Området viser dei lange linjene i utviklinga av ei rik jordbruksbygd på Vestlandet frå jernalderen og mellomalder, via det tradisjonelle jordbrukslandskapet etter utskiftinga og til dagens moderne jordbruks landskap.
På terrassane finn vi vide og lettdrivne areal som var godt eigna for jordbruksteknikken i jernalderen og mellomalderen. Det er spor etter jordbruk tilbake til eldre jernalder og landskapet er rikt på kulturminne frå eldre jernalder og fram til i dag. Gravhaugane på Moane, Hopperstad stavkyrkje, Hove steinkyrkje og Tenold stavkyrkje (som er borte) vitnar om staden som eit politisk og religiøst maktsentrum i jernalderen og mellomalderen.
Vik er den ytste av dei større jordbruksbygdene langs Sognefjorden. Bygda låg godt til for ferdsel over fjellet til Voss og på fjorden. Straum- og vindforhold i Sognefjorden kunne bidra til å tvinge skip på veg inn fjorden over mot Viksida. Her hadde ein ei særleg god strategisk plassering for å kunne fungere som eit maktpolitisk tyngdepunkt.
I løpet av yngre jernalder/vikingtid hadde ein sannsynlegvis stor produksjon av våpen og reiskap som har vore med på å skape den velstanden som vi kan sjå i gravene frå denne tida. Funn i ei av kvinnegravene på Hopperstad viser til kontakten med Europa, og kan tolkast som ein ekteskapsallianse med ein irsk familie. Også andre funn i området vitnar om god kontakt over Nordsjøen, enten i form av handel, alliansar eller plyndring.
Garden Hove har sannsynlegvis utmerka seg. Den sentrale plasseringa i bygda, namnet, rike fornminnefunn og at det vart reist ei kyrkje her i mellomalderen, tyder på at den var eit religiøst og maktpolitisk sentrum i jernalder og mellomalder.
Moahaugane er knytt til garden og er eit særmerkt element i landskapet som knyter området til forhistoria. Her er åtte store og to mindre haugar og bevarte restar etter dei to Guahaugane på den aust lege terrassekanten ned mot elva Vikja. Haugane er godt synlege nede på flatbygda og med god utsikt ut over dalen og fjorden. Storhaugane hadde ein diameter på 15 til 30 meter og ei høgd på tre til fire meter og må ha gjort inntrykk på alle omkring.
Det ser ut som dei første Moahaugane vart reist på 300-talet. Det kom fleire til heilt fram til 1030-talet. Den store samlinga av gravhaugar viser at det her sannsynlegvis har vore eit maktsentrum i jernalderen som var stort i vestlandsk samanheng. Hove steinkyrkje frå ca. 1170 er ei av dei eldste steinkyrkjene i Sogn og Fjordane og var truleg ei privatkyrkje knytt til ein velståande mann med sete i Vik. Vi kan sjå kyrkja som ei vidareføring av Hove som maktsenter og ei kontinuitet i gudsdyrkinga tilbake til før kristninga. Kyrkja ligg godt synleg i landskapet og er den har visuell kontakt med Hopperstad stavkyrkje.
Det gamle klyngjetunet på Hove (Hovstunet) låg aust på terrassen ved Moahaugane. Etter utskiftinga vart mange av husa flytta. To av bruka etablerte seg med tun vest for steinkyrkja. I dag er området prega av ei blanding av nyare og eldre bygningar. Dei nye tuna har vidareført del av den rekkestrukturen som det eldre tunet hadde. Dei største endringane i bygningsmiljøet etter utskiftinga er dei to store fellesfjøsa som ligg like ved Hove kyrkje.
Utover i yngre jernalder får fleire gardar i Vik auka status. Hopperstad har særleg mange og rike funn frå denne tida, og denne garden vart no ein av dei mest sentrale og største i bygda.
Ved Haugateigen er det funne ni graver frå yngre jernalder, men dei er ikkje lenger synlege. Gravfunna fortel om ei jamn utvikling frå folkevandringstida og framover, der garden hadde ein aukande rikdom til lenger ut i vikingtid ein kjem. Spesielt for gravfunna på Hopperstad er at det er funne mange kvinnegraver som var rikt utstyrt.
Dagens stavkyrkje på Hopperstad vart reist kring år 1130, truleg har det stått ei kyrkje her før dette. Plassert på ein haug i landskapet omlag midt i bygda med utsikt over dalen og fjorden er ho godt synleg og hevar seg opp over gardane nedanfor. Hopperstad var truleg fylkeskyrkja i Sygnafylket og i så fall den første offisielle kyrkjestaden i fylket.
Hopperstad stavkyrkje og det store Hopperstadtunet står på ein rest av den samme terrassen som Moane. Det var eit tett klyngjetun fram til utskiftinga i 1880-åra. Rundt 1850 var det omlag 50 hus i tunet. Ved utskiftinga flytta tre av bruka ut av tunet, men Hopperstadtunet har tydeleg bevart den gamle klyngestrukturen. Det er eit særs verdifullt kulturmiljø der det ligg nær Hopperstad stavkyrkje med ope jordbrukslandskap rundt. Det har bygningar frå fleire bruk der eit mangfald av eldre bygningane dominerer. Bygningane er i hovudsak frå 1800- og byrjinga av 1900-talet, fleire i enkel bygdesveitserstil. I hovudsak står tunet slik det var bygd opp att etter utskiftinga. Mange andre gardstun i området har den tradisjonelle oppbygginga som kom etter utskiftinga.