• Hustadvika

    datafangstdato
    • 2024-01-11T00:00:00Z
    forsteDigitaliseringsdato
    • 2024-01-11T12:20:51Z
    id
    • 3223
    informasjon
    • Hustadvika er eit av dei mest krevjande havstykka langs Norskekysten. Farvatnet er ureint, med små øyer, holmar, skjer og båar, og det er særleg vêrhardt, med sterke straumdrag. Gjennom tidene har det vore eit utal forlis på denne strekninga. Eit av dei mest kjente skipsvraka er det såkalla «Stopleleivraket», som vart oppdaga av dykkarar i 1985. Vraket var av ei hollandsk seglskute, som hadde forlist tidleg på 1700-talet. Meir enn 300 gjenstandar er henta opp frå vraket, og nokre av desse er i dag stilte ut på museum. På grunn av dei mange skipsvraka som ligg her, vert havstykket langs Hustadvika rekna som ein eigen skipskyrkjegard. For å lette navigasjonen og gi landkjenning vart det sett opp eit fyr på Kvitholmen allereie i 1842. På Bjørnsund, sør om leia, vart det bygd fyrstasjon i 1871. Seinare har det kome fleire fyrlykter, stakar og andre sjømerke langs denne leia. Strandlandskapet langs Hustadvika er kupert, med viker, tangar, berg og smale sund. Lenger inne er det eit meir ope, myrlendt strandflatelandskap, innramma av einskilde, markerte fjellformasjonar, som til dømes kystfjellet Stemhesten. Stemhesten har til alle tider vore eit landemerke for dei sjøfarande. Gardsskipnaden her er ei blanding av små og større bruk. Bygdene Farstad og Hustad har nokre av dei største gardane i Romsdal. I myrlendte furer mellom nakne berg attmed sjøen ligg dei minste gardane, fiskarbondebruka. Tunskipnaden her er gjerne orientert langs leia (SV-NØ). Maleremmen, som i dag er museum, står som døme på eit typisk fiskarbondebruk. Store, djupe torvmyrer pregar Hustadvika. I eit elles skogfattig landskap, var difor skjering av torv, til brensel, utbreidd. Sanking, tørking og brenning av tong var ei vanleg attåtnæring. Tong-oska vart eksportert og nytta i glas-produksjon og til framstilling av jod. På øyer og holmar finn vi restar etter rorbuanlegg og fiskevær. På Teistklubben låg både fiskevær og losstasjon. Losstasjonen er freda, og bygningane her gir innblikk i ei tid då desse sesongbaserte samfunna var talrike langs Romsdalskysten. Hustadvika er blant områda i Møre og Romsdal med flest registrerte fornminne. Dette har nok samanheng med plasseringa langs den sentrale kystlina mellom sør og nord, enkel tilgang til rike fiskefelt og gunstige vilkår for jordbruk. Her finst rike spor etter steinalderbuplassar, samt gravminne frå både bronsealder og jarnalder. Mange av desse er såkalla kystrøyser, vendt mot leia, og lagt dominerande til på nes, berg eller strandflatar. Eit døme her er Hogsneset på Nerland, der ei stor gravrøys ligg godt synleg ved innsiglinga til Hustadbukta. På Malefeten ligg eit rullesteinsgravfelt med om lag 30 gravrøyser frå perioden omkring 400–900 e. Kr. I Sandvikhagen finn vi det største gravfeltet i Romsdal, med om lag 150 små haugar. På Hustad ligg Aslaksteinen, ein omkring 200 meter lang klippeformasjon, som på folkemunne går for å ha vore ei bygdeborg. Arkeologiske undersøkingar her har avdekt gjenstandar og kulturlag frå jarnalderen. Ein tidlegare kongsgard og adeleg setegard på Hustad er nemnd første gong i 1122/1123, då kong Øystein Magnusson, i følgje Snorre, døydde under eit opphald her. Det er ikkje synlege spor etter kongsgarden i dag, men det er påvist rike arkeologiske spor etter førhistorisk gardsbusetnad i området. Ein bauta til minne om kongen, er reist her. Langs Hustadvika var fiskarbondetradisjonen levande fram til byrjinga av førre hundreåret. Utover på 1900-talet bidrog nydyrking og eit meir mekanisert jordbruk, kombinert med større og meir ressurskrevjande fiskefartøy, til auka grad av spesialisering. Nye generasjonar måtte velje om dei ville bli bønder eller fiskarar – om dei då ikkje hamna i heilt andre yrke. Fiskeværet Bud er omtalt i skriftlege kjelder frå mellomalderen, men kan ha røter tilbake til vikingtid. På 1500- og 1600-talet var Bud den viktigaste handelsstaden langs heile kyststrekninga mellom Bergen og Trondheim. Dei som budde på fiskeværet Bud eller på øyværet Bjørnsund var aldri ein del av fiskarbondetradisjonen. For dei fleste av desse var fisket einaste utkome. Mellom Bud/Gule og Hustad ligg spor etter den såkalla «Kongevegen». Vegen, som kan følgjast i fleire kilometer, er truleg frå mellomalderen. I mellomkrigstida vart det opna for nydyrking på eksisterande bruk og oppdyrking av nye bruk langs Hustadvika. Oppdyrkinga var ein del av Ny jordrørsla, der det første feltet i det som vart kalla Fræna-Farstad Ny jord, kom i 1919. Dette var ein statleg fremma bureisingspolitikk som skulle gjere folk meir sjølvstendige som eigarar, og styresmaktene ville ta landet i bruk til jordbrukstenlege føremål, og demme opp for emigrasjon. Ergan kystfort på Bud vart bygd i 1941. Kystfortet var ein del av Atlanterhavsvollen, som den tyske krigsmakta sette opp under andre verdskrigen. Kommandosentralen til kystfortet var plassert inne i fjellet. Anlegget, som var operativt i perioden 1942-1945, låg strategisk til for skipstrafikken. Ergan kystfort er teke vare på, og er i dag eit krigshistorisk museum som tematisk sett omhandlar fleire sider av den nazistiske okkupasjonshistoria. Atlanterhavsvegen, som opna i 1989, er ein del av den nasjonale turistvegen mellom Averøy og Bud. Atlanterhavsvegen går på bruer og fyllingar mellom holmar og skjær, med ei rekke utkikkspunkt mot storhavet. Veganlegget er i dag freda.
    kommune
    • 1579
    kulturmiljoId
    • K548
    kulturmiljokategori
    • M-KULA
    lokalId
    • 548
    malemetode
    • 19
    navn
    • Hustadvika
    noyaktighet
    • 100
    oppdateringsdato
    • 2024-06-20T08:45:54Z
    opphav
    • Riksantikvaren, Hovedkontor
    versjonId
    • 20230126