• Høyanger

    datafangstdato
    • 2024-01-26T00:00:00Z
    forsteDigitaliseringsdato
    • 2024-01-26T08:10:50Z
    id
    • 3252
    informasjon
    • Høyangsfjorden er omkransa av høge fjell med bratte sider. I fjordbotnen ligg tettstaden Høyanger med kraftverk og industrianlegg. Frå tettstaden går Dalsdalen innover med Daleelva i botn. Oppe på fjella er det ei rekkje større og mindre vatn, og opphavleg var det fleire fossar ned til dalen. Før 1916 var dette eit tradisjonelt jordbrukslandskap der gardane låg nede i dalen, ved fjorden eller på hyller oppe i fjellsida. Ved fjorden var det tre gardar og det budde om lag 120 menneske i området. Drifta av gardane var den tradisjonelle for Vestlandet med ein vertikal driftsstruktur med utstrekt bruk av fjellområda til beite, stølsdrift, jakt og fiske. Med utbygginga av kraft- og industrianlegga i Høyanger endra landskapet seg både ved fjordmunningen og oppe i fjella. Infrastrukturen til kraft- og industriutbygginga førte med seg synlege røyr¬gater, kraftlinjer, trapper, trallebaner, vegar, stiar, dammar, brakker og andre tekniske installasjonar. Ein del av den gamle bruken av landskapet forsvann. Med oppdemming av vatna vart fleire stølsvollar sette under vatn og ein måtte flytte stølsdrifta til andre stadar i fjellet. Nokre frie fossefall forsvann. Ein del av gardsdrifta vart vidareført, i hovudsak oppe i liene og innover Dalsdalen. Fjella vart framleis nytta til beite, støling og til jakt og fiske for bøndene. Hovudtrekka med den smale fjorden og dei bratte fjella er som før, men landskapet har fått tilført til dels store installasjonar som har endra det til eit kombinert jordbruks- og kraftlandskap. Dei største endringane var ved fjellvatna som vart oppdemma og i fjordbotnen der tettstaden Høyanger vart etablert. Den djupe Høyangsfjorden gav gode forhold for å etablere ein djupvasskai. Dette gjorde transporten av råmateriale og eksporten av ferdig aluminium lett. Kombinasjonen av vassressursane og høve til transport sjøvegen var vesentleg for at ein kunne etablere industristaden Høyanger i ei tid der ein måtte nytta krafta lokalt. Kraftverka og industriverksemda er framleis hjørnesteinen i Høyangersamfunnet. Historia om Høyanger som industristad startar i 1899 då ingeniør Einar Ramsli og arkitekt Sigurd Lunde sikrar seg vassrettane i Øyrevassdraget. Dette kjøpet markerer starten på kappløpet om vasskrafta ved Høyangsfjorden. I tida 1906–1915 sikrar konsul Harald Larsen seg alle vassrettane og startar opp arbeid med planar for vasskraftverk og industri. I 1916 startar det nyetablerte firmaet AS Høyangfaldene, Norsk Aluminium Company (NACO) opp arbeidet med bygging av kraft-, fabrikk- og byanlegg, samstundes som ein endrar namn på staden frå Høyangsfjorden til Høyanger. Den første provisoriske kraftstasjonen vart bygd på Hjetland i 1916, og i 1917 er første byggetrinn på dei permanente kraftanlegga ferdig. Dette anlegget bestod av Grimsosdammen og Kråkosdammen med røyrgater, trallebane og trapp ned til Kraftstasjon 1. I november 1917 var aluminiumsfabrikken ferdig og elektrodefabrikken startar produksjon av anode kol. Støyperiet stod ferdig i 1918 og prøveproduksjonen starta opp, men grunna manglande råstofftilgang vart det ikkje vanleg produksjon før i desember 1919. Fabrikkanlegga er gjennom tidene utvida og oppgraderte. Kraftproduksjonen er utvida fleire gonger. Første utviding var bygginga av Kraftanlegg 2 i 1937–38. Kraftanlegg 2 førte til store endringar i landskapet i Dalsdalen for å bygge dei omfattande anlegga i fjellet. Anlegget består av trallebane, røyrgater, vegar og dammar. Kraftstasjon 3 og Kraftstasjon 4 vart bygd i Norddalen. Lukehusa og ulike sikringstiltak i samband med dammane er andre synlege kulturminne i landskapet som fortel om kraftutbygginga. Slik det etter kvart vart vanleg, har ein ved seinare kraftutbyggingar også i Høyanger lagt mykje av anlegga inne i fjella og med unntak av dam- og veganlegg er desse lite synlege i landskapet. Krafta som vert produsert i Høyanger vert i hovudsak brukt lokalt og linjetraseane rettar seg difor i hovudsak frå kraftstasjonane til fabrikkanlegga og tettstaden. Høyanger gjekk frå å vere eit jordbrukslandskap til ein tettstad med ein planlagt bystruktur, industri- og kaianlegg. Med etableringa av tettstaden Høyanger kom den moderne byplantankegangen til Sogn og Fjordane. Det arkitektteikna bustadområdet Parken vart den første hagebyen i Sogn og Fjordane. I tettstaden er mykje av Egne hjem-bustadane bevart som eit heilskapleg område. I planlegginga var ein oppteken av at tettstaden skulle ha ein vakker utsjånad og NACO nytta fleire av samtida sine kjende arkitektar både til byplanen og til å teikne dei ulike husa. I Høyanger var det kraft, industri og produksjon som var det vesentlege for dei som bygde opp samfunnet. Noko som kan illustrerast med at det ikkje kom kyrkje i Høyanger før i 1960, medan Folkets Hus vart tatt i bruk i 1917.
    kommune
    • 4638
    kulturmiljoId
    • K569
    kulturmiljokategori
    • M-KULA
    lokalId
    • 569
    malemetode
    • 19
    navn
    • Høyanger
    noyaktighet
    • 100
    oppdateringsdato
    • 2024-06-20T08:45:54Z
    opphav
    • Riksantikvaren, Hovedkontor
    versjonId
    • 20230126