Sommerskisenter. Gamle Strynefjellsveg er ein av 18 vegstrekningar under Statens vegvesen si satsing på Nasjonale turistvegar og er berre open for ferdsel på sommaren. Den nye Strynefjellsvegen/rv. 15 stod ferdig i 1978. Før dette var den gamle og vinterstengde vegen det einaste ferjefrie sambandet mellom Austlandet og Nordfjord. Fram til snøfresaren kom i 1950, måtte vegen opnast for sommaren med handmakt og spade, og arbeidslag på opptil 100 mann jobba frå kvar side til dei møttest på fjellet, ofte ikkje før i midten av juni. Vegen var då gjerne open i omtrent fire månader. Både poststellet og Forsvaret hadde reist krav om heilårsveg heilt sidan Strynefjellsvegen stod ferdig, og planane for ein trasé gjennom Grasdalen og Breiddalen til Grotli var klare alt i 1949. Ein alternativ trasé gjekk gjennom Rauddalen. Etter mange år med arbeid for å få på plass finansieringa starta vegarbeidet i 1969, langs den såkalla «Grasdalslina», med tre tunnelar.