• Stadlandet

    datafangstdato
    • 2024-01-26T00:00:00Z
    forsteDigitaliseringsdato
    • 2024-01-26T08:10:50Z
    id
    • 3244
    informasjon
    • Det vêrharde Stadlandet strekkjer seg som ein knyttneve ut frå land og deler Stadhavet i to. Bratte klipper går ned til sjøen. På sjølve platået er landskapet meir flatt og trelaust. Vikene som skjer seg inn i halvøya gav grunnlag for tidleg busetjing. Gravfunn viser at her har det vore gardsdrift sidan eldre jernalder. Busetnaden er i hovudsak lokalisert til dalføra med flat, vid dyrkingsjord og i bratte bergskòrer ved havgapet. Mange av grendene har godt bevarte landskap og eldre bygningsmiljø, slik som Fure, Liset, Drage, Hoddevika, Ervik, Honningsvågen og Tungevågen. Heiane er i hovudsak samansett av platåmorene og torvmyr. På dei høgareliggande delane dominerer terrengdekkande myr, med djupne på ein til to meter. Strandvollar og sandstrender er eit anna særtrekk. Vi finn tydelege strandvollar i Honningsvåg, Hoddevik og Ervik. I Hoddevik og Ervik er strandvollane dekka med flygesand og her er aktive sanddyner. Gardsbruka er typiske kombinasjonsbruk med landingsplassar, båtstøer og naust, åkerareal, innmarksenger og utslåtter, heimestølar, beitemark i fjellet, torvmyrer, lyngsankingsområde og jaktområde. Stadhavet er eit av dei farlegaste strekka langs Norskekysten og det har alltid vore forbunde med fare å krysse det. På begge sider av Stadlandet var det naudhamner der båtar kunne vente på godt nok vêr til å passere. I eldre tid var det også vanleg å trekke båtar over Dragseidet for å unngå å krysse Stadhavet. Traseen gjekk mellom Leikanger og Drage. Dette er ei svært gamal ferdselsrute der store delar er bevart. På Dragseidet står ein steinkross, oppsett i 1913, på staden der Olav Tryggvason kristna fire fylke i 997. Fiske var svært viktig. Stadlandet ligg mellom Vanylvsgapet og Sildegapet som er to viktige fiskeområde. I sesongfiskeria deltok også fiskarar frå andre delar av distriktet. Fiskarane heldt til i rorbuer og naust. Dei store naustrekkjene i Hoddevik, Drage og Ervik viser tydeleg kva fisket har hatt å seie for busetnaden der. Gardsbruka er i hovudsak samla i grender nede ved sjøen, men nokre ligg òg ved dei store vatna oppe på platået. Det milde klimaet gjorde at ein kunne ha sau og kystgeit gåande ute heile året. Kystlyngheiene saman med tang gav fôr året igjennom. Stellet av kystlyngheiene har vore ein del av det tradisjonelle jordbruket på Stadlandet og er framleis halde i hevd, om enn i mindre omfang enn tidlegare. Med jamne mellomrom vart lyngen brent for å unngå at han vart for grov. Kystlyngheiene er nokre av Vest-Europas eldste menneskeskapte landskap der prosessen med å skape dei starta allereie for 5000 år sidan. Gardstuna ligg med innmarka samla rundt seg. Innmarka er mange plassar delt opp av steingjerde som skil mellom dei ulike bruka og mot utmarka. Eit karakteristisk trekk er gardfjøsane, mange bygd i stein, som i Honningsvåg, Ervik, Hoddevik og Drage. Dei fleste gardane på Stadlandet vart utskifta rundt førre hundreårsskifte og fekk då dagens gardsstruktur, men på Indre Fure vart klyngetunet ikkje splitta opp. Det gjev eit godt bilete av landskapet på Stadlandet før utskiftinga. Gardane hadde stølar inne på fjellet. Eit døme her er stølsområdet Løkane som vart brukt av fleire gardar. For mange var det vanleg at budeia gjekk opp og ned morgon og kveld for å mjølke. I det trelause landskapet var torv frå myrene ein verdifull ressurs. Eit av dei store og godt bevarte områda med terrengdekkande myr finn vi i Dekkene naturreservat. Det er eit samanhengande landskap med lynghei og terrengdekkande myr. Myra i bakkehallingane gav den beste torvkvaliteten då torva her var best omdanna. Torva vart enten lagra i eigne torvhus på heia eller frakta til garden. I torvmyrene finn vi tydelege spor etter torvtekt, som gamle grøfter, rektangulære hol i myrflatene eller unaturleg rette kantar i skrånande terreng. Kyrkjegarden i Ervik er sannsynlegvis frå mellomalderen. Det var ein gamal skikk at presten heldt preike her ein gong i året, gjerne når det var mange tilreisande til fisket. I 1943 forliste hurtigruteskipet Sanct Svithun utanfor Ervik etter at det vart bomba av dei allierte og mange omkom. I 1970 vart det bygd kapell ved kyrkjegarden. I klokketårnet står krossen frå ei massegrav for russiske krigsfangar som mista livet i straffeleiren som låg i Ervik i krigsåra. Vi finn framleis spor etter leiren. Stad har i alle tider vore strategisk viktig, og det var tidlegare veter her som varsla om ufred. På byrjinga av 1800-talet vart det bygd ein kystsignalstasjon på Kjerringa, der det i dag står ein vêrradar. På tredvetalet vart Hovden i Ervik ein viktig del av forsvarsverka med ein flyvarslingsstasjon. Denne vart overteken av tyskarane i 1940. Tyskarane sine militære anlegg på Hovden, Kjerringa og Storeneset i var ein viktig del av forsvarsverket Atlanterhavsvollen. Mange av ruinane er framleis synlege i landskapet.
    kommune
    • 4649
    kulturmiljoId
    • K559
    kulturmiljokategori
    • M-KULA
    lokalId
    • 559
    malemetode
    • 19
    navn
    • Stadlandet
    noyaktighet
    • 100
    oppdateringsdato
    • 2024-06-20T08:45:54Z
    opphav
    • Riksantikvaren, Hovedkontor
    versjonId
    • 20230126