• Romsdalen

    datafangstdato
    • 2024-01-11T00:00:00Z
    forsteDigitaliseringsdato
    • 2024-01-11T12:21:09Z
    id
    • 3228
    informasjon
    • Romsdalen startar ved tettstadane Veblungsnes og Åndalsnes, der elva Rauma renn ut i Romsdalsfjorden. Frå fjorden er dalføret relativt ope og slakt. Vidare austover vert det trongare, med høge, stupbratte fjellveggar på kvar side, og der Raumaelva dominerer dalbotnen. Framover dalen mot Verma vert dalføret brattare og meir ulendt, medan fjellrekkene flatar ut. Klimaet i Romsdalen er godt eigna for jordbruk. Her er nok av både nedbør og varme for å få fram rike avlingar. Dei nedste delane av dalen er blant dei beste kornområda i heile fylket. Samstundes syner pollenanalysar at her alt frå bronsealderen av har vore god variasjon mellom åkerbruk og husdyrhald. Jordbruksbusetnaden i Romsdalen går tilbake til slutten av ynge steinalder, og frå om lag same periode finst spor etter opphald i mange av hellerane langs Raumaelva. Her er mellom anna funne fiskekrokar av bein. Arkeologiske undersøkingar viser at busetnaden langsetter dalen var ganske omfattande i bronsealderen, og at dalbotnen ofte har vore råka av ras og flaum. Dei øvste gardane vart truleg ikkje rydda før i jarnalderen. Byggeskikken i Romsdalen syner påverknad frå både aust og vest. På gardshusa øvst i dalen er påverknaden austfrå tydeleg. Dei lafta, tjøresmurde tømmerveggane liknar på dei vi finn i Gudbrandsdalen. Også når det gjeld takkonstruksjon og takvinkel er likskapen tydeleg. Nedover i dalen endrar dette seg. Eit fuktigare klima pregar også byggeskikken her, med til dømes bruk av kledning på tømmerveggane. I dag ligg gardstuna spreidde, og kvar for seg. Tidlegare var tunskipnaden annleis, med klyngetun og rekketun. Rekketunet var vanleg i dei indre delane av Romsdal. Som namnet seier låg bygningane her i rekker, innhusa for seg og uthusa for seg, og ofte med bygdevegen imellom. Gardstunet på Ner-Hole er døme på eit slikt rekketun. Romsdalen har til alle tider vore nytta som ferdsleveg mellom fjord og innland. Dalføret var saltveg for bøndene i Gudbrandsdalen, ferdsleveg til kaupangen på Veøy og, etter kvart, til marknadsplassane i dalen. Men sjølv om mykje av dalføret er rimeleg flatlendt, har det likevel ikkje alltid vore enkelt å ta seg fram her. For å unngå breie elveløp, strie stryk og djupe kulpar, gjekk vegen ofte heilt inne langs foten av fjellveggane. Ferdafolk vart difor gåande i stendig fare for skred og steinsprang. Frå slutten av romartida og framover finst rike gravfunn, særleg i dei nedre delane av Romsdalen, og vi finn ein svært høg konsentrasjon av slike funn frå vikingtida. Romsdalsmarknaden på Devoll er kjent frå 1500-talet, men bytehandelen her går nok mykje lenger attende i tid. Romsdalsmarknaden var i fleire hundre år ein sentral møtestad for dalefolk, fjordfolk og øyfolk. I 1820 vart marknaden flytta til Veblungsnes, nede ved fjorden. I tillegg til å vere marknadsplass, vart Veblungsnes utover på 1800-talet og eit viktig knutepunkt for trafikken mellom aust og vest. I Romsdalen finst spor etter minst fire generasjonar med veganlegg, frå mellomalderen og fram til i dag. I 1869 vart det bygd ny køyreveg frå Lesja og fram til fjorden. Vegutbygginga fekk fleire følgjer for Romsdalen. I tillegg til auka trafikkmengd, gjorde ho også sitt til at den gryande turistnæringa for alvor fekk auga opp for dette storfelte området. Det ble bygd fleire skysstasjonar fram til 1900-talet. Fornemme bygningar står framleis att etter denne perioden, til døme Horgheim og Flatmark. Gjennom siste halvdel av 1800-talet vart det difor ein kraftig vekst i talet på utanlandske turistar som vitja Romsdalen. I tillegg til naturopplevinga, var det først og fremst det rike laksefisket i Raumaelva som lokka. Fleire losjihus vart bygde, og her vart tilreisande gjerne buande både dagar og veker i strekk. Den 24. november 1924 vart ein merkedag for Romsdalen, og for heile Møre og Romsdal. Etter 20 år med anleggsdrift, vart Raumabanen, jernbanestrekninga mellom Åndalsnes og Dombås, opna. Som endestasjon for Raumabanen vart det Åndalsnes, og ikkje lenger Veblungsnes, som utvikla seg til å bli det viktigaste knutepunktet for handel og samferdsel i dette området. Eit landemerke langs Raumabanen er Kylling bru som kryssar dalbotnen og elva med ei høgd på 59 meter, og er bygd i ei bue. Saman med Kylling tunnel og Stavem tunnel dannar brua eit vendesystem, ein dobbelslyng, som vart konstruert for at lokomotiva skulle klare den store høgdeforskjellen mellom dalbotnen og Stuguflåten. I 1936, vart det bygd køyreveg gjennom eit spektakulært fjellområde over Trollstigen, mellom Romsdalen og Valldalen på Sunnmøre. Hovudvegtraseen, som går gjennom Romsdalen i dag, vart påbegynt samstundes med bygginga av jernbanen. Og medan tidlegare vegløp følgde terrenget, vart denne, i fleire parti, lagt langs jernbanelina. Vegen vart sluttført i 1972. Seinare har einskilde strekningar av vegen vore lagt om og utbetra. Romsdalen si strategiske betydning som ferdsleveg mellom aust og vest, har ikkje minst vore tydeleg i tider med krig og ufred. Det vidgjetne Skottetoget i 1612 gjekk gjennom Romsdalen. Og i aprildagane i 1940 vart britiske soldatar sett i land på Åndalsnes for å kjempe mot dei tyske styrkane som då rykte nordover gjennom Gudbrandsdalen. Gullbehaldninga til Noregs Bank vart frakta med tog på Raumabanen til Åndalsnes. Kongen og regjeringa flykta og gjennom Romsdalen før dei drog vidare nordover. Denne strategiske betydninga vart ytterlegare understreka ved at dei tyske okkupantane sette opp skytestillingar fleire stadar i dalen.
    kommune
    • 1539
    kulturmiljoId
    • K552
    kulturmiljokategori
    • M-KULA
    lokalId
    • 552
    malemetode
    • 19
    navn
    • Romsdalen
    noyaktighet
    • 100
    oppdateringsdato
    • 2024-06-20T08:45:54Z
    opphav
    • Riksantikvaren, Hovedkontor
    versjonId
    • 20230126