Det gamle Gulatinget er ein av dei viktigaste institusjonane frå eldre norsk historie. Gulating vart truleg skipa av Harald Hårfagre og var ei årleg tingsamling som fann stad frå om lag 900–1300 e.Kr. Vi har ikkje sikkert belegg for den presise plasseringa av tingstaden. Utifrå landskapet, sagatradisjonen, historisk kunnskap om Gulatinget og plasseringa til kyrkja, samt plasseringa av dei to steinkrossane, har ein tolka det til at det første Gulatinget var lokalisert i Eivindvik.
Under Håkon Håkonson sitt styre (1217–1263) vart tingstaden til Gulatinget flytta til ein ny møtestad kalla Guløy. Ein har ikkje gjort arkeologiske funn som har kunna stadfeste akkurat kvar tingstaden låg, men meiner likevel at Flolid, om lag fire km aust for Eivindvik, er den mest sannsynlege staden. Dette meiner ein på bakgrunn av at det skal ha vore ei kyrkje i området og at landskapet har eit påfallande naturleg atrium. Denne tingstaden hadde sannsynlegvis ei kortare levetid enn den i Eivindvik då Håkon 5 Magnusson flytta tinget til Bergen, truleg rundt 1310.
Gulatinget var opphavleg eit allting der «alle frie, våpenføre menn» hadde rett til å møte. Seinare vart det omdanna til eit lagting. Gulatinget hadde både lovgjevande og dømmande makt. Det var der tingmennene godkjende lovene i forhandlingar med kongen sine representantar og kyrkja.
Då Gulatinget vart oppretta, var Gulen omlag det geografiske sentrum for midtre del av Vestlandet. Eivindvik ligg strategisk til nær skipsleia og den vidare vegen inn Sognefjorden. KULA-området omfattar dei to stadane i Gulen der Gulatinget sannsynlegvis vart halde og landskapet rundt. Tingstadane var lette å kome til med båt frå dei ulike delane av regionen som var omfatta av Gulatinget, og det var tilgang til gode hamner. I tillegg måtte dei ha plass til alle som kom og terrenget måtte høve som tingstad. Ein slak terrengrygg slik vi finn i Eivindvik er eit godt døme på eit naturleg terreng som var godt eigna til tingplass.
Tida frå 900-talet og fram til 1300-talet var uroleg. Leidangen vart eit viktig grep for å sikre landet mot invasjon og var det første organiserte forsvarssystemet for Vestlandet. Leidangen var regulert i Gulatingslova. Systemet med vetar for å varsle ufred og å samle leidangen var viktig. Rundt Eivindvik er det fire vetar, plasserte på Næverdalsfjellet, Semnebøfjellet, Middtun og Svaberg. Vetane er tolka som eit vaktvern for Gulatinget i tillegg til at dei var ein del av det heilskaplege vetesystemet.
Truleg har det vore lokale tingstadar i Gulen lenge før det regionale tinget oppstod. Området knytt til Gulatinget har variert, før 930 var det i hovudsak Hordafylke, Firdafylke og Sygnafylket. Etter midten av 900-talet vart området utvida til å omfatte Sunnmøre, Rygjafylke og Egdafylke. Ved innføringa av landslova i 1274 inngjekk også Valdres, Hallingdal og Setesdal.
Ved tingstaden i Eivindvik står det to krossar i granatglimmerskifer frå 900 talet. Krossane er hogde i steinbrota i Hyllestad og frakta til Eivindvik. Den eine krossen står plassert ved kyrkjegardsporten og den andre eit stykke oppe i bakken nord for kyrkja på området som i dag vert kalla Krossteigen. Topografien har mange likskapstrekk med skildringa av Gulatinget i Egils saga. Terrassen under krossen på Krossteigen ville kunne vere ein god tingvoll. Ved krossen var det ei kjelde med rikeleg vatn, kalla Olavskjelda, og skipa kunne finne seg gode hamner i vika nedanfor og langs sundet både lenger aust og vest.
Gulatinget på Flolid vart valt som Sogn og Fjordane fylke sin 1000-årsstad og det er opparbeida ein park i området der ein trur at Håkon Håkonson flytta Gulatinget til. I parken står Bård Breivik sine monumentale kunstinstallasjonar der Tingveggen er det mest markerte verket.
I dei tidlegaste tingseta til Gulatinget hadde ein ikkje nedskrivne lover. Lovene vart overleverte munnleg og ein måtte hugse dei. I regjeringstida til Olav Kyrre (1067–93) vart Gulatingslova skriven ned. Fleire ulike kjelder frå mellomalderen gjev til saman eit godt bilete av korleis Gulatingslova var på 1100- og 1200-talet. På Gulatinget i 1267 vart ei ny Gulatingsbok lagt fram til godkjenning og den gjaldt fram til 1274 då Landslova vart vedteken av tingmennene. Landslova vart utarbeida av Magnus Lagabøte og samla dei norske landskapslovene i ei lovbok. Landslova gjaldt i fleire hundre år og grunnlova frå 1814 bygde på dei gamle lovsamlingane. Korleis Gulatingslova har blitt vidareført i dagens lovverk ser vi til dømes i rettsreglane knytt til odelslova og allemannsretten.