Strynefjell er eit storslege landskap med fleire fjellparti og dalar. Det er store kontrastar mellom det frodige jordbrukslandskapet nede ved Oppstrynsvatnet og det villare fjell-landskapet.
Ei reiseskildring frå ei reise over fjellet til Skjåk ca.1860 skildrar landskapet slik: «Hjelle så ut til å være et lite sted, eneståaende vilt og øde... Nå begynte en kjøretur uovertruffen i storslagenhet og prakt gjennom en vill og trang dal.» «Dalen ble mer og mer ensom og øde etter som vi kjørte oppover, stadig oppover... Kolossale fjell av enhver form og fasong, ville forrevne og mørke, løftet seg på begge sider av dalen. Buskaset som hadde satt sitt preg på den nedre delen av dalen, forsvant, og alt ble øde villhet, ingen trær eller busker, ingen markblomster eller bregner syntes å vokse noe sted...»
Skildringa er framleis svært treffande. Den største skilnaden frå 1860-talet til dagens landskap er dei to køyrevegane over Strynefjellet.
Vegen over Kamperhamrane var den enklaste traseen frå Nordfjord over til bygdene nord på Austlandet og har etter alt å døme vore i bruk i over 1000 år. Den følgjer Hjelledalen og Sunndalen sør i området. Det mest krevjande partiet er opp Kamperhamrane.
Driftene med dyr frå Vestlandet til Austlandet var ei viktig næring på 1800- og byrjinga av 1900-talet. Vegen over Kamperhamrane til Skjåk var ein mykje brukt drifteveg i Nordfjord. Driftene samla seg vanlegvis på nordsida av Strynebukta og hadde seks faste kvileplassar på strekninga til Skjåk. Ruta gjekk via Oppstrynsvatnet, Hjelledalen og Sunndalssetra før ho gjekk over Kamperhamrane. Fleire stadar var det her bratte trappevegar oppetter blanke fjellsider og opp i over 1100 moh før dei kom over til Skjåksida.
Langs driftevegen ligg gardsbruk med stølar, husmannsplassar, vardar og sjølve vegfaret. Inne ved Kamperhamrane er det eit par «herbyrge», blokkeller bergheller som har vore brukt til overnatting for ferdafolk.
Den forseggjorte vegtraseen opp Kamperhamrane var krevjande å byggje og å vedlikehalde. Arbeidet ein la ned vitnar om kor viktig denne ferdselsvegen var. Etter opninga av Gamle Strynefjellsveg gjekk traseen ut av bruk som ferdselsveg mellom Aust- og Vestlandet, men er i dag ei historisk vandrerute.
I 1894 opna Gamle Strynefjellsveg. Vegtraseen går frå Skåre i Stryn til Grotli i Skjåk og følgjer Videdalen opp mot høgfjellet. Vegen er bygd med tørrmurar, hårnålsvingar, ein felts breidde, grusdekke og sikring med stabbesteinar. På Sogn og Fjordane-sida går han gjennom eit bratt og raustsett fjellterreng. Vegen var planlagt og bygd som ein rein turistveg, open i sommarsesongen, men vart ein viktig hovudveg mellom aust og vest.
Turisme vart stadig viktigare i Nordfjord i siste del av 1800-talet. Jernbanen var under bygging gjennom Gudbrandsdalen og turistvertane i Stryn og Geiranger såg at ein kunne få ei svært attraktiv turistrute viss ein knytte jernbanen i Otta saman med karjolskyss til Geiranger og Stryn. Ei anna attraktiv turistrute ville vere ein rundtur over Strynefjellet mellom Oppstryn og Geiranger. Langs Oppstrynsvatnet vart det ikkje bygd veg før i 1922, så her vart turistane vart frakta med dampbåt.
Det vart raskt bygd ut infrastruktur for å ta seg av dei reisande. Kaia i Oppstryn låg på Hjelle og samstundes med opninga av Gamle Strynefjellsveg opna det hotell her. Då vegen langs Oppstrynsvatnet kom, gjekk også den tett forbi hotellet. I 1903 etablerte staten ei fjellstove med ei spektakulær plassering ved Videseterfossen. Etterkvart vart ho utvida og driven som privat hotell. Både Hjelle hotell og Videseter hotell er framleis i drift.
Opp Tystigen til Videseter er vegen bygd med 19 slynger og er eit av dei mest spektakulære strekka på Gamle Strynefjellsveg. Den øvste delen opp til Videseter er framleis slik han var bygd i 1894, med grusdekke og stabbesteinar. Lenger nede i Hjelledalen er eit av dei mest spektakulære elementa Jøl bru. Brua går over elva Skjerdingdøla i ein skarp sving over eit gjel som er 50–60 meter djupt. Den skapte problem då ein gjekk over til bil- og busstrafikk. Brua var ein flaskehals for biltrafikken fram til det kom ny bru parallelt med den gamle då nye Strynefjellsveg vart bygd.
Ferdselen over Strynefjellet vart raskt stor og det kom snart krav om heilårsveg m.a. frå postvesenet og forsvaret. Den store utfordringa var den snørike Tystigen som var den siste stigninga på vestsida av Videdalen. For å få fram heilårsveg her måtte ein bygge ein svært dyr tunell. Prosjektet vart difor ikkje realisert. Først i 1977 vart Nye Strynefjellsveg opna for trafikk. Til liks med Gamle Strynefjellsveg byrjar den nye vegen ved Skåre bru og endar opp i Grotli, men traseen vart lagt gjennom Grasdalen i staden for Videdalen og med store deler i tunnel. Det vart også bygd rasoverbygg og raskjegler for å sikre ein trygg veg. Likevel er overgangen framleis utsett for stenging i vintrar med mykje uver og det vert reist krav om bygging av fleire tunellar for å sikre ein rastrygg heilårsveg.