• Litldalen

    datafangstdato
    • 2024-01-11T00:00:00Z
    forsteDigitaliseringsdato
    • 2024-01-11T12:21:00Z
    id
    • 3226
    informasjon
    • Litldalen er eit dalføre som strekker seg frå Tredalen i nord og om lag sju kilometer sørover. Litldalselva renn gjennom dalen og ut i Sunndalsfjorden. Morenejord dannar terrassar i dalbotnen, og jorda vert rekna som lettdriven. Den øvste delen av Litldalen er trong, omgitt av høge, bratte fjell. I den nedste, nordlege delen flatar terrenget ut, og her er det busetjing og gardsdrift. Litldalselva renn gjennom Litldalen og ut i Sunndalsfjorden. Frå dalbotnen går der veg opp til Auraanlegga og vidare over fjellet og ned i Eikesdalen. Fjellandskapet sør for Litldalen har til alle tider vore nytta til jakt og til fangst, ikkje minst av reinsdyr. Her ligg det ei rekke fangstminne, frå ulike tidsperiodar. Gjennom dei siste hundre åra har det vore gjort omfattande inngrep i dette landskapet. Auravassdraget er bygd ut for å produsere vasskraft, og femner om Aursjøen, Torbuvatnet, Sandvatnet, Langvatnet, Osvatnet, Reinsvatnet, Hallarvatnet, Litlvatnet og Dalavatnet. Desse vatna er delvis demde opp. I 1906 vart fallrettar knytt til Auravassdraget kjøpt opp av eit privat selskap. Føremålet var å utnytte vasskrafta til industrireising. Etter å ha fått konsesjon i 1913, konsentrerte selskapet seg om utbygging av Litldalselva. Under første verdskrigen vart det gjort fleire investeringar i området. Mellom anna vart det lagt ei jernbaneline, Aurabanen, frå kaia på Sunndalsøra og fram til anleggsområdet. Aurabanen var 26 km lang, og inkluderte ein jernbaneheis frå Dalaråa og 750 meter opp i fjellet. Ved Dalavatnet vart det bygd ein provisorisk kraftstasjon, og store areal vart sprengde ut, mellom anna til fordelingsbasseng og røyrgate. Gjennom det meste av mellomkrigstida vart arbeidet ved Aura-anlegget liggjande nede. I byrjinga av andre verdskrigen tok eit tysk selskap over anlegget. Selskapet hadde planar om å utvikle aluminiumsindustri i Noreg. Fram til 1942, då ut­bygginga stoppa opp, sette denne verksemda tydelege spor etter seg: Her vart bygd vegar, sett opp brakker, montert taubane og støypt ferdig tomt til kraftstasjonen, Dalen 3. Etter krigen vart industrireising eit politisk satsingsområde. Samstundes var det stor mangel på elektrisk kraft, ikkje minst i Midt-Noreg. Hausten 1946 løyvde Stortinget difor midlar til vidare utbygging av Auravassdraget. Og allereie same vinteren var 500 mann på plass på anlegget. Arbeidarane bygde brakker, monterte straumliner og forlenga jernbanen. Bygging av damanlegga ved Osbu og Holbu vart også sett i gang. Aura-utbygginga var blant dei aller største kraftutbyggingane i landet. I 1953 stod Aura kraftverk klar til produksjon. Kraftverket består av to stasjonar, Aura, som ligg nedst nede i dalen, og Osbu. Osbu-stasjonen ligg ved Holbuvatnet, og kom i drift i 1958. Aursjøen er hovudmagasin for begge stasjonane. Ein sommaropen køyreveg, Aursjøvegen, går gjennom Litldalen, over fjellet og ned til Eikesdalen. Vegen vart bygd i fleire etappar. Den første strekninga, fram til Aursjøen, kom på 1950-talet, i samband med kraftutbygginga i området. Forlenginga fram til Eikesdalen kom i 1962. Forlenginga vart gjort i samband med det såkalla «takrenneprosjektet»; der vegutbygginga delvis var ein kompensasjon for at vatnet frå Aura-vassdraget vart overført til Sunndalsøra, og ikkje til Eikesdalen. I samband med opprusting av Aura kraftverk i 2006, vart Reinsvatnet delvis tappa ned. Langs breidda av vatnet vart det sett i gang arkeologiske undersøkingar som avdekte pilspissar, knivar, skraparar og mengdevis med avslag. Kolprøvar syner ei datering frå mellom 8900 og 8430 f. Kr. Lokaliteten ved Reinsvatnet er dermed den eldste fangstlokaliteten i Midt-Noreg, og blant dei eldste i landet. I 2009 vart det gjort nye utgravingar kring Reinsvatnet. I alt om lag 3 000 avslag, restar etter reiskapar og anna flintmateriale, vart funne. Samanlikna med funnmengd og reiskapskategoriar frå buplassar ved kysten, er dette materialet av avgrensa karakter. Det tyder på at menneska har hatt tilhald her berre i kortare periodar, og at dei først og fremst var jegerar. Det ser også ut til at dei skifta buplass frå sesong til sesong, kan hende frå år til år.
    kommune
    • 1563
    kulturmiljoId
    • K550
    kulturmiljokategori
    • M-KULA
    lokalId
    • 550
    malemetode
    • 19
    navn
    • Litldalen
    noyaktighet
    • 100
    oppdateringsdato
    • 2024-06-20T08:45:54Z
    opphav
    • Riksantikvaren, Hovedkontor
    versjonId
    • 20230126