Noreg si lange kystlinje var ein viktig del av det tyske forsvarsverket Atlanterhavsvollen. I Sogn og Fjordane vart det bygd eit omfattande nett av forsvarsverk med skytestillingar, kystfort og tunge batteri. Anlegga vart i stor grad bygde av krigsfangar frå Sovjetunionen og Aust-Europa, samt sivile tvangsarbeidarar.
Etter 1945 vart ei rekkje av anlegga avvikla, medan andre vart overtatt av det norske forsvaret og var i bruk i lang tid. Festningsverka var plasserte på strategisk viktige stadar og spesielt ved munningane til Nordfjord, Sunnfjord og Sognefjorden for å hindre at allierte skip kunne segle inn fjordane og ta seg vidare til lands austover. Kystforta skulle også forsvare tyskarane sin skipstrafikk nord- og sørover langs Norskekysten.
Utanfor Nordfjord går ei av hovudleiene nord-sør gjennom Ulvesundet, over Vågsfjorden og inn Skatestraumen før den går vidare sørover gjennom Rugsundet. Det tyske kystforsvaret var her konsentrert til området ved Måløy og Vågsfjorden som var eit strategisk viktig punkt langs Norskekysten. Dei militære anlegga her skulle verne skipa i konvoiane som gjekk forbi Stad og dei skulle sperre av innseglinga til Nordfjord.
Kystforta på Rugsundøy, Blålid og Vemmelsvik sperra av innseglinga til Nordfjord. Her kunne dei tre kanonbatteria samlast mot mål i Vågsfjorden og ved den indre sperrelinja mellom Rugsundøy og Angelshaug var ein framleis under eld frå batteriet på Tangane når ein kom innanfor rekkevidde av torpedobatteriet på Angelshaug. Anlegget på Kulen skulle sikre hamna i Måløy og kontrollere Ulvesundet.
Området omfattar fem militære anlegg: Torpedo-Batterie Angelshaug, MKB 9./504 Nordfjord (Rugsundøy), HKB 3./981 Vemmelsvik, HKB 7./981 Blaali og Batteri 895 Kulen (Måløyna). Batteri 894 Kulen (Måløyna) vart øydelagt under Måløyraidet i 1941. Måløyraidet vart utført av den britiske militære eininga Spesial Operations Executive der 576 mann deltok, av desse 33 norske frå kompani Linge. Målet med Måløyraidet var å nedkjempe dei tyske styrkane, uskadeleggjere kanonstillingane og å øydelegge industriverksemder som var til nytte for okkupasjonsmakta.
Under Måløyraidet vart Batteri Kulen nedkjempa og øydelagt før det rakk å fyre av skot. Etter Måløyaidet vart det bygd ut ei rad store festningsanlegg kring Måløy, mellom anna kystforta på Blålid og Vemmelsvik.
Våren 1942 vart det sett opp eit nytt batteri på Kulen som erstatning for det som vart øydelagt, men det vart etter svært kort tid flytta til Vemmelsvik. Frå Kulen har ein god oversikt over Vågsfjorden samstundes som ein kontrollerer innløpet til Ulvesundet. Anlegget skulle også forsvare byen Måløy mot angrep. På Kulen står det i dag berre att restar av fundamenta til anlegget.
Batteriet på Blålid kom dit i 1944 og var flytta frå Flokenes ved Førdefjorden. Flyttinga var eit ledd i å samle kreftene i viktige tyngdepunkt. Blålid skulle nedkjempe sjømål i Vågsfjorden, sperre innløpet til Nordfjord og Måløy og sikre eigne skip og konvoiar i området. I tillegg til batteriet bestod fortet av mellom anna kai, bunker for kommandoplass og sambandssentral. Frå Blålid er det kort avstand og god sikt over fjorden mot Måløy.
Anlegget på Vemmelsvik frå 1942 ligg lenger inne i Vågsfjorden. Det har godt utsyn utover fjorden mot vest og mot anlegget på Rugsundøy og innløpet til Skatestraumen. Fundamenta til eit batteri plassert nede på svaberga er synlege frå sjøen, men den tette granskogen bak gjer at anlegget lenger inne på land er lite synleg. Det sørlegaste punktet til anlegget er på Vemmelsvikholmen. Holmen har lite skog og her er ruinane etter batteriet godt synlege. Mellom holmen og fastlandet er det lagt opp ei fylling som det er bygd bilveg på ut til batteriet. Foreningen Vemmelsvik kystfort arbeider med å ta vare på fortet og har mellom annan restaurert ei av kanonene.
MKB 9./504 Rugsundøy er plassert på Tangane på vestsida av Rugsundøy. Rugsundøy var saman med Nesje fort ved Sognefjorden dei to første kystforta som vart etablerte i Sogn og Fjordane. Kystfortet på Rugsundøy var òg eitt av berre to kystfort i Noreg som var involvert i regulær kamp då det under Måløyraidet vart utsett for bombeangrep og kjempa mot den britiske kryssaren HNM Kenya.
Landskapet her er framleis eit ope lyngheilandskap. Ruinane etter kystfortet med den attverande kanonen er godt synleg og viser korleis ein har nytta landskapet i oppbygginga av fortet og for å oppnå eit strategisk mål.
Torpedo-Batteriet Angelshaug er plassert på fastlandet aust for anlegget på Vemmelsvik og vart bygd i 1940. Torpedobatteriet var kamuflert som eit naust i fjøra. På slutten av krigen vart kommandosentralen for kystavsnittet flytta frå Florø til Angelshaug. I dag er det berre ein betongruin att av torpedobatteriet. Batteriet er plassert heilt nede ved sjøen inne i ei lita vik.