• Nordherad

    datafangstdato
    • 2023-06-19T00:00:00Z
    forsteDigitaliseringsdato
    • 2023-06-19T12:14:51Z
    id
    • 3202
    informasjon
    • Nordherad er eit aktivt jordbruksområde der hovudtyngda av gardsbusetnaden ligg i to «etasjar» – nær Vågåvatnet på 362 meter over havet og på nedsida av utmarka på omkring 700 meter over havet. Mellom dei to nivåa er det bratte lier med beitemark og skog. Tilnærma alt jordbruksareal er i drift. Dei to setergrendene Nørdre og Søre Nistingen ligg på omkring 900 meter over havet. Landskapet i den austre delen av området er prega av tørre einerbakkar som blir nytta som beite, i mosaikk med mindre skogsområde og flatare område med dyrka mark. Geologi og klima har gjort området attraktivt som beite, medan lite areal eignar seg til fulldyrking. Det ekstremt nedbørfattige klimaet og den næringsrike, kalkhaldige berggrunnen gir grunnlag for ein artsrik «steppevegetasjon». Særleg dei sjeldne lavartane og tørrbakkane er unike og saknar sidestykke i Europa. Kalkfuruskogar og kulturmark vart verna i naturreservata Sandehorten og Vistehorten i 1993. Funn frå steinalderen og bergkunst i form av skålgropfelt frå bronsealderen eller eldre jernalder vitnar om tidleg aktivitet i området. Gardsnamn, tufter og gravhaugar i området tyder på nydyrking og auka busetjing i jernalderen. Særleg interessant er eit felt med gravminne, rydningsrøyser og tufter ved garden Visdal. Det er kjent ei rekkje gjenstandsfunn frå jernalderen og mellomalderen. I tillegg finn ein spor etter jernutvinning i området, og andre kulturminne frå ulike periodar, som kleber- og skiferbrot, fangstanlegg, spor etter bergverksdrift, ferdselsvegar og ei fangstgrop for ulv. Lokal kleber har vorte utnytta til mellom anna omnar, peisar og gravminne. Dei mange vassveitene i området fortel historia om vilkåra for jordbruksdrift i eit svært tørkeutsett område, medan steinmurar og rydningsrøyser viser busetjing og drift i bratt og steinrikt terreng. Ein vesentleg del av kulturminneverdiane i Nordherad knyter seg til det store volumet med verneverdige gardsbygningar i lafta tømmer. Grenda har ei rekkje flotte bygningsmiljø i form av gardsanlegg, seteranlegg og rydningsplassar med hus frå 1700- og 1800-talet. Karakteristisk for området er at bygningane dannar tydelege og tette tun i landskapet, og at det i tillegg til bustadhus framleis er bevart mange mindre uthus med ulike funksjonar. Dei klimatiske forholda har bidrege til gode bevaringsforhold for gardsbusetnaden. Området har Noregs tettaste samling av freda landbruksbygningar, med 38 hus fordelte på seks gardstun. Frå fleire av dei store gardane vart det frådelt til saman tolv bureisingsbruk i første halvdel av 1900-talet. Heile vestre del av området er bygde- og statsallmenning. Her er spreidde, små areal rydda til små, sjølveigde gardsbruk, medan området samla sett i hovudsak er bratt, blokkrikt og delvis dekt av rasmassar og steinur. Rydningsplassane her illustrerer dei store sosiale forskjellane som prega grenda på 1800-talet. Frå omtrent 2000 har det grunneigarstyrte Nordheradsprosjektet arbeidd aktivt for å ta vare på og utvikle natur- og kulturverdiar og grendemiljø. Området er tilrettelagt for rekreasjon og friluftsliv gjennom rydding, merking og skilting av stiar og gamle vegar. Det er òg etablert overnattingstilbod. Lokale formidlarar har god kunnskap om tradisjonell bruk, natur- og kulturverdiar.
    kommune
    • 3435
    kulturmiljoId
    • K532
    kulturmiljokategori
    • M-KULA
    lokalId
    • 532
    malemetode
    • 81
    navn
    • Nordherad
    noyaktighet
    • 500
    oppdateringsdato
    • 2024-06-20T08:45:54Z
    opphav
    • Riksantikvaren, Hovedkontor
    versjonId
    • 20230126