Dette er eit klassisk fjordlandskap der fjorden er omgjeven av høge fjell. Samspelet mellom den dramatiske naturen og dei busette områda med gardsdrift er karakteristisk. Ved Ornes skifter fjorden retning og neset er eit markant element i landskapet der det strekkjer seg langt ut og er synleg i heile området. Den karakteristiske lyse fargen på fjorden er ei fylgje av brevatnet som renn ut i han. Fleire dalføre munnar ut i fjorden, og der landskapet flatar noko ut ligg gardsbruka. Eit karakteristisk trekk er dei store gardane der fleire framleis er i drift.
På Ornes ligg verdsarvstaden Urnes stavkyrkje og området femner heilskapen som omgjev stavkyrkja. Terrenget på Ornes stig regelmessig opp mot flata der stavkyrkja er plassert. Her frå stig terrenget vidare bratt oppover til omlag 930 moh. Landskapet på Ornes er ein mosaikk av innmark med produksjon av gras, bær og frukt, samt busetnad og skogkledd utmark. Busetnaden og innmarka ligg på dei flatare partia, samt på vest- og sørsida av neset.
Stavkyrkja låg tett på garden Urnes, og var synleg på god avstand i det som tidlegare var eit ope jordbrukslandskap. Utskiftingskartet frå 1865 viser plasseringa av kyrkja rett nord for tunet der ho heva seg over bygningane i tunet. Kyrkja var truleg ei høgendekyrkje. Det vil seie at ho høyrde til garden Urnes som i mellomalderen var ein mektig gard. Det store tunet var plassert sør og aust for kyrkja. Etter utskiftinga flytta fleire bruk ut av tunet og etablerte seg med eigne tun, omgjevne av innmarka aust for kyrkja. Denne strukturen er framleis bevart. Bygningsmassen og innmarka er særs godt bevart.
Nede ved fjorden ligg fleire gardsbruk, også her er mykje av den eldre bygningsmassen bevart, samt innmark og både nyare og eldre frukthagar. Ytst på neset ligg ferjekaien og ei eldre naustrekkje. Her har det sannsynlegvis vore landingsplass for båt i lang tid.
I tunet på Nedre Bugge ligg gravhaugen Skipshaug, tidfesta til yngre bronsealder og det eldste gravminne på Ornes. Han er i dag lite synleg, men har tidlegare vore eit markert element i landskapet. Lengre sør på neset ligg Ragnvaldshaug som er frå eldre jernalder. Denne er framleis godt synleg. Både Skipshaug og Ragnvaldshaug kan sjåast på som ei territoriemarkering, begge hadde ei tydeleg plassering mot sjøen.
Ved den gamle vegen frå fjorden opp til garden og kyrkja står bautasteinen Høgesteinen. Steinen står sannsynlegvis på sin opphavlege plass og vart truleg reist i yngre romartid/folkevandringstid. Då det var vanleg å plassere bautasteinar langs vegar, er det sannsynleg at gamlevegen er like gamal eller eldre enn bautasteinen. På same måte som gravhaugane, fungerer bautasteinen som ein territoriemarkør som knyter tunet til vegen og fjorden.
Lengst nord i området på sørsida munnar Krokadalen ut. Her flatar terrenget ut og gav gode forhold for jordbruk. Her ligg fleire gardar som har vore i bruk over lang tid. Gravrøyser frå jernalderen ved både Ytre og Indre Kroken vitnar om det. Ytre Kroken var ein storgard som i 1764 kom i offisersfamilien Munthe sitt eige. På byrjinga av 1800-talet vart garden ein møtestad for kunstnarar.
Tettstaden Solvorn ligg vis a vis Ornes og er ein viktig innfallsport til verdsarvstaden Urnes stavkyrkje. Solvorn har ei lang historie som strandstad med busetnad tilbake til vikingtida. Her var det ei naturleg hamn som vart nytta av gardane på Hafslo og Mollandsmarki i tillegg til dei i Solvorn. I løpet av 1600-talet utvikla Solvorn seg til ein tettstad, med handelsstad, skysstasjon, og etter kvart gjestgjevargard og tingstove. På allmenningen nede ved Strondi bak nausta vaks det fram eit strandsitjarmiljø med små, enkle husvære og uthus. Solvorn vart stadig viktigare som knutepunkt og etterkvart vart det bygd rekkjer av sjøhus på bolverk utover sjøen.
I 1813 vart sorenskrivarembetet for Indre Sogn flytta frå Sogndal til Solvorn og sorenskrivargarden Christianelyst vart bygd. Christianelyst avgrensar tettstaden mot sør, medan Walaker hotell avgrensar tettstaden mot nord. På oppsida av vegen bak strandsitjarhusa vakst det på slutten av 1800- og byrjinga av 1900-talet fram eit nytt belte av frittliggande einebustadar, mange av dei i sveitserstil.
I mellomalderen stod det ei stavkyrkje i Solvorn, omtala i skriftlege kjelder frå før 1340. Stavkyrkja stod truleg ved den gamle kyrkjegarden rett sør for dagens kyrkje. Den gamle kyrkjegarden er framleis bevart og frå den er det gode siktliner til Urnes stavkyrkje.
Rundt Solvorn er det eit aktivt og godt bevart jordbrukslandskap med eldre gardstun. Høgdegardane på Mollandsmarki omkransa av innmark er eit viktig element i landskapet og viktige opplevingselement sett frå stavkyrkja.