• Aurlandsdalen frå Østerbø til Vassbygdi

    datafangstdato
    • 2024-01-26T00:00:00Z
    forsteDigitaliseringsdato
    • 2024-01-26T08:10:50Z
    id
    • 3238
    informasjon
    • Denne delen av Aurlandsdalen viser samspelet mellom den mektige naturen, fjellgardane og den gamle ferdselsvegen. Øvst i området er dalen open, men smalnar inn vestover. Ved Øyestølen skjer dalen seg etterkvart kraftig ned i fjellmassivet før han igjen vert meir open mot Vassbygdi. Her gjekk den kortaste av dei gamle ferdselsrutene mellom Austlandet og Vestlandet. Han var mykje brukt som drifteveg. Den flotte vegtraseen gjennom Aurlandsdalen, der Austlandet møter Vestlandet byr på alt frå goldt steinlandskap til frodige djupe dalar. Traseen er i dag ei historisk vandrerute og det frivillige laget Venner av Aurlandsdalen gjer ein stor innsats med skjøtsel av kulturlandskapet i dalen på dugnad. Aurlandsdalen vart besøkt av fleire kunstnarar. Johannes Flintoe sitt måleri «Bjønnestivarden» frå 1820 gjorde dalen kjend for eit større publikum. Aurlandsdalen vart etter kvart eit mål for turistar og er i dag ei av dei mest kjende vandrerutene i landet. Høge fjell omkransar den smale dalen med fleire mindre sidedalar. I dalbotnen renn Aurlandselvi. Landskapet er dramatisk og vakkert, men har vore utfordrande å ferdast og bu i. Rasvifter og kampesteinar fortel om naturfarane. Mange stader er det bratte stup frå stien og ned til elva, andre stader er stien lagt tett på elva. Små gardsbruk ligg der det har vore mogleg å rydde nok jord til å livberge seg, i hovudsak høgt oppe i dalsidene. Der var dei trygge for flaum og fekk meir sol enn nede i dalbotnen. Truleg var det fast busetnad i Aurlandsdalen før svartedauden. Dei første som slo seg ned her dreiv hovudsakleg med jakt og fiske, men etter kvart vart jordbruk viktigast. Etter svartedauden vart mange av gardane lagde aude og først på 1600-talet kom dalen i full bruk att. Det høgaste folketalet hadde ein på midten av 1800-talet. Etter kvart som utvandringa til Amerika tok seg opp, vart gardane fråflytta. I 1922 vart Sinjarheim fråflytta som den siste. Gardane vart etter det nytta til stølsdrift, og dermed gjekk mange av dei eldre stølane ut av bruk. Det er framleis noko beitedyr i Aurlandsdalen og mange andre spor etter bruken av utmarka. I den vide Aurdalen, var det opphaveleg tre gardar. Då gardane vart fråflytta på slutten av 1800-talet starta ein med turismeverksemd. I dag er her to fjellstover og Østerbø fungerer som innfallsport til vandring ned Aurlandsdalen. I Aurdalen finn vi den særmerkte Aurdalen gravplass som vart vigsla i 1858. Gravplassen vart etablert fordi det var umogleg å frakte dei døde ned til kyrkjegarden på Aurlandsvangen om vinteren. 27 menneske er gravlagde på gravplassen som var i bruk fram til 1911. Noko lenger ned ligg garden Nesbø, der dalen vidar seg ut i eit landskapsrom med bratte, delvis kultiverte lier, fjellhamrar og Nesbøvatnet som dominerande element. Her er det eit heilskapleg gardsmiljø der fleire av dei gamle bygningane i det eine tunet framleis står. Særmerkt for dei gamle bygningane er bruken av stein. Det er framleis oppmurte åkerterrassar innvevd mellom slåttemark, rydningsrøyser og steingjerde og murar etter fleire løer. Nord for Nesbø går Gravadalen opp mot stølar og store fjellvidder. Nesbøgalden sperra lenge for ferd selen mellom Nesbø og Aurdalen. All ferdsel med dyr måtte då gå via Gravadalen fram til det vart sprengt ut veg i Nesbøgalden i 1930-åra. Tidlegare var det sett opp trebruer og stigar slik at folk kunne gå til Aurdalen langs elva. På sørsida av Aurlandsdalen ligg det berre to gardsbruk, Berekvam og Teigen. Teigen ligg omlag 650 moh i eit storslege og dramatisk landskap med eit høgt stup ned til elva. Her er framleis bevarte rydningsrøyser og bakkemurar viktige element. Nedom stølen Frivoll er det eit stort område med gamal lauvingsskog av bjørk. Frå Teigen kan ein sjå over til Sinjarheim på 600 moh på nordsida av dalen. Garden har ei framskoten plassering i det bratte landskapet. Bygningane i tunet står tett saman. Tunet er det best bevarte og mest komplette i Aurlandsdalen med i dag sju eldre hus; stovehus, kårhus, eldhus, fjøs, stall, stabbur og låve. Fleire av husa har ein høg grunnmur ut mot dalen. Den tidlegare intensivt drivne innmarka er framleis open med bakkemurar, rydningsrøyser, stiar, styvingstre og andre element i landskapet. Sinjarheim vert framleis brukt av Sogn jord- og hagebrukskule til tradisjonell stølsdrift nokre veker kvar sommar. Almen ligg ca. 400 moh og har til liks med Sinjarheim ei svært dramatisk plassering, men av ein heilt annan karakter. Tunet ligg tett på Aurlandselvi. Landskapet rundt er svært rasutsett med store steinskreder. Stovehuset står innunder ein stor stein som vernar mot skred. Rydningsrøysene dekkjer store delar av innmarka. I lia vest for tunet er det eit stort tal almetre som har spor etter lauving. Plassen hadde lite åkerjord og har truleg vore ein av dei vanskelegaste å livberge seg på. Herifrå vert dalen vidare og landskapet flatar ut med frodig oppdyrka kultureng, beite og innslag av edellauvtre. Ved Vetlehagjen er det eit gamalt jordbrukslandskap med åker, slåttemark, steingardar, fegate og bakkemurar. Namn og segner knytt til stadar langs vegen vitnar om ferdselen over svært lang tid. Frivodl, Grimevollen og Svinasletti var kvileplassar for driftekarane som gjekk opp Aurlandsdalen. Fleire namn viser til jordbruksdrifta, som Konnshedleren og Kaldaholet. Grunnlaushellern der Likbjørki stod like ved, er knytt til transport av dei avdøde til Aurlandsvangen. I Likbjørki vart liket hengt opp for vern mot rovdyr når ein måtte overnatte undervegs til kyrkjegarden.
    kommune
    • 4641
    kulturmiljoId
    • K578
    kulturmiljokategori
    • M-KULA
    lokalId
    • 578
    malemetode
    • 19
    navn
    • Aurlandsdalen frå Østerbø til Vassbygdi
    noyaktighet
    • 100
    oppdateringsdato
    • 2024-06-20T08:45:54Z
    opphav
    • Riksantikvaren, Hovedkontor
    versjonId
    • 20230126