• Romsdalsfjorden

    datafangstdato
    • 2024-01-11T00:00:00Z
    forsteDigitaliseringsdato
    • 2024-01-11T12:20:56Z
    id
    • 3225
    informasjon
    • Kring Romsdalsfjordbassenget finn vi eit karakteristisk strandflatelandskap. Området egnar seg vel for jordbruk, og gardstun og åkrar ligg på sørvendte, solrike og sjølvdrenerte moreneavsetningar langs fjorden. Jordbæra er blant dei vokstrane som trivst godt her. Sekken er den høgste øya i Romsdalsfjordbassenget med store område av øya dekt av skog. Veøya og Hjertøya har ikkje fastbuande. Til skilnad frå dei fleste andre fjordløpa i Møre og Romsdal, er Romsdalsfjordbassenget ope i mange retningar. Fleire fjordarmar møtest her, noko som gir området ei strategisk plassering både i høve til kystleia i vest og til farleia vidare austover. For å unngå den vêrharde Hustadvika, var det i tidlegare tider ikkje uvanleg at båtar på veg nordover sigla Langfjorden inn til Eidsvågen. Der vart dei tekne på land, og dregne vidare langs kavlvegen over Tiltereidet. Rike gravminne som ligg i strandhellinga ned mot sjøen, peikar mot at Nesjestranda og Bolsøya kan ha vore del av eit større maktlandskap. På Bolsøya er Trollpila, ein av dei høgste bautasteinane i Noreg, eit viktig landemerke. På øya finst spor etter busetjing og aktivitet frå jarnalder og mellomalder; med mellom anna gravminne, leidangsnaust, sølvfunn og mellomalderkyrkjestad. På Nesjestranda er det også gjort fleire rike gravfunn. Både Sekken og Veøya er nemnde i sagalitteraturen. Under eit sjøslag ved Sekken i 1162, skal Håkon Herdebrei ha blitt drepen av Erling Skakke. Datering av fossil åkermark kan tyde på jordbruk på Veøya allereie i yngre steinalder. På øya finst også fleire kulturminne frå førhistorisk tid, mellom anna gravminne frå bronsealder/jarnalder. Namnet «Veøy» tyder «den heilage øya», noko som kan indikere at her allereie i førkristen tid har vore ein kultstad. Funn av kristne graver frå 900-talet, som skal vere blant dei eldste som er påvist i landet, tyder på at øya då var eit religiøst senter. Her er også funne spor etter kyrkjer. Veøy gamle kyrkje, Peterskyrkja, vart sett opp i siste halvdelen av 1100-talet. I høgmellomalderen hadde Veøya si blømingstid som kjøpstad og som administrativt sentrum for Romsdal; ein av berre 14 slike «kaupstadar» som fanst i landet. 300–400 innbyggjarar skal ha budd her på det meste, sjølv om talet er noko usikkert. Sentral plassering i fjordsystemet og gunstige hamnetilhøve bidrog til oppkomsten av kjøpstaden. Under nedgangstidene etter Svartedauden tapte Veøya sin betydning som kjøpstad. Øya heldt likevel fram med å vere eit administrativt og religiøst sentrum for Romsdal også i hundreåra som følgde. Fram til 1632 vart fylkestinget halde på Veøya. Etter den tid var det berre prestefamilien og dei som hadde arbeid ved kyrkja som var bufaste på øya. Peterskyrkja fungerte som hovudkyrkje i Veøy prestegjeld fram til 1907. Prestegarden og delar av øya var i privat eige frå 1905 og fram til 1990, då Romsdalsmuseet fekk eigedomen som testamentarisk gåve. Veøy kyrkje og prestegard er freda. Veøya inngår også som ein del av kystpilegrimsleia til Trondheim. Moldeholmane er skogkledde med lynghei, strender og lune viker. På den mest kjente av dei, Hjertøya, låg det ein husmannsplass under Moldegård. Plassen blei seinare nytta som skogvaktarbustad og oppsynsbustad. Kring 1950 etablerte Romsdalsmuseet eit fiskerimuseum her. Fiskerimuseet er bygd opp som eit lite fiskevær, med tranbrenneri, rorbuer, mekanisk verkstad og bustadhus. Ei særleg soge er knytt til steinhytta på Hjertøya, som den tyske modernistiske multikunstnaren Kurt Schwitters leigde i åra frå 1932 til 1939. Schwitters livnærte seg med å måle landskapsbilete og portrett, samstundes som han arbeidde med kollasjar, materialbilete og skulpturar.
    kommune
    • 1539
    kulturmiljoId
    • K549
    kulturmiljokategori
    • M-KULA
    lokalId
    • 549
    malemetode
    • 19
    navn
    • Romsdalsfjorden
    noyaktighet
    • 100
    oppdateringsdato
    • 2024-06-20T08:45:54Z
    opphav
    • Riksantikvaren, Hovedkontor
    versjonId
    • 20230126