I nord, sør og vest vert landskapet gjennombora av fire fjordar: Norddalsfjorden, Tafjorden, Sunnylvsfjorden og Geirangerfjorden. I sør og søraust er landskapet innramma av høge fjellmassiv som set det fysiske skiljet mellom vest og aust. Dei fire fjordane er djupe og reine, omgitt av bratte hamrar som vekslar med slake lier. Storfjorden har gjennom tidene vore den viktigaste sambandslina mellom kysten og indre Sunnmøre. Omgitt av bratte fjell og tronge dalar, var fjorden også ofte den einaste ferdsleåra for dei som budde og levde her, ikkje minst på vinterstid. Det var kløv- og rideveg over Geirangerfjellet til Lom i Gudbrandsdalen og mellom Eidsdalen og Geiranger, men fjorden var vegen som batt folk i hop, og færingen var det viktigaste framkomstmiddelet. Ein og annan stad langsetter fjorden, der det var rimeleg flatlendt og skredsikkert, vart det rydda jord og sett opp våningshus, fjøs og naust. Andre fann fram til plassar lenger oppe i fjellsida, gjerne på hyller der terrenget var slakare. Herifrå var det som regel også kort veg til utmark og fjellbeite. Gardstuna ligg ofte ulendt til, og er enklast å nå med båt. Husa er i dag fråflytta, men mange av dei vert framleis teke godt vare på, og nytta som fritidsbustadar. Gardane har ei historie som går langt tilbake i tid. Sommaren 2018 vart det gjort arkeologiske undersøkingar på nokre av fjord- og hyllegardane langs Storfjorden. Desse synte at fleire av gardane hadde vore i bruk allereie i før-romersk jarnalder (om lag 300 f. Kr.). Kollag vitnar om at her har blitt rydda jord, truleg til beite. Slike rydningslag vart funne både på Skageflå, og på Øvstegarden og ei av setrene i Oaldsbygda. Spor etter stabilt åkerbruk finn vi ikkje før langt seinare. På Midtgarden i Oaldsbygda finst spor etter korndyrking i høgmellomalderen (1150–1350 e. Kr.). Bygg var det vanlegaste kornslaget. Husdyrhald har truleg også vore viktig på denne tida. Her er også funne spor etter jakt og fangst i frå førhistorisk tid. Tidfestinga av slike funn kan tyde på at det i løpet av mellomalderen skjer ei endring når det gjeldt næringsgrunnlag; frå jakt og fangst til husdyrhald. Mot slutten av mellomalderen og i tidleg nytid skjedde ei rask utviding av busetnaden langs Storfjorden og Geirangefjorden. Mellom anna vart den historiske gardsbusetjinga i Gomsdalen og på Blomberg etablert. Dette kan også ha skjedd på Skageflå. Eit overordna inntrykk er at dei høgastliggjande gardane jamt over er noko eldre enn gardane nede ved sjøen. Dette kan ha samanheng med gode beiteområde oppover mot høgfjellet. Mange av gardane hadde seter. Einskilde stadar, som til dømes ved Kilstivatnet, låg fleire seterbruk i lag. I Storfjord-området er det i dag berre éi seter som framleis vert drifta, Herdalssetra i Norddal. Talet på besøkande på setra er stort. Bøndene som driv her er viktige tradisjonsberarar og formidlarar av kulturhistoria og er produsentar av kortreist, lokalprodusert mat. På 1600-talet, kanskje også før den tid, var det fast busetnad i Herdalen. Sidan tidleg på 1800-talet har her vore stølsdrift. Utover på 1800-talet auka folketalet på gardane langs Storfjorden. Nokre av dei vart delte opp i fleire bruk, andre vart busett på nytt etter å ha lege aude ei tid. På dei mest brattlendte plassane kunne jordsmonnet vere skrint. Her var gjerne næringsgrunnlaget tredelt: krøterhald, skogdrift og fiske. Eit døme på ein slik gard er Uranes, rett over fjorden frå Stranda. Familien som flytte hit i 1892, heldt seg med geit og sau. Storfehald var vanskeleg i dette terrenget, der krøtera ofte måtte bergast ut frå fjellhyller der dei hadde gått seg fast. På Uranes var det berre eit mindre område som kunne slåast med ljå på vanleg måte. Elles var det å fare med ljåen mellom stein og ur, langt innetter
strendene og høgt oppe i fjellsida. Der ljåen ikkje strekte til, vart tollekniven nytta. Graset vart samla i eit nett av tau og trilla ned til sjøen, der det vart turka. Lauv, særleg frå ripsbuskar og almetre, vart nytta som tilleggsfòr. I vinterhalvåret gav vedhogst eit jamt og sikkert innkome for familien på Uranes. Utover på 1900-talet gjekk folketalet på fjord- og hyllegardane langs Storfjorden jamt tilbake, men tok seg mellombels opp att under andre verdskrigen. I løpet av 1950-åra vart dei fleste av desse gardane fråflytta. Geirangerfjorden var ein av dei aller første fjordane i Noreg som vart oppdaga av utanlandske turistar. Allereie i siste halvdel av 1800-talet var både tyske keisarar og britiske lordar med på å gjere Geirangerfjorden, og bygda Geiranger, til ei merkevare for denne gryande næringa. Etter kvart som hotellkapasiteten vart større og vegnettet bygd ut, auka også tilstrøyminga av tilreisande. Dei seinare åra har det meste av auken vore knytt til at stadig fleire cruiseskip tek turen inn Storfjorden og Geirangerfjorden.