I øvre del av området ligg det lange, smale vatnet Gjende med Øvre og Nedre Leirungen i sidedalar, omgitt av toppar på rundt 2000 meter over havet. Her er Besseggen, med bratt og luftig utsikt ned i det grøne Gjende i sør og det djupblå Bessvatnet i nord. Området nedover Sjodalen, Griningsdalen, Russdalen og Randsverk byr på mildare terreng og er prega av spor etter breelvar frå siste istid. Dei mange eldre spora frå steinalderen og fram til nyare tid viser at utmarksressursane i området har vore viktige for menneske som var busette i Gudbrandsdalen og i fjellområda. Seterhus, steinbuer og fangstanlegg fortel om jakt, fangst og setring. Då vitskapsfolk, kunstnarar og dei første fotturistane fekk auga opp for fjellet ved midten av 1800-talet, var traktene rundt Gjende eit av dei områda som først fekk besøk. Dei urbane gjestene frå England og Kristiania fekk hjelp av bygdefolket. Kjende namn her er mellom andre Petter og Jens Tronhus, som var fjellførarar, reinjegerar og etter kvart turistvertar. Sjodalen var eit viktig seterområde, og i starten tok fotturistane inn på setrane og i steinbuer inne i fjellet. Etter kvart vart det lagt betre til rette for overnatting på fleire av setrane ved Gjende og i Sjodalen. Enkelte av dei utvikla seg seinare til turiststasjonar og fjellhotell. Ved Gjendeosen hadde den legendariske reinjegeren og fritenkjaren Jo Gjende bua si. Her møttest bygdefolk, overklasse og kunstnarar. Henrik Ibsen gav ut skodespelet Peer Gynt i 1867, og bukkerittet over «Gjendineggen», inspirert av Besseggen eller Knutshø, bidrog til å marknadsføre denne fjellheimen ytterlegare. Gjende var det store målet for reisa i den engelske boka Tre i Norge ved to av dem, ei av dei mest kjende reiseskildringane frå den tidlege turismen på 1800-talet. Ruinen av Blackwellbua ved Russvatnet er eit minne etter den engelske general Blackwell, som brukte mykje tid i fjellet her. DNT, etablert i 1868 med bankier og friluftsmann Thomas Heftye som ein av initiativtakarane, fremja turismen i fjellet. Heftye hadde nær tilknyting til området og til «Sikkelsdalens interessentselskab», som etablerte Bessætra som den første turiststasjonen i Aust-Jotunheimen. DNT etablerte Gjendebu i 1871. Same år vart Gjendine Slålien fødd i eit steinbygd setersel her. Heile livet sitt var ho budeie i fjellet. Ho møtte Edvard Grieg, og folkesongen hennar inspirerte komposisjonane hans – best kjend er Gjendines bådnlåt. DNT varda Noregs første fotturistrute frå Bessætra i Sjodalen over Veslfjellet og Besseggen til Memurubu i 1874, og seinare vidare til Gjendebu. Alle dei nemnde turisthyttene har sidan fått nybygg eller utvidingar i fleire omgangar. Gjendebu og Memurubu ved Gjende høyrde til gardar i Lom. Setrane i Sjodalen og Griningsdalen tilhøyrer gardar i Vågå og er kjerneområdet for den norske tradisjonen med vintersetring. Setrane slik vi kjenner dei i dag, er truleg frå 1700-talet. Enkelte av dei ligg fem–seks mil frå garden. I staden for å køyre fôr ned til garden dreiv bøndene buskapen tilbake til fjells i november for å utnytte fôret der – kalla «vinterlego». Vintersetringa kravde store fjøs med plass til å lagre fôr og store sel med fleire matbuer. Mange av fjøsa har eit høgare midtparti med eit såkalla «måsåtrev» til å tine mose, som var ein viktig del av vinterfôret. Turen opp til dei inste setrane tok to dagar. I området finst bevarte seterhus, fiskebuer og kvilesetrar som tilhøyrer freda og verneverdige gardstun nede i bygda. Her er òg parti med artsrik naturbeitemark. I Randsverk, som ligg omtrent halvvegs mellom setrane og gardane, var det «kvilingsseter» med hus og fjøs der dei kvilte. Seterområdet er svært godt bevart, med slåtte- og beitemark og seterbusetnad. Sagbruket til Langmorkje allmenning vart etablert her i 1901. Det er framleis i drift og er ein viktig arbeidsplass for folk i Randsverk. På sørsida av Gjendeosen, vis-a-vis Gjendesheim, er eit unikt kulturhistorisk miljø med stor tidsdjupn. Her
er fleire steinalderbuplassar, restar etter ein gravhaug og eldre jakt- og fiskebuer, mellom anna bua etter Jo Gjende. Tidleg på 1900-talet vart villreinen utrydda i Jotunheimen, men det er mange spor etter den gamle villreinfangsten. Over 550 dyregraver og fangstgroper vitnar om storstilt reinfangst. Framleis beitar det rein i Sjodalen, etter at Vågå tamreinlag vart oppretta i 1942. Dette bidreg til opplevinga av landskapet og dyrelivet i fjellheimen. Sommaren 1943 dreiv okkupasjonsmakta militærtrening i Sjodalen. Det er anteke at det var godt over tusen mann i området. Offiserane hadde hovudkvarter ved Gjendesheim, og det er fleire krigsminne i nærleiken. Teltplassar og øvingsfelt låg i Leirungsdalen, sør for området. Ei rute mellom Gjende og Bygdin er med i Historiske vandreruter (DNT og Riksantikvaren), og Nasjonal turistveg Valdresflye (Statens vegvesen) går gjennom området.