• Jølstravatnet

    datafangstdato
    • 2024-01-26T00:00:00Z
    forsteDigitaliseringsdato
    • 2024-01-26T08:10:50Z
    id
    • 3249
    informasjon
    • Nikolai Astrup sin kunst er uløyseleg knytt til landskapet i Jølster der han vaks opp og budde mesteparten av livet. Landskapet går att i nesten heile produksjonen hans og har vore avgjerande for virke hans som kunstmålar. Jølstravatnet har ei lengd på om lag 20 km, i tillegg kjem Kjøsnesfjorden som ein utstikkar mot aust. Både Jølstravatnet og Kjøsnesfjorden er omkransa av høge og bratte fjell, nede langs vatnet er det fleire store skredvifter. Langs Kjøsnesfjorden er dei blankskurte fjellsidene eit markert trekk. På toppane av fjella her kan vi enno sjå dei blågrøne ismassane langs kanten av Jostedalsbreen. Ved Årdal og Ålhus vidar landskapet seg noko ut med korte dalar som strekkjer seg nordover. Jordbruk har vore, og er, ei viktig næring. Landskapet har vore prega av slåttemarker, styvingstre og steingardar. Utmarka og stølsdrifta var viktig. Gardflorar låg i grensa mellom innmark og utmark. Det bratte terrenget har påverka plasseringa og utforminga av gardstuna. Fram til utskiftinga vart tuna på fleire gardar organiserte som rekkjetun på grunn av terrenget. Tuna vart gjerne plasserte på område som var tørre og der dei ikkje opptok potensiell åkerjord. Det måtte òg vere trygt for ras. Nedanfor tunet låg åkrane, medan slåtteteigar og hamnehagar gjerne låg på oppsida av fjøsbygningane. Det er framleis bevart mykje frå den gamle strukturen. Jølstravatnet var viktig både for ferdsel og for livberginga, jf. dei mange nausta som ligg der. Nikolai Astrup vaks opp på prestegarden på Ålhus. Han begynte tidleg å måle, og særleg i den fyrste tida henta han motiva sine frå området rundt prestegarden. Etter at han var ferdig utdanna, kom han tilbake til Jølster og vart buande her resten av livet. Det var viktig for han å arbeide med motiva sine der dei var. Etter at han flytte til Sandalstrand på sørsida av Jølstravatnet, vart hagen og nærområdet her eit viktig element i motivkretsen. Jølstravatnet med dei omkransande fjella er eit sentralt element i landskapet som også er vesentleg i mange av Astrup sine bilete. Dette store landskapsrommet som er oppdelt av ulike jordbruksteigar og dei gamle gardstuna, var ei viktig kjelde til motiva hans. I mange av bileta møter vi gardstuna med den gamle byggjeskikken og kulturlandskapet rundt dei som hovudmotiv, medan det store landskapet dannar bakgrunnen. I området er det bevart fleire gamle tun med byggeskikk som går langt tilbake i tid, mellom anna delar av gamle klyngetun. Fleire av dei gamle stølsgrendene er bevarte og syner til både Astrup sin kunst og til den tradisjonelle driftsstrukturen i Jølster. Styvingstrea, høystakkane, frukttre i bløming og bjørkeskogen går att i fleire av dei mest kjende bileta hans. Langs Jølstravatnet finn vi framleis styvingstre, også eit motiv i måleria hans. Prestegarden på Ålhus med sine kvitmåla hus representerer ein annan type tun enn dei tradisjonelle gardstuna i Jølster. Landskapet sett frå prestegarden er eit av hovudmotiva til Astrup. Her er det embetsmennene si verd som vert vist og vi kan sjå det som ein kontrast til måleria av bøndene sine klyngetun. I framstillingane av prestegarden med hagen og landskapet rundt er det Astrup sine minne om barndommens Jølster som vert attskapt. Opplevingsbileta og minna frå barndommen var vesentlege for han og kunsten hans. Han hadde som målsetjing å kunne tolke sine eigne indre bilete i møtet med naturen i Jølster. Astrup nytta store delar av Jølster som motiv. Nokre område går att i bileta og har truleg vore viktige for han. Garden Sunde på sørsida av Kjøsnesfjorden, der han møtte Engel, som vart kona hans, er eit av desse. Garden ligg ved vatnet med utsikt til fjellet Kollen som han måla fleire gonger. Frå 1912 budde Astrup og familien på Sandalstrand som ligg i eit bratt terreng på sørsida av Jølstravatnet. Etter at Astrup tok over her, utvikla han plassen til det som i dag er kjent som Astruptunet. Sandalstrand skulle forsørge familien gjennom tradisjonelt husdyrhald og jordbruk, og vere ein gardshage der vill vegetasjon, bærbusker, frukttre og grønsaker også spelte ei estetisk rolle. Blomstrar var eit viktig element i hagen og i måleria hans. Kombinasjonen av pryd- og nyttevekstar, vill natur, tukta tre og fargar skapte ein kreativ gardshage med røter i Jølster sin jordbrukstradisjon. I tillegg var utsiktspunkta som trekte landskapet inn i opplevinga av Sandalstrand ein viktig del av utforminga av hagen. I biletkretsen frå Sandalstrand er vekstlivet og arbeidet på garden vesentlege motiv for den seine delen av Astrup sin produksjon. Nabotunet er òg med i mange måleri og er eit godt døme på korleis han har integrert utsikta frå sitt eige tun som ein del av opplevinga frå gardshagen. Slik Astrup utforma hagen og brukte han i kunsten, kan vi trekkje parallellar til Nolde og Monet som skapte hagar for at dei skulle vere ei kjelde til motiv i deira kunst. Astruptunet slik det er i dag kan sjåast på som ein forenkla versjon av gardshagen frå Nikolai Astrup si tid.
    kommune
    • 4647
    kulturmiljoId
    • K565
    kulturmiljokategori
    • M-KULA
    lokalId
    • 565
    malemetode
    • 19
    navn
    • Jølstravatnet
    noyaktighet
    • 100
    oppdateringsdato
    • 2024-06-20T08:45:54Z
    opphav
    • Riksantikvaren, Hovedkontor
    versjonId
    • 20230126