I nedre del av Heidal, nedanfor tettstaden Bjølstadmo, flatar dalbotnen ut og gir plass til jordbruksareal frå elva og eit stykke oppover i lia. Ovanfor Bjølstadmo er dalen markert med bratte, skogkledde skråningar ned mot elva og jordbruksareal på dei litt flatare areala lenger oppe i lia. På Leirflaten og innover Murudalen vidar dalbotnen seg kraftig ut og går gradvis over i slakare lier opp mot fjellet. Det er få kjende arkeologiske spor i området, men det kjem truleg av manglande arkeologiske undersøkingar. Kjende spor, som fangstgroper og gravfunn, kombinert med ressursar og naturlege føresetnader, gardsnamn og busetjingshistorie i mellomalderen, tyder på at dalen var busett i jernalderen. Karakteristisk for den nedre delen av Heidal er dei mange store gardstuna med tømmerbygningar på rekkje og rad i dalsida. I den siste istida låg det ein bredemd sjø her, og strandlinja etter sjøen viser seg som ei markant hylle i dalsidene. Mange av dei gamle gardane ligg på denne hylla, med åkrar i bakkane både ovanfor og ned mot dalbotnen. Jorda har gjennom tidene vore samla på få bruk, og husmannsvesenet varte lenge. Den sosiale lagdelinga mellom storgardane, mindre bruk og dei mange husmannsplassane er framleis synleg i eigedomsstrukturen, gjennom plassering på ulike høgder i landskapet. I dag er få av plassane bevarte, men mange ruinar i området viser omfanget av både husmannsplassar og småbruk. Innanfor området ligg til saman 96 vedtaksfreda bygningar frå 1700- og 1800-talet fordelte på 14 gardstun og tre tidlegare husmannsplassar, med bygningar knytte til ulike funksjonar. Eit bruk kan ha to stuebygningar, tømmerlåve, storfefjøs, grisehus, sauefjøs, geitefjøs, stall, loft, stabbur, eldhus, smie, kvern og fleire utløer. På enkelte gardar finst meir enn 20 bygningar. I tillegg til dei freda bygningane er mykje av busetnaden i Heidal verneverdig. Nær gardane er det mange førekomstar av artsrik naturbeitemark. Sentralt i bygda ligg Heidal kyrkje frå 1941, ein tru kopi av kyrkja frå 1752 som brann i 1933. Ved kyrkja står gamle Bjølstad kapell, oppført på Bjølstad i 1531, med portalplankar frå den eldste kyrkja i Heidal, ei stavkyrkje frå 1000-talet. Desse portalplankane har truleg den eldste treskurden i landet. Setrane finn vi høgt oppe i lisidene på begge sider av dalføret heilt inn til Murudalen. Ifølgje tradisjonen skal dei første setrane ha lege i områda nær bygda. Etter kvart som det vart fleire bruk og fleire dyr, vart setrane tekne i bruk til fast busetjing, og det vart bygd nye setrar lenger unna, heilt opp til Holsætrin og Stålane i Murudalen. I høgtliggjande skogsområde frå Leirflaten og inn i Murudalen var det omfattande bureising i mellomkrigstida og i åra etter andre verdskrigen. I 1937 vart heile 6000 mål lagde ut til bureising, og ryddinga starta i 1939. På 60-talet kom ei ny bølgje med bureisingar. Landskapet er elles prega av grasproduksjon og beite i dei brattaste partia og i områda opp mot skogen. Dette er mest utprega på solsida, medan det på baksida er fleire nyryddingsområde med lite utmarksbeite. I seterområda er det ei blanding av kulturenger og gamle setervollar. På elveslettene rundt Leirflaten er det utmarksprega beite på furumoar.