Området er prega av dalar med bratte lier og høge fjell med toppar på over 2000 meter over havet, og ligg mellom Jotunheimen og Breheimen. Fjellformasjonane har både massive, avrunda former og skarpe alpine ryggar og tindar. Ferdsel gjennom dalen har vore viktig for kontakt og handel mellom innland og kyst. Frå Bøverdalen går varda vegfar over fjellet mot Vestlandet. Ei rute følgjer dagens Nasjonal turistveg Sognefjellet (Statens vegvesen) langs fv. 55 sørover mot Luster, medan ei anna rute går lenger nordvest via Høydalen. Frå Bøverdalen var det òg vegfar over til Valdres, via Visdalen og Utladalen til Vang og vidare til Filefjell. Det var dessutan ferdsel frå Lundadalen i Skjåk og over fjellet til setergrenda Neto i Bøverdalen, der Skjåks-garder har setrar. Nede i dalen er restar etter eldre kløv- og ridevegar bevarte i det tronge passet Geidde, like sør for Galdesanden. Gardane i området var pålagde eit arbeidskrevjande ansvar for vedlikehald av vegstrekningar både mot nabobygder og over fjellet. I tillegg skulle dei sørgje for å frakte reisande som døydde, ned frå fjellet, og sørgje for kvileplassar med beitemoglegheiter oppover dalføret. Funn og gardsnamn peikar mot fast busetjing, i alle fall i midtre og nedre del av dalen, alt i jernalderen. Det er gjort funn frå jernalderen heilt oppe ved Dalsvatnet på 750 meter over havet, noko som kan tyde på ei høgtliggjande busetjing alt då. Jakt, fangst og utnytting av utmarksressursar går betrakteleg lenger tilbake i tid. Dalen er utsett for ras, og både tradisjon og tufter viser at gardar har vorte flytta som ei følgje av rasfaren. Klimaet er prega av varme, men korte somrar. Dei høge fjella gjer at det er lite nedbør, og det har vore nødvendig å føre vatn frå fjellet for å kunne drive jordbruk. Gardsbusetjinga har fordelt seg på fem hovudområde i dalen – Nedredalen, Medalen, Galdebygda, nedre del av Leirdalen og Runningsgrende. Den faste busetnaden strekkjer seg til Kvandalsvoll på 715 meter over havet.
I området er det ei rekkje store og markante gardstun, mellom anna det freda gardstunet på Sulheim med bygningar frå 1500–1800-talet. På Nørdre og Søre Marstein står det to langloft frå mellomalderen. I tillegg er det mange tidlegare husmannsplassar på meir marginale område. Dei fleste husmannsplassane er no nedlagde, eller har berre nyare bygningsmasse. Det er seterområde i dalsidene i Bøverdalen, i Visdalen, rundt Neto seter og i Høydalen. Fleire godt bevarte, lange og intrikate vassveiter i området har ført vatn ned frå fjellet og spreidd det ut til dei ulike gardane. Slike vatningssystem som er bygde av tømmerstokkar, er karakteristiske for dei svært nedbørsfattige områda i Nord-Gudbrandsdalen. Dei har ikkje berre sikra avlingane, men også gitt overskot av korn i gode år. Bordvassvegen fører vatn frå rundt 1450 meter over havet oppe i sørsida av Lomseggje, og 1000 meter ned til ni av gardane i nedre Bøverdalen. Det krevjande anleggsarbeidet vart utført i 1830-åra av spesialisten «Vass-Per» frå Skjåk. I dag blir stien langs vassvegen brukt som kultursti. Fleire av vatningsvegane er framleis i bruk og utgjer ein viktig del av jordbruksdrifta. Som innfallsport til Breheimen og Jotunheimen er området viktig i den tidlege fotturismen, og turisme vart ei viktig tilleggsnæring. I dalen finn vi turisthytter som Elveseter, Raubergstulen, Bøvertun, Høydalsseter og Jotunheimen Fjellstue. Her har både gardar og setrar teke imot dei første turistane, og fjellstuene har seinare utvikla seg til reine turisthytter. Garden Røysheim hadde ein av dei første turiststasjonane i landet i pionertida for norsk fjellturisme på slutten av 1800-talet og har vore eit viktig utgangspunkt og kvilestad for tindeklivarar, klatrarar og fjellvandrarar. Hit kom den kjende britiske tindeklivaren William Cecil
Slingsby fleire gonger, og staden tiltrekte seg også forfattarar og kunstnarar som Gude, Grieg, Ibsen, Thaulow, Vinje, Garborg og Munthe. Heile gardsanlegget, med bygningar hovudsakleg frå 1700–1800-talet, er freda.