Den nordlege delen av området er eit ope fjordlandskap, der fire embetsmannshus ligg på rad med utsikt over fjorden. Ved fjorden ligg naust og sjøbuer som høyrde til gardane og var viktige for kommunikasjon og handel. Herskapshusa finn vi på Tysse, Leite, Fagervik og Badeneset. Dei fleste er bygde i første halvdel av 1800-talet og var opphavleg omgitt av tidstypiske hageanlegg. I dag finn ein spor etter desse hageanlegga ved alle husa, tydlegast i form av eldre store tre. Alle husa rettar seg mot fjorden, som var hovudferdselsvegen på den tida, og ligg vakkert til i landskapet.
Den best bevarte av desse eigedomane er garden Tysse. Tysse har røter som storgard tilbake til 1300- talet. Anlegget slik vi ser det i dag vart bygd av Nils L. Landmark. Han vart sorenskrivar i Sunnfjord i 1809 og flytta då hit. I dag vert tunet kalla Lillingstonheimen etter den engelskepresten og språkgranskaren, Claude Lillingston som kjøpte garden i 1880.
Familien Landmark var svært opptatt av jordbruk og å spreia kunnskap om moderne driftsmåtar til bøndene i området. Landmark var ein føregangsmann for modernisering av landbruket. Han bygde opp garden til eit mønsterbruk og la mykje arbeid i å plante frukttre og andre hagevekstar. Han sette òg i gang med skogplanting. I fleire år vart anlegget drive meir som ein jordbruksskule og fleire unge bondegutar fekk her ei kort opplæring i landbruk. I same opplysningstradisjon var Marie og Barbra Landmark sin husmorskule på nabogarden Leitet.
Tunet på Tysse har hovudhus og tre uthus. Hovudhuset vender seg mot fjorden og er utforma i tråd med stiltrekka til den klassisistiske bergensarkitekturen. Hageanlegget nærast huset er på sørsida prega av den geometriske hagestilen med rette spasergangar og geometriske blomsterbed. Her er det lagt vekt på at menneska skulle ha kontroll over naturen. På nordsida mot fjorden har hagen ein meir open struktur som fylgjer landskapet. Frå hovudhuset er det planta allear langs stiane som går ned til sjøen og bort til stien som i dag vert kalla Filosofgangen. Filosofgangen kryssar det tronge og djupe Tyssegjelet. Her er det tett vegetasjon og store lauvtre som skaper ei nærast mytisk stemning.
Mot Dalsfjorden lengst aust i området ligg det karakteristisk utstikkande Badeneset. Søraust for Badeneset var det ei god hamn og her vart det reist fleire sjøbuer, og den gamle butikken låg her. Mykje er her godt bevart og viser samanhengen mellom jordbruket og bruken av fjorden til transport og fiske.
Landskapet som omgjev husa i dag er i stor grad det same jordbrukslandskapet som var her på familien Landmark si tid. Med unntak av fylkesvegen er det få store moderne inngrep innanfor området.
På Fredensborgåsen sør-aust for Tysse etablerte Landmark ein romantisk landskapspark som vart brukt til rekreasjon for familien og deira gjestar. Anlegget var i tråd med samtida sine landskapsparkar som var ein stil som kom frå England og vart ei ny hageretning i Noreg på slutten av 1700-talet. Gravplassen til familien Landmark er eit sentralt element i parken på Fredensborg.
Landskapsstilen sine estetiske prinsipp var i klar motsetnad til tidlegare tider sin geometriske hagekunst og la vekt på å fylgje landskapet og skape ein hage der naturen var arrangert med utsiktspunkt, sitjeplassar og siktlinjer. Målet var å forme naturen slik vi opplever den i eit landskapsmåleri.
Stilen vart svært populære hjå overklassen i Noreg. Hagane vart gjerne utforma av overklassen sjølv, utan bruk av profesjonelle landskapsarkitektar. Stemningsfulle element som kunstig oppbygde ruinar, grotter og «minnesmerke» var viktig for å oppnå den ynska måleriske effekten. Gravplassar kunne også vere viktige element.
Det romantiske ideal var å ha eit mest mogleg urørt, helst vilt og kupert terreng med ein naturleg trebestand som ramme om stiar og andre innslag i anlegget. I mange tilfelle låg dei eit stykke unna hovudbygningen. Der låg dei gamle geometriske hagane framleis att. Dette finn vi også på Tysse. I 1824 fekk Landmark løyve til å anleggje ein privat familiegravplass som vart eit sentralt element i landskapsparken.
Mange av hovudtrekka i parken er bevart. Det oppdemma vatnet er framleis eit sentralt punkt, vegen rundt vatnet er i dag ein sti og ikkje køyrbar. Lyststaden er enno synleg. Frå den går det ein køyreveg med allé opp til gravplassen som er plassert på ei lita høgde. To urner med minneskrift på sokkelen er plasserte med hovudutsikta retta mot tunet på Tysse. At gravplassen er innlemma i parkanlegget og måten den er lagt på, er i tråd med den romantiske landskapshagen sine ideal, og er det best bevarte enkeltelementet i parken i dag.
Fleire av dei bygde elementa i er i dag vekke, men hovudtrekka i anlegget er bevart. Filosofgangen er opparbeidd som tursti bygd på spor i landskapet.