• Selja

    datafangstdato
    • 2024-01-26T00:00:00Z
    forsteDigitaliseringsdato
    • 2024-01-26T08:10:50Z
    id
    • 3245
    informasjon
    • Selja er ei av fjelløyene langs kysten av Sogn og Fjordane med to karakteristiske fjelltoppar, Varden og Klosterfjellet. Øya er strategisk plassert der den indre og ytre tjodleia langs kysten møttest for så å fylgje same lei forbi Stad. Selje var hamn der ein venta på høveleg vêr for å segle over Stad. Selja er nemnd i skriftlege kjelder heilt frå sagatida i samband med reiser langs kysten og vestover havet. Delar av øya, spesielt i sør-vest, er prega av bratte klipper og blokkmark. Mot aust og nord er det betre forhold for jordbruk på strandflater og i lune viker. Mot vest ligg den mest vêrharde delen, men også her er det større flatare parti mellom fjellet og sjøen og hamna i Klostervågen. På den austre delen av øya ligg det fleire små gardsbruk. Mellom Selja og fastlandet ligg Ersholmen. Holmen var opphavleg skogfri, men etter eit forsøk i 1876 på skogplanting i eit barskt kystklima, er den blitt dekka av skog. Øya Selja er knytt til legenda om Sunniva og seljumennene. Legenda vart skriven ned i fleire versjonar i mellomalderen. Hovudtrekka er at den gudfryktige kongsdottera Sunniva flykta frå Irland då ho mot sin vilje skulle giftast bort til ein heidensk vikinghovding. Sunniva og fylgjet hennar sette ut i opne båtar utan segl eller årer. Dei dreiv over havet og kom først til Kinn, men vart jaga derifrå og for vidare til Selja der dei slo seg ned. Det vart etterkvart ufred med dei som budde i området. Dei lokale sende bod på Håkon jarl for å få dei nykomne vekk frå øya. Legenda fortel vidare om korleis Sunniva og fylgjet hennar søkte ly i ei berghole då Håkon jarl gjekk til åtak. I fylgje legenda vart dei frelste ved at Gud lòt store steinar rasa ned frå hola og gravla Sunniva og fylgjet henna. Seinare ser forbipasserande eit blendande lys frå øya og det vart funne bein etter menneske med ein vedunderleg, søt ange. I 996 oppsøkte Olav Tryggvason Selja, og saman med biskopen sin finn han menneskebein og kroppen til Sunniva heil og uskadd. Olav Tryggvason og biskop Sigurd gjorde etter dette Selja til den første helgenstaden i Noreg. Truleg starta helgendyrkinga straks etter. Dei kulturhistorisk mest interessante områda på Selja er klosteret med helgenanlegg, Heimen med humlegarden, Nordbø med den gamle kyrkjegarden og restane etter grunnmurane til kyrkja og gardsbruka på austsida av øya, samt vegen mellom Bø og klosteret. Klosterruinane og helgenanlegget rettar seg mot storhavet. Mot søraust reiser terrenget seg bratt opp mot fjellet der helgenanlegget ligg. Benediktinarklosteret og helgenanlegget er bygd opp rundt legenda om St. Sunniva. I 1068 la Olav Kyrre eitt av dei tre norske bispeseta til Selja og rundt år 1070 vart Albanuskyrkja reist som bispekyrkje. Klosteret var via til St. Albanus og vart bygd ut i fleire byggesteg fram til slutten av 1200-talet eller byrjinga av 1300-talet. Etter svartedauden fekk klosteret ein knekk, men var i drift til ut på 1500-talet. Anlegget består av sjølve klosteret der dei fleste av bygningane var organisert i ein lukka firkant med ein open plass i midten. Tårnet til St. Albanuskyrkja er i dag den einaste delen av klosteret som framleis står i full høgd og med tak. Helgenanlegget er bygd opp slik at ein går frå sjøen og opp til Sunnivahola der helgenstaden ligg heva over resten av anlegget og understrekar det opphøgde og heilage ved hola. I landskapet kring kloster og helgenanlegget på Selja er det fleire steinbrot der ein henta ut bygningsmaterial i mellomalderen. Steinblokker vart og henta frå det rasprega nærområdet. Hagen er eit viktig element ved mellomalderen sine klosteranlegg. På Selja kan klostergarden ha vore brukt til noko dyrking, men omlag ein kilometer frå klosteret ligg eit skjerma område som vert kalla Heimen eller Humlegarden. I fylgje tradisjonen dreiv munkane hagebruk her og undersøkingar tyder på at dette kan ha vore drive tilbake til mellomalderen. Ei rekkje steinstrukturar i området kan vere rydningsrøyser eller graver. Vegen frå Bø på austsida av øya går til klosteret, og var truleg hovudvegen dit. På austsida finn vi i dag fleire tradisjonelle kystgardsbruk som vart rydda på nytt på 1800-talet og byrjinga av 1900-talet. Området har vore i bruk i lang tid, og her er mange spor etter menneske i forhistorisk tid, i form av dyrkingslag, båtstøer og gravrøyser. Fylkeskyrkja stod her fram til 1654 då ho vart flytta inn på fastlandet. På Nordbø er murane etter kyrkjeskipet og koret, samt kyrkjegardsmuren framleis synlege i terrenget. Det var prestegard her fram til reformasjonen.
    kommune
    • 4649
    kulturmiljoId
    • K560
    kulturmiljokategori
    • M-KULA
    lokalId
    • 560
    malemetode
    • 19
    navn
    • Selja
    noyaktighet
    • 100
    oppdateringsdato
    • 2024-06-20T08:45:54Z
    opphav
    • Riksantikvaren, Hovedkontor
    versjonId
    • 20230126