Området er eit stort, ope og samanhengande viddelandskap med store myrområde, mindre innsjøar og stølsmiljø. Flæidn (‘vide flater eller vidder’) er eit eldre namn, medan nemninga Stølsvidda har vore i bruk dei siste 45 åra. Her er det nærare 600 stølar, og kvar tredje støl er framleis i aktiv bruk med utmarksbeiting, hausting av vinterfôr eller tradisjonell stølsdrift. Nær 50 av stølane har mjølkeproduksjon. Lang kontinuitet og stor aktivitet i området heng saman med tradisjon for husdyrhald og mangel på beite i bygda. Det blir òg drive stølsturisme basert på den aktive drifta og formidling av arbeidet på stølen. Den omfattande bruken av utmarksbeite gjer at store delar av landskapet framleis er ope. Nokre område er likevel prega av attgroing. Mange av stølane har gått over til å bli fritidshus, og nokre er heilt fråflytta. Det finst òg ein del hytter i skogbeltet. Den historiske vandreruta Stølsruta i Valdres (DNT og Riksantikvaren) vart merkt og tilrettelagd gjennom området i 2018. Stølsdrifta i dette området har fleire hundre år gamle tradisjonar. Dateringar frå andre område viser at den historiske forma for stølsdrift kan førast tilbake til seinmellomalderen, på 1400- og 1500-talet. Størst aktivitet var det med fullstølsbruket på 1700- og 1800-talet, då både folk og dyr hadde tilhald på stølen heile sommaren. I område med fullstølsbruk var det vanleg å ha to eller tre stølar, men frå midten av 1800-talet gjekk heimstølane som låg nærast gardane, ut av bruk. Ei kartlegging av verdifulle og utsette bygningsmiljø (Valdresmusea 020) viser at det finst 500–600 historisk interessante stølshus i området. Bygningane er sentrale for å forstå kor viktige stølsområda har vore som livsgrunnlag og kvinnearbeidsplass, i Valdres spesielt og i Noreg generelt. Her er eit mangfald av ulike bygningstypar frå ulike periodar i stølshistoria, som sel, kokehus, buer, mjølkeramper, løer, fjøs og naust. Nokre bygningstypar er særleg utsette og byrjar å bli fåtalige.
Stølane ligg samla i stølslag. Eit særtrekk ved byggjeskikken er at sel og fjøs er plasserte øvst på jordet og løe nedst, typisk for midtre del av Valdres.
Husa er anten lafta, bygde i reisverk eller ein kombinasjon. Sela er ofte panelte og måla, arakteristisk for Valdres. Bygningsmiljøa er prega av både eldre og nyare driftsmåtar. Byggjeskikken varierer ein del mellom dei ulike stølslaga. Råstølen på Kinnholt med sel, skåle, fjøs og låve, og dessutan ei kve, er freda som del av garden Rå i Vestre Slidre. Tidlegare vart vinterfôr hausta på utslåtter. Stadnamn og tufter etter utløer vitnar om denne bruken. Landskapet har innslag av kulturpåverka og artsrik naturbeitemark og slåttemark. Lokale stølsregistreringar av kulturminne utfyller historia om livet på og rundt stølane: Her finn vi kjølingskjelder, geiler, leikeplassar, badekulpar, lokkeplassar for budeiene, vegar, vegmerke, varp, røyser og steinmurar. Eit døme på ein stad med historie er Gråtarplassen, der budeiene tok farvel med mennene sine. Av munnlege tradisjonar kjenner vi òg gamle vêrmerke («vesta klare vil lenge vare – austa glette gje våt hette»), regler og segner. Runde morenehaugar med namn som Sevalshaugen og Sevathaugen har gjerne tradisjon om underjordiske, helst haugkallen Sevat eller Sevald. Dei malmhaldige myrane har gitt grunnlag for ei omfattande jernutvinning i jernalderen og mellomalderen. Utvinninga har etterlate seg talrike spor, som kolgroper og restar av jernvinneomnar. Det er gjort få undersøkingar om tidleg jakt og fangst, så dette har vi lite kunnskap om. Ved vatnet Reinsenn er det funne ein buplass som har vore i bruk i fleire omgangar gjennom store delar av jernalderen og mellomalderen.
På grunn av ei karakteristisk utforming av ein steinsett eldstad (arran/aernie) er det diskutert om den siste fasen kan tolkast som samisk busetjing.