• Eikesdalen

    datafangstdato
    • 2024-01-11T00:00:00Z
    forsteDigitaliseringsdato
    • 2024-01-11T12:21:12Z
    id
    • 3229
    informasjon
    • Eikesdalen og Eikesdalsvatnet er omkransa av bratte fjellsider, med høgder opp mot 1800 moh. Gjennom dalføret har elva Aura sitt naturlege løp frå Aursjøen til Eikesdalsvatnet. Eikesdalen er blant dei mest nedbørsfattige områda på Vestlandet. Klimaet er veleigna for åkerbruk, då det er sjeldan at kornet frys her. Dyrkingsjorda, som inneheld grus og sand frå elvefar og fjellskred, kan verte noko tørr. Eit effektivt vatningssystem syter likevel for jamt over gode avlingar. Frå øvst og aust i dalen ligg gardane på ulike flater i terrenget. Plassering av hus og tun er eit framståande trekk i landskapet. Stovehusa er sett opp på rekke heilt inn til vegen. Bakom desse er fjøsbygningane sett opp like eins, berre med eit gardsrom imellom. Denne tunskipnaden er truleg svært gamal, kan hende heilt tilbake til yngre steinalder. Ei steinøks, som er om lag 5000 år gamal, er funne inne på tunet. På sørsida av Eikesdalsvegen, ved Utigard, er det påvist fem kokegroper og eit dyrkingslag. Det eldste dyrkingslaget er frå slutten av yngre steinalder, og dateringar av kokegropene tyder på kontinuitet fram til jarnalderen. At plasseringa av hus og tun vart slik, har truleg fleire grunnar: Fonnfaren gjorde at bygningane måtte setjast opp så langt frå fjellsidene som råd var. Her, framme på bakkekanten, ligg og den magraste og minst verdfulle jorda. Vidare var det praktisk å legge husa her, med fjøs som grensar til utmarka. Når buskapen skulle ut eller inn, vart han jaga gjennom eit trø som var felles for fleire bruk. I 1860- og 70-åra vart det gjennomført utskifting av innmarka. Den samanhengande åkerjorda, som så langt hadde sett ut som eit einaste stort lappeteppe, vart delt inn på ny. Men til skilnad frå det som elles var vanleg ved utskifting, vart ikkje gardshusa flytta på. I Eikesdalen heldt dei dermed på det gamle fellestunet. Langs aust- og vestsida av Eikesdalsvatnet, og også oppover heile Eikesdalen, heilt til framom Finnset, dvs frå Øverås til Finnset, veks eit langt, samanhengande belte av hassel, som er rike på nøtter. I gode år kunne Eikesdalingane hauste opp til fleire tonn med «Eikesdalsneter». Hasselved var veleigna til mykje. Mellom anna til brenne, og stammar og greiner kunne bli bandstakar til tønneband. Tønnebanda la grunnlag for ein omfattande produksjon av tønner. Hassel vart også hogd og som levert brøytestikker til langt inn på 1970-talet. Alm var eit anna treslag som eikesdalingane gjorde seg bruk av. Borken vart fôr til krøter og tidvis også til menneske, som ingrediens i borke-brødet. Oska etter brent alm, «pott-oske», var ei god handelsvare, då ho vart nytta i framstillinga av glas. Eikesdalsvatnet er rikt på fisk; både laks, aure, røye og ål. Frå dalen er det heller ikkje lange vegen til fjells, og til gode jaktterreng, mellom anna føregjekk det villreinjakt, som var ein viktig del av grunnlaget for busetnad og viktig for matauk. Så jakt og fiske har til alle tider vore viktige næringar for folket her. I Mardalen, sørvest for Eikesdalsvatnet, var der ikkje fast busetjing frå gamalt av. To bruk i Austigard og to i Utigard hadde slåtte- og beiterett her, med seterhus og sommarfjøs. Her budde dei med dyra sine til foret var brukt opp om hausten før dei flytta heim att. Dette pågjekk til utpå 1950-talet. Det vart elles praktisert rotasjonsbeitinga som har sett tydelege spor i kulturlandskapet. I Mardalen låg også eit større felt med gamal furuskog. Skogen var delt inn i teigar fordelt på gardane i Eikesdalen. Furuskogen vart rasert under storstormen 30. desember 1988. Plasseringa lengst aust i Romsdal med enkel tilgang til fjellheimen, har gjort at eikesdalingar gjennom tidene har hatt nær kontakt austover, ikkje minst mot Lesja. Midt på 1700-talet kom ein periode med uår i denne fjellgrenda, då kornet fraus på åkrane. Fleire valde då å bryte opp frå gard og grunn, dra over fjellet, og slå seg ned i Eikesdalen. Eikesdalen var lenge utan vegsamband med omverda. I 1962 vart det lagt veg opp Finnsetlia til Aursjøen, og vidare til Sunndalsøra. Vegen er open i sommarhalvåret. Som kompensasjon etter Aurautbygginga vart fylkesvegen frå Eresfjord til Øverås i 1991 forlenga langs austsida av vatnet og inn til Eikesdalen. Den kjente Mardøla-aksjonen fann stad i Eikesdalsfjella sommaren 1970. Aksjonen var ein protest mot vasskraftutbygginga i området, og ikkje minst mot å føre vekk enno meir vatn frå Eikesdalen. Dette ville også føre til at den mektige Mardalsfossen vart tørrlagt. Det var første gong at sivil ulydnad vart teken i bruk i ei naturvernsak, utan vald. Aksjonen vekte oppsikt i inn- og utland, og førte til ein omfattande debatt om vasskraftutbygging og energipolitikk. Eikesdal har vore gjennom tre store utbyggingar av vasskraft. Aura- og Takrenneutbygginga på 1950- og 1960 talet, og Mardølautbygginga på 1970-talet. Før utbyggingane med overføring av vatnet var området prega av høg luftfuktigheit og dette saman med varmt innlandsklima gjorde dalen ekstra grøderik. I dag er ein avhengig av intensiv vatning for å kompensere for tørke. Vassreguleringa har hatt stor påverknad på jordbruket og villaksen i Eikesdalen. Det er blitt forhandla fram ein avtale om Mardalsfossen skal ha vassføring to månadar om sommaren, men dette er ikkje full vassføring som før utbygginga.
    kommune
    • 1506
    kulturmiljoId
    • K553
    kulturmiljokategori
    • M-KULA
    lokalId
    • 553
    malemetode
    • 19
    navn
    • Eikesdalen
    noyaktighet
    • 100
    oppdateringsdato
    • 2024-06-20T08:45:54Z
    opphav
    • Riksantikvaren, Hovedkontor
    versjonId
    • 20230126