Smøla kommune består av ei stor øy, «Fast-Smøla», og ein skjergard med meir enn 6 000 mindre øyer, holmar, skjer og båar; dei såkalla «smulane». Desse finn ein sør og vest i for Fast-Smøla, og desse har gitt kommunen namn. Ut mot Gripen, der Trondheimsleia møter havet, er farvatnet ureint, og gjennom tidene har det vore ei rekke skipsforlis her. Edøyfjorden, som er eit reinare farvatn, bind Kuli, Edøy og Solskjelsøya saman. Hamnene ligg strategisk plasserte mot leia. Edøy og Kuløy skil seg ut frå resten av Smøla ved at berggrunnen består av konglomerat av sandstein, som har gitt grunnlag for betydeleg jordbruksareal med sjølvdrenert sandjord. Kystlyngheier, forma gjennom lang tradisjon med beiting og sviding, pregar landskapet på fleire av øyene og holmane. Det er eit småskala jordbrukslandskap, der flekkar av dyrkbar jord ligg mellom bergknausar og store myrområde. Området er nesten fritt for trevokster.
Frå gamalt av har mykje av utmarka kring Edøyfjorden vore nytta til utmarksbeite og til viktige attåtnæringar, som fuglefangst og sanking av egg og dun; noko mellom anna stadnamna her vitnar om. Namnet Edøya kjem til dømes av edder, ærfugl, og på naboøya Kuli er det funne spor etter fuglefangst frå yngre jarnalder. Vi finn steinalderbusetnadar fleire stadar på Smøla. Her finst spor etter åkerbruk frå før-romersk jarnalder, mensteingjenstandar kan tyde på at det var jordbruk på fleire av øyene allereie i overgangen yngre steinalder/eldre bronsealder. Samlinga med spreidde gravrøyser som ligg kring Edøyfjorden, på Edøy, Kuli, Fastlandsmøla og Solskjel, er ei av dei største langs Trondheimsleia. Kuli er den av øyene med tettast konsentrasjon av graver.
I eit av gravfelta på Edøya ligg ei stjerneforma røys, «Edøystjerna», som truleg er eit gravminne frå mellom 300- og 600-talet. Slike steinsettingar finst det få av i Noreg, og dei fleste ligg i nærleiken av det som skal ha vore lokale maktsenter. På nordsida av naboøya Kuli står ein såkalla «heilag kvit stein», som truleg er frå same periode som Edøystjerna. Steinen står i tilknyting til eit større gravanlegg. Her er det til saman registrert 82 gravrøyser, og funna kan tyde på at desse øyene var viktige kultstadar allereie i før-kristen tid. På bakken ut mot sjøen, øst for garden Kuli stod den såkalla Kulisteinen, ein korsmerka stein med runetekst. Den språklege utforminga kan tyde på at teksten er frå omkring 1000 e.Kr., og at han i så fall kan knytast til Olav Tryggvason sin freistnad på å kristne landet. Innhaldet kan også tolkast som at kristendommen hadde vore i Noreg i «tolv vintrar». Om så er, kan han vere rissa inn om lag tolv år etter at vedtaket om kristenrett vart gjort på Mostertinget i 1024. Kulisteinen spelar ein viktig rolle i Noregs historie, da det er første gongen at ordet «kristendom» er nemnd i ein norsk tekst, og det er første gongen at namnet «Noreg» er skriftfesta på norsk jord (ref. Arne Kruse). Dette gjer Kulisteinen til eit symbol på overgangen mellom vikingtid og mellomalder; med seinare rikssamling, statsdanning, og kristninga av landet. På grunnlag av dette er nemninga «Noregs dåpsattest» nytta om Kulisteinen, og er innlemma i Unesco si liste over Norges dokumentarv. I 2019 vart det ved hjelp av Georadar avdekt ei skipsgrav på Edøya. Skipet ligg begravd nordaust for Edøy gamle Kyrkje under dyrkingsjord og teiknar seg som ein 13 meter lang kjøl med antyding til bordgangar innsirkla av rester etter ei steinrøys på 18 meter i diameter. Sjølve skipet kan ha vore 16–17 meter langt, og er truleg frå yngre jarnalder (ca. 570–1030 e.Kr.). Solskjelsøya er i sagalitteraturen kjent som staden der Harald Hårfagre kring år 863 utkjempa to slag mot lokale hovdingar, som eit ledd i kampen for å samle Noreg til eitt rike. Slaga stod om rådveldet over Romsdal, Nordmøre, Sunnmøre og Fjordane. Harald gjekk sigrande ut, og overlét seinare desse områda til Ragnvald Mørejarl. Frå slaga ved Solskjel og utover i mellomalderen, har området kring Edøya og Kuli truleg vore ein del av eit kontinuerleg og stabilt maktsenter. Garden Edøy danna utgangspunkt for det mektige Edøygodset, som kan ha lege her allereie i tidleg vikingtid. I mellomalderen vart Nordmøre kalla Edøy len, noko som understrekar den sentrale posisjonen til dette området. Edøy gamle kyrkje står i dag att som det fremste symbolet på dette maktsenteret. Kyrkja var ei av to steinkyrkjer som fanst på Nordmøre, og ei av ni frå mellomalderen i heile Møre og Romsdal. I seinmellomalderen vart det ein stadig aukande internasjonal etterspurnad etter fisk. Der hamnetilhøva var gunstige og farvatnet smult, vart det bygd opp små samfunn, fiskevær. På fiskeværa samla folk seg for utror under dei årlege fiskesesongane. Utover på 1900-talet, med moderniseringa av fiskeflåten og utviklinga av havfisket, mista etter kvart fiskeværa sin opphavelege betydning. Mange vart fråflytta, og forfallet sette inn. Framleis står bygningsmiljø att, som minne frå tidlegare tider, og som blikkfang for dei som kjem nordetter leia.
Sør på Edøy ligg restar av det som var Edøy kystbatteri. Kystbatteriet, som vart bygd av den tyske krigsmakta i juni 1941, var ein del av Festung Norwegen, forsvarslina langs Norskekysten.