Dei fleste gardane ligg i eit ope fjordlandskap der bratte fjell stig opp bak gardsbruka. Finnabotn skil seg frå resten av fjordlandskapet i området som er eit avgrensa landskapsrom der fjorden er omkransa av bratte og høge fjell.
I heile området er det spor etter korleis menneska har tilpassa landskapet slik at ein kunne livnære seg her. Gardane hadde gjerne fleire stølar. Nokre av fjellstølane ligg langt frå garden. Gardsbruka hadde fleire ulike inntektskjelder som til saman skapte eit livsgrunnlag. Det var mellom anna vedhogst for sal, laksefiske i fjorden og pelsdyroppdrett. I dag er turismen ei ny inntektskjelde som også set spor i landskapet.
Menneska har brukt dette området i svært lang tid, noko gravrøysa på Kalvhageneset ved Ålrek og gravhaugane ved Sylvarnes og Vollevik er synlege spor etter. Det er òg gjort funn som tyder på busetnad tilbake til steinalderen på Geithus. I fjellet er det spor etter stølstufter som kan gå langt tilbake i tid.
Folk på Strendene er avhengige av båt for å kome seg til andre stader. Mellom gardane, innmarka, utmarka og stølsområda er det eit nett av stiar og gangvegar. Enkelte av dei er mura opp i det bratte terrenget. Dei til dels høge og omfattande vegmurane er med på å skape det særprega kulturlandskapet.
Den vertikale driftsstrukturen i området er svært godt bevart og lett lesbar i landskapet. Nokre av gardstuna ligg tett på fjorden, medan andre ligg noko høgare oppe. I det bratte terrenget var det viktig at tunet vart lagt trygt for skred, samstundes som åkerjord og slåttemark måtte sparast. I strandsona er naust, buer og kaiar lagt der det var mogleg å legge til med båt. På Sylvarnes er det bevart eit gamalt ishus som tidlegare vart nytta i samband med laksefisket. Fiske etter laks var ei viktig inntektskjelde. Nokre stader er det kome nye bygg for turistverksemd i strandsona.
I Finnen og i Finnabotnen er det fleire bruk heller tett på fjorden der landskapet flatar ut. Nede ved fjor den finn vi òg restar etter fleire husmannsplassar, mellom anna i Vollaviki der husmannstova framleis står.
På Ålrek er mykje av det gamle klyngetunet knytt til dei tre bruka bevart. Garden Ålrek er ikkje utskifta og den gamle teigblandinga er framleis intakt. Eigarane har gjort eit stort arbeid over mange år for å halde landskapet med dei mange teigane ope. Vegen opp frå fjorden og bakkemurane i tunet og innmarka viser bruken av landskapet. Her er framleis bevart fleire eldre frukttre. Tunet som ligg omlag 100 moh gjev eit godt bilete av korleis menneska i området budde i tida før utskiftinga.
På garden Sylvarnes ligg dei to bruka tett ved ein annan, og dannar eit felles tun der mange av dei gamle bygningane er bevart. Då bruka framleis vert drivne på tradisjonelt vis, er kulturlandskapet særs godt bevart med rydningsrøyser, steingjerde og den oppmura vegen som viktige element. Det ligg ein godt bevart einerhage aust for tunet. Lauving er framleis i hevd på Sylvarnes.
Karakteristisk for gardstuna langs Strendene er at dei ofte består av eitt eller to bruk. Nokre stader står tuna til fleire bruk tett saman, andre stader er det meir avstand mellom dei. Ein del tun skil seg ut ved at det er gjort svært få endringar i bygningsmassen og dei er særs verdifulle kulturmiljø. Kyrkjeteigen, Geithus, Hustavenes, Vollaviki, Hanekam, Vetlesand og Ålrek er gode døme på tun som er godt bevarte.
Utmarka var vesentleg for livberginga på Strendene. Dei fleste gardsbruka hadde fleire stølar, heimestøl og fjellstøl var nødvendig, og nokre bruk hadde gjerne to fjellstølar. Heimestølen låg gjerne på 300–500 moh og var i bruk vår og haust, medan fjellstølen låg høgt til fjells. For ein del av gardane var det lange og bratte stølsvegar. Stølshusa på desse stølane vart ofte små og spartanske og gjerne bygd opp av enkle materiale og stein. Eit godt døme er Ålrekstølen, der det gjerne tok seks timar å gå frå garden til stølen. Steinsela viser korleis ein i størst mogleg grad har brukt lokale materiale til å bygge husa. Fleire av stølane i området er framleis godt bevarte og gjev eit godt bilete av den tradisjonelle stølsdrifta. I tillegg til Ålrekstølen gjeld det Hanekamstølen, Hestfjellet, Smørklepp og Sylvarnesdalen.
Ein del av stølane har ei spektakulær plassering og er godt synlege frå fjorden, til dømes Hustavenes stølen, Rotteskaret, Skjemmedalen, og Ytstestølen Geithus.