Flåværleia har frå gamalt av vore den mest nytta siglingsleia langs Sunnmørskysten. Slik er det framleis. Også større fartøy, som til dømes Hurtigruta, nyttar denne leia. Flåværleia er ei urein farlei. Her er store og mindre øyer, og eit uttal av holmar og skjær. Dei største øyene er brattlendte, nokre med fjellsider som skyt loddrett opp frå havet. Inn imellom desse, der det er mest livd mot vêr og vind og bårebrot, ligg dyrkbar jord og buande lende. Terrenget på øyane vekslar mellom myrlendte flater og skoglause åsar og fjell. Gardsbruka har vore gjennomgåande små, og som regel drivne i kombinasjon med andre inntektskjelder; først og fremst fiske, men også til dømes tarebrenning, fuglefangst og sanking av mose. Lyngkledde holmar vart før nytta til utmarksbeite. Gardstunet bestod gjerne av fleire små driftsbygningar, båtstø og naust. Einskilde stadar, som til dømes Flø, er lite prega av nyare inngrep. Kulturlandskapet her syner stor tidsdjupne, der den gamle tunskipnaden og spora etter den tradisjonelle fiskarbonden, framleis er tekne vare på. På øyene som omkransar Flåværleia finst ei rekkje spor etter kulturminne frå førhistorisk tid. Her ligg fleire steinalderlokalitetar, spesielt i midtre delar av leia: ved Herøya, Dimnøya og langs vestsida av Hareidlandet. Sør i leia ligg Sandsøya med Dollsteinshola, ei fjellhole på vestspissen av øya. I Dollsteinshola finst aktivitetsspor etter menneske i perioden frå yngre steinalder til yngre jarnalder. Langs Løsetstranda, nordvest på Gurskøya, ligg heile 63 gravrøyser. Gravrøysene stammar frå bronse- og jarnalderen. Den største gravrøysa langs Flåværleia, og ei av dei største på heile Vestlandet, finn vi på Osnes i Ulsteinvik. Røysa er om lag seks meter høg og 45 meter i diameter. Også på Gåsneset i Ulstein og på Flø ligg førhistoriske gravrøyser. På Kvalsund, på sørsida av Nerlandsøya, vart det i 1920 avdekt to båtar, tidfest til tidleg vikingtid (ca. 800 e.Kr.). Den største av dei var 18 meter lang, og var rigga med keiper for ti par årar. Funna på Kvalsund kan ha vore såkalla votivfunn, der båtane var offergåver. Herøya i Herøyfjorden vert også kalla «Sagaøya». Nemninga heng saman med at ho er omtalt fleire stadar i sagalitteraturen. På Herøya stod det tidlegare ei mellomalderkyrkje, bygd i stein. Kyrkja var hovudkyrkje for heile ytre Sunnmøre. På Herøya ligg også Herøy gard. Hovudbygninga vart reist i 1752, som prestebustad. Seinare vart her handelsstad. Bygningane på garden er i dag museum. For å gi landkjenning nord om Stad, vart det allereie i 1767 tent eit fyrlys på øya Runde. Runde fyr er det eldste på Sunnmøre, og blant dei eldste i landet. For å syne dei sjøfarande den indre leia, vart Haugsholmen fyr sett opp på Frekøya i 1876. Som innsiglingsfyr til Flåværleia, vart fyret på Flåvær reist i 1870. Seinare er her også sett opp lykter, stakar og andre siglingsmerke. Flåværleia har gjennom tidene ikkje berre vore ei siglingslei. Dette var også eit område folk frå heile regionen søkte til, for å drive fiske. Der farvatnet var smult og landingstilhøva gode, som ved Haugsholmen, Storholmen og Sandsøya, voks det fram fiskevær.
Eit av dei største fiskeværa var Sandshamn på Sandsøya. På 1860- og 70-talet vart det sett opp ei rekkje bygningar her. Ein periode hadde Sandshamn også sitt eige sjukehus. På Flåværholmane var det handelsstad med ei lun hamn, der dei sjøfarande kunne finne ly for vind og båredrag. I påvente av lageleg vêr for å runde Stad, kunne båtar bli liggjande her i dagevis. Under vårsildfisket på 1800-talet vart Flåværholmane også eit fiskevær og knutepunkt for salting og omsetning av sild. Under fiskeria kunne opp til 1500 menneske vere samla på Flåværholmane. I 1928 fekk staden eigen skule. Under andre verdskrigen vart tyske vaktstyrkar utplasserte fleire stadar i området kring Flåværleia, mellom anna ved fyra på Svinøy og Runde. Øya Skorpa kom til å spele ei sentral rolle i motstandsarbeidet, som hamn for Shetlandsbussen og for annan alliert trafikk. Her tok motstandsfolk imot båtar med britiske og norske agentar, og her låg flyktningar i skjul, medan dei venta på å bli skipa over Nordsjøen. I motsetning til det som skjedde på mange andre, tilsvarande stadar langs kysten under krigen, vart motstandsarbeidet på Skorpa aldri avslørt.