• Hyllestad

    datafangstdato
    • 2024-01-26T00:00:00Z
    forsteDigitaliseringsdato
    • 2024-01-26T08:10:50Z
    id
    • 3251
    informasjon
    • Området rundt Åfjorden er eit ope fjordlandskap omkransa av låge avrunda fjell. I aust deler fjorden seg i Hyllestadfjorden og Sørefjorden. Dei to fjordarmane er skilde av det langstrakte karakteristiske Katleneset innerst i fjordbotnen der kommunesenteret Hyllestad ligg. Lihesten skil seg ut som eit viktig landemerke. I strandsona og inne i dei små dalane og vikene ligg ei rekkje eldre gardsbruk. Menneska her livnærte seg i hovudsak av jordbruk og fiske, i tillegg til kvernsteinsproduksjonen. I Hyllestadvikja, nord for dagens sentrum, ligg det gamle sentrumet med eit heilskapleg og særprega bygningsmiljø med naust, sjøbuer, dampskipskai og fleire eldre bustadhus. Mykje tilgang til granatglimmerskifer saman med gode forhold for utskiping og transport gjorde området godt eigna til produksjon og eksport av kvernstein. Granatglimmerskifer er ein skifrig, mjuk stein full av harde granatar, veleigna til kvernstein. Produksjonen av kvernstein i Hyllestad har ei tidsdjupn på 1300 år med spor etter aktivitet frå 700-talet og fram til 1930-talet. Det vart i hovudsak laga to typar, handkvernstein og vasskvernstein. I mellomalderen vart det òg laga steinkrossar. Fleire bevarte steinkrossar på Vestlandet frå 900- til 1200-talet skriv seg frå Hyllestad, mellom anna to i Eivindvik og tre i Hyllestad. Steinkrossane var truleg spesialbestillingar frå mektige kundar. Det er òg funne spor etter plater, trau, mortarar, ljoresteinar og ulike heller. Kvernsteinverksemda har sett tydelege spor i områda for produksjon og i fjorden der ein skipa ut kvernsteinen. Dei største brota finn vi ved Myklebust i Hyllestad sentrum og på Rønset. Dei ferdige kvernsteinane vart skipa ut frå kaiar fleire stadar langs Åfjorden til marknadane ute i Europa. Vi finn spor i form av kaiplassar, tapte kvernsteinar og ballaststein på fjordbotnen. Dei eldste synlege brota finn vi på Otringsneset og Sæsol, daterte til 700-talet. Dette er nok likevel ikkje dei eldste produksjonsspora, dei er dekt til med produksjonsavfall og er ikkje undersøkte. I dei store brotområda kan vi sjå utviklinga av teknikken med å ta ut kvernstein i eit langt tidsrom. Utviklinga har i grove trekk gått frå hogging av emne til handkverner i grunne brot fram til rundt 1100-talet, til djupare brot og meir effektiv produksjon av vasskvernstein. Før 1600-talet var det truleg slutt på hogginga av emne rett frå fjell, og utover 1700-talet vart det vanleg med sprenging. Innanfor området finn vi gode døme på dei ulike fasane av utvinninga. Kvernsteinsparken er lokalisert nær kommunesenteret og tilrettelagt for at ein kan oppleve delar av kvernsteinsbrota på Myklebust. Her er delar av terrenget prega av store avslagshaugar og bekkeløpet er fylt med kvernsteinsemne og avslag. Tydelege spor etter drift ser ein i brotveggar, lause emne og store avslaghaugar. Ved Myklebustneset ligg det kvernsteinar i sjøbotnen som vitnar om utskipinga av kvernstein. Garden Sæsol ligg på ein ås i eit ope småkupert terreng med visuell kontakt med Hyllestadfjorden og Sørefjorden. I dette området har ein dei eldste dateringane av steinbrota i Hyllestad. På strekninga Rønset – Otringsneset finn vi den tettaste konsentrasjonen av spor etter kvernsteins produksjon. Området har både nokre av dei eldste, og dei fleste av dei yngste steinbrota i Hyllestad. Omfanget her har vore så stort at landskapet er endra og spora etter drifta er framleis synlege. I området Rønsetlia-Berge finn vi dei yngste produksjonsplassane. Her tok ein i bruk ny teknologi ved at ein sprengde ut steinblokker i fjellet med krut og så hogg ut kvernsteinane frå desse blokkene. I brota frå 1600- og 1700-talet finn vi borehol for sprenging og store blokker som vart hogd til vasskvernstein. Ved Rønsetklubben nede ved fjorden finn vi ein annan stor konsentrasjon med mange «grunne» brot med uttak av handkvernstein som kan vere særs gamle. Her finn vi òg ein del av ein gamal brotveg og spor etter både båtfeste og kaianlegg som tyder på at det har vore ein utskipingsstad her. I fjorden er det gjort funn av kvernstein og skrapstein ved Rønsetklubben og funn av kvernsteinar ved Stuberget. I svaberget på Otringsneset er det hogge ut fortøyingsringar som vitnar om at dette har vore ein viktig utskipingsplass. Området som heilskap utgjer ei unik samling av kulturminne knytt til kvernsteinsproduksjon over eit svært langt tidsrom. Rønset/Otringsneset og Myklebust er dei to stadane i KULA-området som er rikast på kulturminne etter utvinninga. Her er det ei mengd brotveggar, avslagshaugar, brotgroper, rest etter brotveg, tre utskipingshamner, samt tydelege merke i fjellet etter kvernsteinsutvinninga. Kvernsteinsproduksjonen her har forma landskapet og ein ser tydeleg omfanget av den tidlegare aktiviteten. Kvernsteinslandskapet i Hyllestad er prega av dei mange store og små steinbrota, og viser utviklinga av produksjonsteknikken frå 700-talet og fram til moderne tid. Området har ca. 400 steinbrot av ulik storleik, frå små brot med nokre få uttaksspor der ein har hogd ut runde omriss for å kile ut handkvernstein, til djupe og høge brot der ein har tatt ut mange tusen stein til både handkvern og vasskvern. Ved steinbrota er det steinskrot i store haugar frå drifta, det er vegar, stiar, murar, ruinar og utskipingshamner, samt mange tusen kvernstein som gjekk sund og ligg att i terrenget. Det er også restar av smier, for hoggjarnet måtte skjerpast med jamne mellomrom
    kommune
    • 4637
    kulturmiljoId
    • K568
    kulturmiljokategori
    • M-KULA
    lokalId
    • 568
    malemetode
    • 19
    navn
    • Hyllestad
    noyaktighet
    • 100
    oppdateringsdato
    • 2024-06-20T08:45:54Z
    opphav
    • Riksantikvaren, Hovedkontor
    versjonId
    • 20230126