Frøysjøen er ei viktig farlei som har vore brukt frå lang tid tilbake, noko dei mange gravrøysene vitnar om. Då havstrekninga på utsida av Bremangerlandet er svært vêrhard, gjekk seglingsleia langs kysten gjennom Frøysjøen. I nord møter Skatestraumen utløpet av Nordfjord og her kan ein segle enten gjennom Rugsundet og innover til fjorden eller nordover gjennom Ulvesundet.
Sjøområda er omkransa av fjell og øyer, mange med steile og høge fjellsider, men òg fjell med mjuke avrunda toppar. Nokre stader er det flatare parti og låge nes, som på Berle. Det opne landskapet er prega av stein og knausar, med innslag av jordbruksområde. Delar av området er eit blokklandskap forma av ras over lang tid. I Vingen er dette særleg tydeleg og dei mange helleristingane vitnar om det lange tidsrommet landskapet er brukt av menneska.
Skatestraumen er eit smalt og langstrekt sund mellom Bremangerlandet og Rugsundøy. Her er tidvasstraumane kraftige gjennom det relativt tronge og grunne sundet. Det gjer Skatestraumen til en god fiskeplass, noko den har vore heilt tilbake i steinalderen. Eit teikn på dette er den store konsentrasjonen av spor etter menneske frå steinalderen og fram til jernalderen, som vi finn på begge sider av Skatestraumen. Området si strategiske plassering for ferdsel langs kysten og det rike fisket gjorde at mange kunne livberge seg her. Ingen annan stad i Sør-Noreg har så mange store buplassar med så tjukke busetjingslag som i Skatestraumen. Han vert difor rekna som ein sentral plass i steinalderen.
Enkelte formasjonar skil seg ut i landskapet og har fungert som landemerke langs kystleia. Hornelen er den mest kjende av desse. Fjellet ragar 860 meter rett opp frå fjorden og er Nord-Europas høgste sjøklippe. Det knyter seg ei rekkje segn og historier til klippa som er omtalt i kongesagaene, knytt både til Heilag Olav og Olav Tryggvason. I følgje lokal folketru var fjellet tilhaldsstad for trollpakk, og på jonsoknatta samla heksene seg her.
På austsida av Frøysjøen ligg Vingen med eit av Nordens største helleristningsfelt. Meir enn 2300 figurar er rissa i berget. Landskapsrommet er avgrensa av høge fjell som stuper ned i fjorden, men der enkelte flatare parti bryt opp. Innerst i Vingepollen kan ein sjå på landskapsrommet nærast som ein utandørs katedral, der vind og lydar skaper ekko innover fjordarmen og fjella rundt gjev eit nærast lukka landskapsrom. Rett ovanfor Vingen, på den andre sida av fjorden, ligg Hornelen. Denne mektige sjøklippa er synleg frå Vingen, og har etter alt å døme òg hatt betydning for plasseringa av bergkunsten i Vingen.
Vingen er ein forholdsvis kort padletur frå Skatestraumen og det er nærliggande å tru at dei som budde ved Skatestraumen brukte Vingen som ein felles rituell stad.
Vingen har såleis vore ein viktig samlingsplass for jakt- og fangstsamfunna langs kysten i steinalderen som truleg vart oppsøkt i heilt spesielle høve. Helleristingane er dei tydlegaste spora etter menneska sin bruk av dette landskapsrommet i førhistorisk tid. Hovuddelen av helleristingane er lokalisert på dei flatare partia. Området er veleigna til styrtjakt på hjort. Dei mange hjortedyra som er rissa i berg og på steinblokker knyter dei til ein fangst- og veidekultur som kan daterast til tids rommet 9000–2000 f.Kr.
På nordsida av Skatestraumen ligg Rugsundøya som ei av dei store øyene i dette landskapet. Mellom Rugsundøya og fastlandet i aust går Rugsundet. I nord opnar sundet seg opp mot Nordfjord. Sjølve sundet er sentralt i landskapet. Samanhengen mellom fjord, sund og øyer gjev eit vakkert og variert landskap. Frå Rugsund kan ein òg sjå Hornelen.
Den gode hamna har frå gamalt av vore sentral. Her var det kyrkje frå mellomalderen og handelsstad frå slutten av 1600-talet. Gjestgjevarstadar med losji var etterspurt av øvrigheitspersonar, fiskarar og bønder på veg til eller frå Bergen.
Kombinasjonen mellom fiske og jordbruk har nokre stader sett tydelege spor i landskapet rundt Frøysjøen, mellom anna ved Rugsund og i Vingen. Gardsbruka ligg i strandsona der tunet omkransa av innmarka gjerne ligg eit stykke opp frå sjøen med fjellsida i bakkant, nede ved sjøen ligg naust og sjøbuer. På 1600–talet skapte eit rikt sildefiske grunnlag for fast busetjing på mange avsides plassar i Nordfjord.
Berleområdet på vestsida av Frøysjøen er eit rikt jordbruksområde noko gravfelt, gravhaugar og gravrøyser viser. Bautasteinen ved Hauge Lille vitnar om den lange tida området har vore brukt av menneska. Berle var bustaden til høvdingen Berle-Kåre som vert omtala i Eigilssoga som beserk, sterk og modig.
Andre verdskrig har òg sett spor i området. Ved Berle og på Ospeneset finn vi synlege delar av tyskarane sitt forsvarsverk Atlanterhavsvollen.