• Nærøyfjorden

    datafangstdato
    • 2024-01-26T00:00:00Z
    forsteDigitaliseringsdato
    • 2024-01-26T08:10:50Z
    id
    • 3246
    informasjon
    • Dette er eit dramatisk fjordlandskap omkransa av høge fjell. Vi finn spor etter førhistorisk fangst i fjella og etter jordbruksdrift tilbake til bronsealderen. Kjernen i området er Aurlandsfjorden og Nærøyfjorden med strandsoner og lier utan større synlege tekniske inngrep. Gardsbruka er med på å prege landskapet langs fjorden, i dalføra og på fjellhyllene over fjorden. Skog er karakteristisk for delar av området, der lauvskogen dominerer dalføre og lier i heile området. Barskogen er òg eit tydeleg innslag. Fjellområda som vert toppa med store fonner og bremassiv går opp i over 1700 moh. På fjellryggane ved Fresvikbreen ligg det fleire stupfangstanlegg for rein. Anlegga er store og omfattar faste installasjonar som sperregjerde, murar, bogesteller, slakteplassar og kjøtgøymer. Fjorden har vore reiseveg og livsnerve. Dei få stadene der det har vore mogleg, har ein hatt busetjing i lang tid, noko som gravhaugar og -røyser langs fjorden vitnar om. Vi finn små tettstadar som Undredal og Gudvangen der busetnaden er samla nede ved fjorden og tilgjengelege ressursar er nytta innover i dalen og på fjellet. Ein har heilt fram til i dag hausta fôr på teigar som ligg lenger vekke, og bruk av båt har vore viktig for å kome til desse ressursane. Det er framleis synleg teigar på det vi i dag oppfattar som heller utilgjengelege stader. På mindre flater ved fjorden ligg det òg enkelte gardar, gjerne eitt eller to bruk saman, som til dømes Styvi og Breisnes. På Styvi i Nærøyfjorden er mykje av den eldre bygningsmassen framleis godt bevart og kulturlandskapet ved gardstunet er halde i hevd. Styvi hadde vår¬støl nede ved fjorden, og sommarstølen låg på andre sida av fjorden saman med stølane til gardane i Dyrdal. Dyrdal har hatt busetjing i lang tid. Fangstanlegga i fjellet og arkeologiske funn vitnar om det lange tidsrommet menneska har brukt området. Dei eldre gardstuna og jordbrukslandskapet fortel om busetjinga og levevegen. Av særskild interesse er nausta og restane av det eldre bygningsmiljøet nede ved fjorden, klyngjetunet som ligg ovanfor fjorden, gardstuna i Drægali og på Drægo lenger opp mot fjellet, samt stølsvollane. Samla utgjer desse bruka eit heilskapleg kulturlandskap med forholdsvis få moderne tiltak. Grenda Bakka, med fleire gardsbruk og kyrkje, har eit heilskapleg og godt bevart bygningsmiljø med gardstun og eit lite strandsitjarmiljø. Det er aktiv jordbruksdrift og tydelege spor etter eldre drift. Langs fjordane var det tidlegare fleire høgdegardar i drift. Tuna og kulturlandskapet på Nedbergo og Stigen er framleis bevart og er viktige element i det storslegne landskapet. For gardane i området har utmarksressursane vore avgjerande, ofte med fleire stølar. Fjellområda var òg mykje nytta til jakt og fiske. Bruken av landskapet har sett tydelege spor med ulike typar bygningar, vegfar, bakkemurar, og steingjerde samt murar i sjø for å verne bøane mot erosjon. Undredal ligg ved Aurlandsfjorden og tilkomsten til bygda var lenge via fjorden. I Undredal står husa tett saman langs vegen. Lenger opp frå fjorden ligg det fleire gardsbruk. Det er framleis slik at nokre av dei som bur i tettstaden driv små gardar. Nokre av dei har også slåtteteigar utetter fjorden. Innover dalen er det stølsområde og der det framleis er aktiv geitedrift på nokre av stølane. Undredal har hatt busetnad i lang tid og var tidlegare eit sentrum med ei lang historie som kyrkjestad, noko Undredal stavkyrkje vitnar om. Dei gamle ferdselsrutene gjekk mykje på fjorden, men det var likevel behov for vegar over land. Ei av rutene mellom Aust- og Vestlandet gjekk inn Nærøyfjorden og vidare til Stalheim og Voss. Den gamle postvegen mellom Styvi og Bleiklindi frå 1660 vart brukt til å frakte posten frå Gudvangen til Styvi når det låg is på fjorden og derfrå med båt til Lærdal. Frå Gudvangen gjekk vegen vidare gjennom Nærøydalen. Her er det bevart fleire strekk av den gamle kongevegen. Traseen frå Nærøydalen og opp til Stalheim var svært bratt. Auka ferdsel på 1800-talet gav behov for ei større utbetring som var ferdig i 1845. Ein kunne frå då av køyre opp Stalheimskleiva med hest og kjerre. I siste halvdel av 1800-talet kom dei første turistane til området. Dette vart starten på ei reiselivsnæring som framleis er svært viktig. Frå slutten av 1800-talet vart turen frå Gudvangen og opp til Stalheim eit populært reisemål for cruiseturistane på Nærøyfjorden. Gudvangen vart etterkvart ein liten tettstad med hotell og serveringsstadar. Stalheim hotell med si spektakulære plassering over Nærøydalen, er eit anna spor etter turistane. Stalheimskleiva vart tidleg ein attraksjon. På 1800-talet vitja mange kunstmålarar Nærøyfjordområdet. Eit av dei mest kjende verka frå nasjonalromantikken er Johan Christian Dahl sitt måleri «Fra Stalheim». Biletet viser utsikta frå Stalheim mot Nærøydalen. Måleriet er ei god kjelde til kunnskap om landskapet slik det var på midten av 1800-talet. Diktaren Per Sivle vaks opp på Stalheim. Oppveksten og landskapet der har vore med å prega arbeidet hans. I ei av dei mest kjende forteljingane hans «Berre ein hund» har fjellet Jordalsnuten ei sentral rolle. I bilete «Fra Stalheim» har også dette karakteristiske fjellet ei sentral plassering.
    kommune
    • 4641
    kulturmiljoId
    • K575
    kulturmiljokategori
    • M-KULA
    lokalId
    • 575
    malemetode
    • 19
    navn
    • Nærøyfjorden
    noyaktighet
    • 100
    oppdateringsdato
    • 2024-06-20T08:45:54Z
    opphav
    • Riksantikvaren, Hovedkontor
    versjonId
    • 20230126