• Hjørundfjorden

    datafangstdato
    • 2024-01-11T00:00:00Z
    forsteDigitaliseringsdato
    • 2024-01-11T12:21:29Z
    id
    • 3233
    informasjon
    • Hjørundfjorden er omkransa av høge, bratte fjell, som vekslar med slakare sidedalar. Kulturlandskapet langs Hjørundfjorden og Norangsdalen er prega av beitemarker og lier med varmekjær lauvskog. Dei bratte fjellsidene innetter fjordløpet har berre gitt plass til få og spreidde gardsbruk på landtangar og i hellingar. I dei grøderike sidedalane Bondalen, Skjåstaddalen og Norangsdalen ligg gard etter gard opp etter dei flatbotna, u-forma dalføra; med høge fjell på kvar side. Dei rike fjellbeita som finst her, gav grunnlag for varig og stabil busetjing. Dal- og strandsidene langs Hjørundfjorden inneheld mykje skredjord, som er næringsrik og gir gode vokstervilkår for gras. I dei nedre delane av sidedalane er jorda ofte skrinnare, med mindre mold og meir grus og sand. Her er heller ikkje så mange fonntrygge stadar å finne. Under slike tilhøve måtte gardstuna plasserast med omhug. Det beste var om gardstunet kunne liggje høgt og fritt i terrenget. At staden var solrik hadde særleg mykje å seie, då sola mange stadar er borte i vekevis om vinteren. Slike topografiske avgrensingar gjer det rimeleg å tru at tunskipnaden i dag er temmeleg lik slik han opphaveleg var. Langs Hjørundfjorden er det spor etter gardsdrift langt tilbake, ikkje minst på vestsida av fjorden. Ved Store-Standal finst spor etter ard, som kan knytast til jordbruk i førhistorisk tid. Dyrkingsflater avdekt på Sæbø, tyder på gardsbusetnad her allereie i jarnalderen. På Kvistad finst fossile dyrkingslag datert til sein bronsealder. Vidare innetter fjorden ligg gardar og grender som har ei lang historie knytt til seg. Skår, sør for Sæbø, er ein av få veglause fjordgardar som framleis vert driven. Og på Finnes i Storfjorden står husa i klynge, som frå gamalt av. Inst inne i fjorden ligg grendene Bjørke, Leira og Viddal, og Skjåstaddalen, og Norangsfjorden med grendene Urke og Øye. På desse stadane er det etter måten gode vilkår for å dyrke jorda; trass i at det også her finst område med bratt lende og mykje stein. I sidedalane kring Hjørundfjorden finst nokre av dei mest typiske setergrendene på Sunnmøre. Frodige fjelldalar høvde godt for stølsdrift, og stort sett alle gardane langs fjorden hadde seter. Fjellbeita gav grunnlag for produksjon og sal av kjøt. Norangsdalen, som er mellom dei trongaste dalføra i Noreg, ber tydeleg preg av kampen mot naturkreftene. Ved Jelskredsvatnet er dalbotnen fylt av utrasa ur. På Urasætra og Stavbergsætra vart stølshusa sett opp i rekke der det var fonn-sikkert. Lygnstøylvatnet vart danna etter eit ras i 1908. I vatnet kan vi framleis sjå restar etter den gamle vegen, husmurane og grinda. På Bjørke og i Skjåstaddalen ligg nokre av dei eldste profane bygga i fylket, der fleire kan tidfestast til perioden før 1537. Også fleire av bygningane på Bakketunet på Åkre kan tidfestast til mellomalderen. Bakketunet vert rekna som det eldste, heilskaplege gardstunet i Møre og Romsdal. Sjøen var den viktigaste ferdslevegen langs Hjørundfjorden, men langs stranda gjekk også stiar og tråkk. Her kunne skredfaren vere stor, ikkje minst vinterstid. For at skuleborna skulle sleppe å sette av garde langs fonnfarlege stiar eller leggje ut på fjorden i allslags vêr, vart det i 1915 bygd ein internatfolkeskule på Stavset. Skulen var internatskule i 35 år, og var i drift fram til 1965. Bygninga står der framleis, som den einaste av sitt slag i Møre og Romsdal. Frå siste delen av 1800-talet vart Hjørundfjorden og Hjørundfjordfjella populære reisemål for utanlandske turistar. Både tyske cruisebåt-passasjerar og engelske fjellklatrarar strøymde til området. Turistskip ankra årvisst opp ved Øye, der eit hotell i sveitserstil vart oppført i 1891. Sjølv om hotellet vart utvida både i 1926 og i 1932, har det likevel framleis sitt særeigne, arkitektoniske preg. Hotellet er og eit døme på at ein leverte prefabrikerte bygningar sist på 1800-talet. Firmaet Thams i Trøndelag var leverandør av hotellet.
    kommune
    • 1520
    kulturmiljoId
    • K557
    kulturmiljokategori
    • M-KULA
    lokalId
    • 557
    malemetode
    • 19
    navn
    • Hjørundfjorden
    noyaktighet
    • 100
    oppdateringsdato
    • 2024-06-20T08:45:54Z
    opphav
    • Riksantikvaren, Hovedkontor
    versjonId
    • 20230126