• Lærdal

    datafangstdato
    • 2024-01-26T00:00:00Z
    forsteDigitaliseringsdato
    • 2024-01-26T08:10:50Z
    id
    • 3241
    informasjon
    • Dalføret er karakterisert av grender og gardsbruk som ligg langs Lærdalselvi og E16. Dalen er omkransa av høge, bratte fjell, med sidedalar som munnar ut i hovuddalen. I nedre del er det vide elvesletter og nokre grusterrassar over sletta. Etter Saltkjelen og oppover blir dalen trongare og med mindre jordbruksareal. Raskjegler ligg mellom innmarka og fjellet. Ferdselshistorie og jordbruksstrukturar med eit tidsspenn frå yngre steinalder/bronsealder til notid er to raude trådar i landskapet. Her er spor etter jordbruksdrift tilbake til yngre bronsealder og buplassar meir enn 8000 år tilbake. Lærdal har særs godt klima for jordbruk. Jordbruket har i dag element frå både den gamle tradisjonelle drifta og moderne drift. Den lange bruken av dalen som ferdselsveg mellom Aust- og Vestlandet set òg preg på landskapet. Areal til oppdyrking har vore avgrensa. Tidlegare var randsona mellom innmarka og fjellsidene viktige produksjonsareal, der m.a. husmannsplassane låg. Landskapet er ein mosaikk av kulturar som ein knapt finn andre stader. I heile området finn vi busetjingsspor, gravfelt, gravhaugar, dyrkingsspor og rydningsrøyser. Desse er i hovudsak lokaliserte nær dagens gardstun med bygningar frå 1700-talet og framover. Området er i dag prega av landbruket etter utskiftinga frå slutten av 1800-talet til godt opp på 1900-talet. Hovudvekta ligg på dyrking av grønsaker, frukt og bær i nedre deler av dalen og husdyrbruk i Borgund. Lærdalselvi er eit av dei viktigaste landskapselementa i dalen, den har vore, og er avgjerande for innbyggjarane. Ho gav grunnlaget for dyrkingsjorda på flatene, men flaumar og endringar i elveløpet sette tidlegare grenser for kor ein kunne busetje seg. Elva har gjeve vatn til gardsdrifta og vore ei viktig lakseelv. Bøndene fiska fyrst sjølve, men frå midten av 1800-talet byrja dei å leige ut til sportsfiskarar. Tilrettelegging av tilkomst til dei gode fiskeplassane er døme på spor i landskapet etter denne verksemda. Med lite nedbør har det vore ei utfordringa å få fram nok vatn til åkrane. Dette har resultert i eit omfattande system med vatningsveiter, dei eldste går truleg tilbake til 12–1300 talet. Ljøsnaveiti førte vatn frå Lærdalselvi og ned på Ljøsnaterrassen i eit ca. fem km langt strekk gjennom ulendt terreng. Veita var ferdig i 1890-åra og i bruk til langt ut på 1900-talet. Store delar er framleis bevart, men fører ikkje vatn. Undebakkaveiti er ei av dei få veitene som framleis er vassførande og til dels fungerer. For å kunne drive jordbruk her måtte ein jamleg rydde stein frå jorda, noko dei mange rydningsrøysene viser. Steinen har òg vore nytta til gjerde og i geiler. Store steinblokker og hellerar har vore nytta til lagring av vinterfôr, men òg til overnatting. Stølsdrifta var avgjerande for busetjinga. Området i dalen var avgrensa og ein var heilt avhengig av å nytte utmarka. Lærdal har store utmarksvidder der gardane hadde stølar, men mange var tungt tilgjengelege. Storleiken på gardane speglar den gamle strukturen med storgardar, mindre sjølveigande gardar og husmannsplassar. Husmannsplassar var i drift allereie på 1600-talet og vi finn framleis tydelege spor etter dei i heile dalføret. Husmannsplassane låg der det var marginalt for drift, slik som Galdane og Halabrekka. Mange av dei eldre gardstuna er framleis godt bevarte, mellom anna i freda tun. Med kristninga av Noreg vart det reist fleire kyrkjer i dalen og Borgund stavkyrkje er framleis bevart. I mellomalderen var det òg kyrkjestadar på storgardane Eri, Rikheim, Hauge i tillegg til Tønjum der det også i dag er kyrkje. Hovudferdselsåra over Filefjell og ned gjennom Lærdal har ei lang historie. Den hadde reguleringar alt i Gulatingslova før 900, og i Magnus Lagabøter si Landslov frå 1272, med klare retningsliner om standard på vegen og kvar dei vegfarande kunne gå. Bøndene si vedlikehaldsplikt var også fastsett i lova. Med innføringa av postvesenet i 1647 vart det oppretta nye postvegar mellom knutepunkt i Noreg. Postvegen mellom Kristiania og Bergen gjekk over Filefjell og ned til Lærdalsøyri før han gjekk vidare på sjøen til Gudvangen. Postvegane gjekk hovudsakleg langs den gamle «tjodgata», men nokre stader hadde dei eigne trasear, til dømes over Steineåsen og Seltåsen. Det er bevart fleire generasjonar veganlegg i området og vegane pregar særleg strekninga frå Seltun til Borgund stavkyrkje. Ein av dei best bevarte traseane er ridevegen Sverrestigen mellom stavkyrkja og Husum, som var i bruk fram til han vart avløyst av vegen gjennom Vindhellaskaret som opna i 1793. Denne vegen vart igjen avløyst av ny veg gjennom Vindhellaskaret i 1843 som har høge murar og slyngande svingar for å unngå for bratt stiging. Vegstrekket forbi husmannsplassen Galdane var eit av dei meir utfordrande, og vi finn her fleire generasjonar av vegar. Under andre verdskrig var kommunikasjonslinene mellom Aust- og Vestlandet var viktige å sikre for tyskarane og det er spor etter tyske forsvarsverk gjennom heile dalen. I det særs tronge partiet ved Seltåsen er det anlegg på begge sider av dalen.
    kommune
    • 4642
    kulturmiljoId
    • K577
    kulturmiljokategori
    • M-KULA
    lokalId
    • 577
    malemetode
    • 19
    navn
    • Lærdal
    noyaktighet
    • 100
    oppdateringsdato
    • 2024-06-20T08:45:54Z
    opphav
    • Riksantikvaren, Hovedkontor
    versjonId
    • 20230126