• Balke - Lillo og Kapp 1

    datafangstdato
    • 2023-06-19T00:00:00Z
    forsteDigitaliseringsdato
    • 2023-06-19T12:19:40Z
    id
    • 3217
    informasjon
    • Landskapet inngår i kambrosilurbygdene rundt Mjøsa og Randsfjorden og er prega av vide, bølgjande sletter og slake åsar. Nemninga «kambrosilurbygdene» kjem av at området har mykje kambrosiluriske bergartar som lett forvitrar og skaper næringsrik morenejord. Dette jordmonnet er svært gunstig for jordbruksdrift. Busetjinga i landskapet går tilbake til yngre steinalder. Funn rundt Lena og Hoffsvangen vitnar om at dette var eit viktig politisk og økonomisk sentrum i jernalderen, og fleire gardar har vore svært velståande. På garden Gile er det eit gravfelt med over 90 gravminne, der det er gjort ei mengd gjenstandsfunn. Særleg er funna frå romersk jernalder (0–400 e.Kr.) spektakulære, både når det gjeld mengd, konsentrasjon og type kulturminne. Det er òg rike funn frå vikingtida. Rune- og biletsteinane frå Alfstad, Stabo og Gile stadfestar at området hadde ein sentral posisjon i yngre jernalder. Også dei to steinkyrkjene frå mellomalderen på Hoff og Balke er uttrykk for dei rike ressursane i området. Dei viktigaste spora frå jernalderen er funne oppe på terrengryggen frå Stabo, via Alfstad og Lillo, Hoff og Gile og ned til Balke og Dyren. Dette området ligg noko tilbaketrekt frå Mjøsa. Funn tyder på at arealet langs innsjøen i mindre grad var prega av sentralgardar med makt i jernalderen. På 1700- og 1800-talet etablerte fleire offentlege tenestemenn seg i området, med inntekt frå både embetsgjerning og gardsdrift. På embetsmannsgardane og dei rikaste gardane vart det bygd store, staselege midtgangsbygningar. Mange av desse våningshusa er rappa, ein teknikk der tømmerbygningar er overflatebehandla med leire og overmåla med kalkmåling. Leire og kalk er truleg funne lokalt. Fleire salar på gardar i området er dekorerte av kunstnaren Peder Balke. På gardane Vestre og Østre Balke, Billerud, Hoff prestegård og Rognstad står til saman ni freda bygningar. I tillegg finst det fleire bevarte tidlegare husmannsplassar, småbruk, bu­reisingsbruk og arbeidarbustader. Det er fleire førekomstar av artsrike, kulturpåverka naturtypar i området. Mjøsa har vore ei naturleg hovudferdselsåre, der folk har brukt båt på sommarstid og hesteskyss over isen på vinteren. Heilt sør i området ligg den såkalla Kongsstøa i Sundvika nedanfor garden Dyren. Hamna er nemnd i 1600-talskjelder, men har truleg røter tilbake til mellomalderen. I nyare tid har bryggjemiljøet på Kapp vore eit viktig knutepunkt for ferdsel på Mjøsa, og fleire av dei gamle bryggjeanlegga er bevarte. Her ligg kongsbåtbryggja Talloddenbrygga frå 1600-talet, som vart brukt av bøndene som hadde plikt til å skysse offentlege personar. Smørvikbrygga frå tidleg 1800-tal ligg der framleis. I 1885 vart ho erstatta av Kapp brygge då Vikens Dampskip Selskap etablerte pakk- og ekspedisjonshus der. I samband med at MF «Hamar–Kapp ferjen» vart sett i rute i 1951, vart det i tillegg bygd ei eiga ferjebryggje. På land finst eldre vegfar som er bevarte frå Sundvika og vestover, og mellom Balke og Hoff har vegen holvegpreg. I den vestlege delen av området kjem Kjølvegen inn, ein gammal ferdselsveg over «Femmilsskogen» mellom Hadeland og Toten. Mjølkefabrikken på Kapp vart etablert i 1889 og produserte usukra kondensert mjølk på blekkboks – Viking Melk. Nestlé kjøpte opp produksjonen i 1898, og dette var den første staden firmaet etablerte seg utanfor Sveits. Fabrikken var den største arbeidsplassen i kommunen, men vart nedlagd i 1928. I dag husar han mellom anna Kulturskolen Mjølkefabrikken og funksjonar for Mjøsmuseet. Etter krigen vart jordbruket i området i stor grad lagt om frå korn- og mjølkeproduksjon til grønsaksdyrking. Dagens jordbruk er prega av potet- og grønsaksproduksjon og noko husdyrhald. Området har store oppdyrka areal, karakteristisk for det moderne jordbrukslandskapet. Området må òg sjåast i samanheng med den rike kulturhistoria på den andre sida av Mjøsa, med Helgøya og Hamar domkirke som viktige element.
    kommune
    • 3442
    kulturmiljoId
    • K544
    kulturmiljokategori
    • M-KULA
    lokalId
    • 544
    malemetode
    • 82
    navn
    • Balke - Lillo og Kapp 1
    noyaktighet
    • 500
    oppdateringsdato
    • 2024-06-20T08:45:54Z
    opphav
    • Riksantikvaren, Hovedkontor
    versjonId
    • 20230126