Ved Kyrkjestølane går vasskiljet mellom Aust- og Vestlandet, med vassdrag som endar i Sognefjorden i vest og Tyrifjorden i aust. Dalføret over Filefjell ligg på omtrent 1000 meter over havet og er prega av vassdrag, fuktige myrar og tørre ryggar. Terrenget i landskapet er skålforma, med Otrøvatnet i aust. Dalsidene i sør er slake, med store myrdrag, medan nordsida er bratt, blokkrik og delvis heilt dekt av steinur. Fjella rundt går opp mot 1500–2000 meter over havet. Som den første offentleg bygde køyrevegen mellom aust og vest stod Den bergenske kongevegen ferdig på slutten av 1700-talet. Vegen fekk mykje å seie for ferdselen mellom landsdelane.
Seinare har riksveg og europaveg avløyst Kongevegen. Ferdselshistoria går langt tilbake. Ei rekkje spor viser ferdsel i steinalderen. I jernalderen var det fast busetjing her, og faste ferdselsvegar over Filefjell. Valdres var eit tyngdepunkt for jernutvinning i yngre jernalder og tidleg mellomalder, med dette området som eitt av fleire kjerneområde. Tydelege spor i terrenget etter kolgroper, omnar, slagghaugar og tufter vitnar om jernutvinninga. Jernet vart truleg frakta over fjellet mot kysten. Her er dessutan gravminne, skålgroper, fangstgroper og bogestillingar.
Eit eldre vegfar – ein av fleire såkalla saltmannaeller sildemannsvegar mellom Valdres og Vestlandet – førte ned mot sørsida av Otrøvatnet og vidare mot Kyrkjestølane. Her ligg tuftene etter stavkyrkja St. Thomaskyrkja frå seint 1100-tal, bygd på det som truleg alt var ein etablert samlings- og handelsstad. Sælehus – herberge for vegfarande – kan ha lege i området alt då kyrkja vart bygd. På 1600-og 1700-talet vart det halde messe i St. Thomaskyrkja ein gong i året, med tilreisande frå Valdres, Hallingdal, Sogn og Gudbrandsdalen. Samtidig var det marknad, og bråk og slåsting her skal ha vore årsaka til at kyrkja vart riven i 1808. Det er knytt mange segner, og dessutan folkemusikk, til kyrkja og rivinga av henne. Dagens kyrkje vart sett opp i 1971 og er omgitt av ei stølsgrend med verneverdig bygningsmiljø og innslag av nyare fritidsbustader. Sentralt i området ligg tufter etter eldre stølsbygningar. Her var det nemleg stølsmark for øvre delar av både Lærdal og Vang. Ved sørsida av Otrøvatnet, der det eldre vegfaret kjem ned, ligg Gamlestøga. Her er tufter etter eit sælehus, kanskje frå seinmellomalderen, som vart avløyst av skysstasjonen Nystøga på nordsida av vatnet på 1600-talet. Då kom òg første postrute over Filefjell. I perioden 1660–1814 vart det bygd køyrevegar på kongeleg forordning – kongevegar – for å kunne frakte embetsfolk raskast mogleg mellom dei større byane. Den bergenske kongevegen heitte etter veglova av 1824 Den bergenske hovudvegen. Partiet over Filefjell stod ferdig i 1793. Kongevegane følgde i stor grad traseane til eldre ridevegar, men der ridevegane følgde terrenget over tørre rabbar og rundt knausar og haugar, skulle Kongevegen gå rett fram etter «det franske prinsippet». Transport med hest og kjerre stilte krav om jamne og tørre vegar. Hindringar vart fjerna med krut, og vegen fekk fast grusdekke og god drenering. Tidvis var vegen så bratt at det vart vanskeleg å kome seg opp med hest og kjerre. Etter berre 50 år vart enkelte parti derfor lagde om. Kongevegen kan følgjast i parti opp gjennom heile Valdres. Frå Tyinkrysset ligg han delvis bevart langs nordsida av Otrøvatnet og vidare til Kyrkjestølane. På oversida av vegen finn ein restar etter ein trasé som er teken av ras, og truleg derfor forlaten og flytta lenger ned i terrenget. Frå Kyrkjestølane går den
eldste og godt bevarte traséen mot Maristova i sørvest over myrområde, gjennom skogen, og opp mot det høgaste punktet på vegen nær fylkesgrensa omkring 1250 meter over havet. Her står Stiftsstøtta, ein marmorbauta som markerte det gamle skiljet mellom Akershus og Bjørgvin stift. Utsynet er vidt utover fjellområda, med mellom anna Hurrungane i nord. Herfrå går vegen vidare inn i Vestland, mot Maristova og Lærdalsøyri. Vegen har seinare vorte omlagd og utbetra ei rekkje gonger. Kongevegtraséen gjennom området er del av ei mykje brukt vandrerute, Kongevegen over Filefjell, som er sett i stand og strekkjer seg 10 mil mellom Vang i Valdres i aust og Lærdalsøyri i vest. Vern og tilrettelegging for bruk knytt til reiseliv og vandreturisme har i lang tid vore eit nasjonalt satsingsprosjekt. I 2014 vann vandreruta «Vakre vegars pris» og i 2017 EUs kulturminnepris «Europa Nostra», noko som gir kongevegen kulturhistorisk status i internasjonal samanheng. Juryen la vekt på høg fagleg kvalitet, forankringa i lokalsamfunnet og kombinasjonen bevaring og bruk.