Området ligg over tregrensa, i eit ulendt terreng der landskapet er prega av ur, kneisande tinderekker og tronge fjelldalar. I dag er det få som ferdast her, men frå gamalt av var det vanleg å ta vegen gjennom Gravdalen når ein skulle vitje kjenningar på andre sida av fjellet. Mellom Eikesdalen og Lesja har sambandet frå gamalt av vore tett. Desse banda vart i mange år markert ved årlege fjellstemne i Sandgrovbotnen og i Gravdalen. Her møttest grannar og slektningar frå begge sider av fjella. Gravdalen har til alle tider vore ein del av trekkruta til villreinen. Namnet «Gravdalen» syner til dei mange fangstanlegga som det framleis finst spor av. På grunn av lite ferdsle og få menneskelege inngrep i nyare tid, har slike spor i stor grad fått stå urørde. På sin veg aust- eller vestover har dyra tradisjonelt kryssa Gravdalen to stadar: ved utlaupet av Gravdalsvatnet og om lag fire kilometer lenger nede i dalen. Dyregraver som er gravne ned i jorda, er avdekt her. I tillegg til desse to trekka, går der også eit reintrekk gjennom Grovåskaret, sør for Gravdalen. Dette vert rekna som hovudtrekket for villreinen til og frå Romsdalsfjella, og her finst restar etter eit stort fangstanlegg. Truleg var det villreinen som lokka dei første menneska til desse lite tilgjengelege fjellstroka. Her finst mange spor etter reinsdyrfangst; til dømes restar etter steinbuer der jegerar har søkt ly. Steinbuene er vanskelege å datere, og har også vore nytta i nyare tid. Funna i området stammar i hovudsak frå jarnalder og mellomalder. Grovåskaret, som ligg mellom dei høge toppane Grovåkampen og Kallbottinden, er ein port inn til dei nordlege og nordaustlege delane av Romsdalsfjella; der tusenvis av villrein årleg har passert. Terrenget og fjellformasjonane på begge sider av Grovåskaret er som skapt for driving av rein. For den einaste farbare vegen når reinen vart skremd vekk frå dei store og beiterike fjellbotnane på kvar side, gjekk nettopp gjennom dette skaret.
I Grovåskaret finst restar etter eit stort fangstanlegg. Den omfattande arbeidsinnsatsen som har vore lagt ned for å sette opp dette anlegget, syner verdien som staden må ha hatt for reinjegerane: Ein reknar med at om lag 250 kubikkmeter stein har gått med til sjølve bygginga. Ledegjerda, eller rettare: sperregjerda, har vore opp til 1,80 meter høge. Innanfor desse gjerda er det bygd steinbruer som leier fram til kanten av åtte graver. Gravene er i sin heilskap lagt over bakkenivå. I Grovåbotnen, om lag to kilometer unna fangstanlegget i Grovåskaret, er det funne ei telttuft med sentral eldstad. I og med at tufta liknar tilsvarande funn som er tolka som samiske, kan dette tyde på at det også kan ha vore samisk deltaking i fangstaktivitetane i dette området. Smelting av brear og fonner, som følger av klimaendringane, fører til at det stadig vert avdekt nye, arkeologiske funn i høgfjellet. Fonna i Grovåskaret, er den fonna som har gitt flest arkeologiske funn i Møre og Romsdal, frå jarnalder og fram til Svartedauden i 1349. Rikdomen frå fangsten her bidrog truleg også til eit materielt oppsving i Eikesdalen og Romsdalen; noko funn av statusgjenstandar frå denne perioden kan tyde på. Blant funna frå fonna i Grovåskaret var tilhogde trestykke frå skremmepinnar og tregjerde. Desse viste klare relasjonar til sperregjerda, noko som kan tyde på at dei også er frå perioden jarnalder–mellomalder. Både skremmepinnar og sperregjerde har nok vore plasserte ut i frå kor trekket gjekk på den tida, då fonna var mykje større enn ho er i dag. Restane av skremmepinnar og tregjerde er dei første av slike gjenstandstypar som er funne i fjella i Midt-Noreg. I og med at Grovåskaret ligg langt over tregrensa, kan vi gå ut i frå at alt slikt tremateriale har vore frakta hit av menneske. Opp til 1.200 reinsdyr kunne dagleg passere gjennom Grovåskaret. Dersom ein forsøker å rekne på kapasiteten i anlegget, det vil seie den tida som gjekk med til mellom anna klargjering og rydding av fangstgraver, kan vi gå ut i frå at det her let seg gjere å fange 20–30 dyr om dagen. Store mengder slakteavfall, datert til jarnalderen, er også funne i området. Slakteavfallet fortel ei tydeleg historie om at mange reinsdyr har vore tekne av dage her. I dei fleste fonnene i Møre og Romsdal som er undersøkte av arkeologar, er det gjort funn av pilspissar og andre gjenstandar som har vore nytta til jakt. I Grovåskaret er det ikkje gjort slike funn, noko som kan tyde på at dette var eit reint fangstområde. Arkeologiske funn av fangstanlegg kring Gravdalsvatnet forsterkar dette inntrykket. Området har også vært brukt til jakt- og fisketurisme på 1800-tallet. Ved sørenden av Gravdalsvatnet ligg ei fangstbu som vart sett opp omkring 1850 eller 1900 av ein britisk jeger, Mr. West. Bua skal vere sett opp i samband med sportsfiske i Gravdalsvatnet. Steinbua har også gitt namn til turisthytta Westbua. Også i dag er jakt og fiske ein viktig aktivitet her.