Denne delen av Gudbrandsdalen er karakterisert av store og samanhengande landskapsrom. I området ligg eit mindre rom i sør, rundt Fryasletta, med bratte, rasutsette sider. I nord opnar landskapet seg i det store rommet rundt Hundorp og grenda Ryssland, før dalen igjen snevrar seg inn rundt Harpefoss. Det ligg i ei solvend, svakt skålforma, høg li, med markerte dalhyller som bryt opp det hallande terrenget. Godt jordsmonn og eit terreng som passar godt til dyrking, har gitt grunnlag for åkerbruk og husdyrhald. Her er fleire store gardar på eit forholdsvis lite område. Ein viktig føresetnad for den rike ressurstilgangen er Harpefossen rett vest for området, som ligg som ein effektiv flaskehals i Lågen. Fossen har bidrege til eit rikt fiske og vore eit trafikknutepunkt i skiftet frå elvebasert til landbasert ferdsel vidare nordover – viktige supplement til det tradisjonelle jordbruket både på Hundorp og i Rysslandgrenda. Området er blant dei eldste busetjingsområda i Gudbrandsdalen, og garden Hundorp var i lang tid eit viktig politisk og religiøst maktsenter. I området rundt Hundorp finn vi eit monumentalt gravfelt frå jernalderen, med seks store gravhaugar og to steinleggingar. I soga om Olav den heilage beskriv Snorre møtet mellom kong Olav og hersen Dale-Gudbrand på garden i 1021. Ein av mennene til kongen skal ha knust ein Tors-figur med klubba si, og møtet representerer etter tradisjonen eit vendepunkt i kristninga av Noreg. I mellomalderen vart både den verdslege og religiøse maktbasen flytta til området Steig–Alme, som ligg lenger oppe i lia. Steig var kongsgard, og i soga om Håkon Håkonsson blir det fortalt at kongen lét byggje ein veitslehall her.
Funn av ei skaftholøks frå yngre steinalder på prestegarden i Sør-Fron vitnar om tidleg jordbruk. Tidlegare trudde ein at den eldste jordbruksbusetjinga i Gudbrandsdalen låg omtrent midt i den solvende lia. Men etter utgravingane i samband med ny E6 vart det slått fast at det var gardsbusetjing i dalbotnen i bronsealderen og eldre jernalder. Nærleik til elv og flaumfare ser ikkje ut til å ha påverka val av bustad. På Fryasletta viser fire meter tjukke lag korleis jordbruksland ei rekkje gonger er dekt eller øydelagt av ras og flaum, og rydda og dyrka på nytt fleire gonger. Førestillinga om eit fåtal «urgardar» som har vore splitta opp i mindre einingar ved befolkningsauke, har òg måtta vike for eit meir komplekst bilete. Funn vitnar om stor mobilitet og om flytting av tun i landskapsrommet. Heile landskapet synest å ha vore langt meir intensivt utnytta enn ein har trudd tidlegare. Det fanst fire kyrkjer eller kapell i området i mellomalderen, på gardane Steig, Alme, Listad og Kjorstad, men ingen av dei er bevarte. Dagens åttekanta Sør-Fron kyrkje, innvigd i 1792, ligg godt synleg på ei høgde ovanfor Hundorp. På 1700- og 1800-talet var Sør-Fron òg eit militært senter med ekserserplass og sjefsgard. Området har alltid vore viktig som eit knutepunkt for ferdsel gjennom Gudbrandsdalen. Hovudvegen har hatt skiftande trasé til ulike tider, i samanheng både med lokale maktforhold og kravet styresmaktene hadde til linjeføring og standard. Dagens tilrettelagde pilegrimsveg går gjennom heile området, og delar av denne traséen var i bruk alt i mellomalder. På 1600-talet vart det organisert skysstell i området, og det har vore skysstasjonar på mellom anna Hundorp, Oden, Listad, Grytting, Veslhove og Jensbakken. Jernbanen kom til Sør-Fron i 1896 og førte mellom anna til etablering av hotell på Hundorp. Eit særtrekk ved landskapet i dag er dei store gardstuna som Hundorp (Dale-Gudbrands gard), Steig, Grytting, Alm, Hove, Rolstad og Kjorstad. Gardane har eldre bygningsmasse som ligg godt synleg i terrenget på markerte terrenghyller i fleire høgder. Det er lite eller ingen spreidd busetnad mellom tuna. Mange av gardane og dei tidlegare husmannsplassane har tradisjonell tømmerbusetnad frå 1700- og 1800-talet. Samtidig er det mange døme på panelarkitektur frå 1800-talet. Det finst to freda mellomalderloft på gardane Sygard Forr og Sygard Grytting. Dagens tettstad har vakse fram på ein terrasse nedanfor Sør-Fron kyrkje, i tilknyting til den gamle kongevegen og gamle E6 (i dag fv. 2522). Dei mange steingardane som omkransar jorde i området, og dessutan solide murar på begge sider av geiler og vegar, vitnar om det store rydningsarbeidet som er utført gjennom tidene. Det er verdifulle og artsrike kulturpåverka naturtypar i området, mellom anna knytt til naturbeitemark og slåttemark.