• Alnes

    datafangstdato
    • 2024-01-11T00:00:00Z
    forsteDigitaliseringsdato
    • 2024-01-11T12:21:20Z
    id
    • 3231
    informasjon
    • Alnes er eit ope og relativt lite område med ein konsentrert busetnad. Husa ligg i klynge på strandflata, i livd for vêr og vind under ein terrasse i terrenget aust for innmarka. Her er våningshus, med uthus og løer på baksida og naustrekkje langs sjøen. Bakom gardshusa ligg jordbruksareal i karakteristisk teigblanding, og beitebakkar strekk seg inn mot fjellsida. Den store naturbeitemarka i Alneslia er ei av dei mest karakteristiske langs kysten av Møre og Romsdal. Kystlynghei oppe på fjellet, sanddyner, nordvendte kystberg og blokkmark, er viktige naturtypeførekomstar. På Godøya har det vore gardsdrift sidan førhistorisk tid. Gardane vart rekna som gode korngardar, med etter måten store avlingar. Både bygg og havre vart dyrka her. Innmarka vart etter kvart delt opp i mange teigar. Kvar gard kunne ha 50–60 slike. Ved hjelp av bumerke på bytesteinane klarte bøndene å skilje teigane frå kvarandre. Utskiftinga, som her vart gjennomført i 1881 og i 1905, reduserte denne teigblandinga. Bruka på Alnes har likevel noko teigblanding framleis, med to til tre teigar tilhøyrande kvart bruk. I tidlegare tider hende det at kyrne frå Juv og Alnes vart sendt på beite på den vestlege delen av fjellet. Framleis finst her restar etter sommarfjøs og mjølkestadar. Fjellet er bratt og farleg, så sidan 1800-talet har oppsitjarane stort sett halde storfeet nede i heimemarka. Fjellbeitet har vore reservert for geit og sau. For bøndene på Godøya har fisket til alle tider vore ei viktig attåtnæring, og til tider sjølve hovudnæringa. Båt og naust høyrde til på kvart einaste bruk. Under det årlege vinterfisket etter torsk vart gardane på Godøya gjort om til fiskevær for båtlag frå fjordbygdene på Sunnmøre. Fiskarane kom gjerne i februar og vart verande fram til påsketider. Til godt ut på 1900-talet var Alnes eit mykje nytta fiskevær, med kort veg til rike fiskegrunner. Under vinterfisket kunne 30–40 båtar liggje her samstundes. Kvar einaste heim hadde då tre til fire båtlag innlosjert, med 7–8 mann i kvart lag. Fisket har halde seg som ein vesentleg næringsveg heilt fram til i dag. Dei første dekksbåtane kom på 1890-talet. Etter hundreårsskiftet fekk stadig fleire båtar sett inn motor, og reiskap og båtar har sidan følgt med tida sin mekanisering og teknologisering av fiskeflåta Alnes har inga god, naturleg hamn. Vart vinden kraftig og havbåra høg, måtte båtane trekkast opp på land. For å betre desse tilhøva vart det på 1890-talet bygd molo på nordsida av hamna. Moloen tok av for dei verste båredraga. Etter kvart som fiskebåtane vart større, vart hamn og molo også utvida. I 1960 stod moloen på sørsida av hamna, ferdig. Klippfisktørking var lenge ei viktig attåtnæring på Godøya. På Alnes tørka dei fisk på steinmoloar, fram til 1930-åra. Her låg også trandamperi, som framstilte medisintran. På Godøya fanst ikkje skog. Torv vart nytta til brenne. Gardane hadde sine torvmyrer på fjellet. I tillegg til torv, vart lyng og eine og nytta. Tarebrenning var vanleg på Alnes. Strandlina var delt inn i små teigar, nettopp av omsyn til at brukarane dreiv med brenning av tare. Brenning i større målestokk kom i gang kring 1880. Taren vart tørka på marka om våren, og sidan brent i jordgroper, taremiler. På Alnes kunne ein sjå 20–30 brennande miler på ein gong. Oska vart selt til medisinsk bruk. Etter andre verdskrigen vart det slutt med dette arbeidet. Det særprega fyret på Alnes vart reist i 1937, etter at det hadde vore fyrlykt på staden meir eller mindre samanhengande sidan 1850-talet. Fyrstasjonen er i dag ein del av eit opplevingssenter, som opna i 2016. På 1960-talet vart det lagt veg langs Alnes-stranda. Vegen batt Alnes saman med gardane på sørsida av øya. Ved at den undersjøiske Godøytunnelen opna i 1989, vart Godøya ein del av fastlandsambandet mellom øyane i Giske og Ålesund. I 2006 vart ein ny veg mellom Alnes og Støbakk opna, med tunnel gjennom Storhornet.
    kommune
    • 1532
    kulturmiljoId
    • K555
    kulturmiljokategori
    • M-KULA
    lokalId
    • 555
    malemetode
    • 19
    navn
    • Alnes
    noyaktighet
    • 100
    oppdateringsdato
    • 2024-06-20T08:45:54Z
    opphav
    • Riksantikvaren, Hovedkontor
    versjonId
    • 20230126