• Den ytre skipsleia med fjelløyene

    datafangstdato
    • 2024-01-26T00:00:00Z
    forsteDigitaliseringsdato
    • 2024-01-26T08:10:50Z
    id
    • 3256
    informasjon
    • Folk har gjennom fleire tusen år budd og ferdast ved ytterkysten. Her var det sikker tilgang på mat frå fangst og fiske. Kontaktnettet var stort og hovudtransporten gjekk med båt. Dei to hovudleiene vert omtala som den indre og den ytre leia. Å kjenne att leia var viktig. Her ligg mange grunner og skjær som kan vere livsfarlege. I Sogn og Fjordane ligg det nokre markante fjelløyer som er godt synlege på lang avstand, og som har vore naturlege seglingsmerker langs leia: Alden, Tvibyrge, Kinn, Skorpa, Batalden og Hovden. Felles for dei seks øyene er at dei er lett å kjenne att. På Alden kan det høgaste punktet minne om ein hest, jf. namnet Norske hesten. Tvibyrge har to fjelltoppar som er lett å kjenne att. På Kinn er Kinnaklova det særmerkte landskapselementet. Den pyramideforma toppen på Batalden skil seg klart ut. På fastlandet ligg Staveneset med gravrøysene godt synlege frå sjøen. Gravrøysene i området er kanskje dei mest tydelege spora etter forhistoria. Dei er plasserte svært synleg i seglingsleia. Det største gravfeltet i området med 30 røyser ligg på Stavenes i Askvoll og er godt synleg frå sjøen langs den indre leia. På Stavenes er det også funne 11 felt med helleristingar Kinn med Kinnaklova er eit av dei mest særmerkte seglingsmerka langs den ytre leia. Øya har hatt busetnad i svært lang tid og rundt år 1100 vart Kinn kyrkje bygd. Ho er plassert heilt ute ved havet. Kyrkja hadde gode inntekter frå fiskeria. Segna om prinsessa Borni knyter Kinn saman med Selja og St. Sunniva og gjorde truleg Kinn til eit pilegrimsmål i mellomalderen. I tillegg til øyane som seglingsmerker vart det frå 1828 starta ei stor utbygging av fyrstasjonar langs kysten og dei seglande fekk då nye landemerke å navigere etter. Innanfor området finn vi fleire kystfyr, mellom anna Stabben og Ytterøyane. Menneska som budde på øyene var avhengig av å drive mangesyssleri med gardsdrift, fiske og litt handel. Denne levemåten har sett tydelege spor i landskapet. Brukseiningane var ofte små og oppdelte, der ein på dei små åkerlappane har dyrka korn og frå utpå 1800-talet potet. I det milde klimaet kunne dyra, spesielt småfeet, gå ute på beite på lyngheiene og strandengene store delar av året. Det vart òg sanka vinterfôr i lyngheier og på slåtteenger. Sjø og strand var ei form for utmark som var avgjerande for at menneska kunne leve her. Tang, tare og fiskeavfall til dyrefôr og gjødsel var ein viktig del av energioverføringa til garden. Små øyer og holmar vart ofte brukt som beite. Torv vart brukt til brensel, og i fleire myrer finn vi spor etter uttak. På fleire av øyene er det bevart kulturminne som viser bruken av landskapet. Typisk er det at menneska har busett seg der landskapet flatar ut, og inne i viker der dei får ly. Øya Tvibyrge er eit godt døme på dette, der busetnaden er lagt på austsida i Tvibyrgjevågen. Den lange steinmuren som var ferdig i 1871 og skil innmarka frå utmarka og mellom dei to bruka, er eit karakteristisk element i landskapet. Laksefisket var ein viktig del av næringsgrunnlaget og lakseverpet låg nord på øya. I dei store sildeåra rundt 1850–60 søkte fleire tusen menneske seg til området. Frå denne tida fekk ein ordtaket «Dra til Kinn og bli rik». Det rike fisket førte også til ei teknologisk utvikling på øyene då det frå 1861 vart etablert fiskeritelegraf. I Rognaldsvåg på Reksta finn vi eit av dei største og best bevarte sjøhusmiljøa i området med 30 til 40 naust og sjøbuer. Bygningane er svært varierte i storleik og formuttrykk. Saman med ei rekkje andre eldre bygningar dannar dei eit heilskapleg kulturmiljø. På Batalden, Fanøya, Kinn, Reksta og Skorpa stod mange av dei store sjøhusa og salteria. For å bygge buene måtte ein ha til dels store og omfattande sjømurar. Etter at storsilda forsvann vart mange av sjøbuene og salteria flytta til andre stadar og berre grunnmurane står att, slik som dei store murane ved Fanøya. Dei er vitnesbyrd om dei store fiskeria i området. Dette sildefisket var avgjerande for at Florø by vart etablert i 1860. Under andre verdskrig var det stor aktivitet i området, både av okkupasjonsmakta og av motstands rørsla. Tyskarane etablerte signalstasjonar på Færøy for å kontrollere skipstrafikken til og frå Florø. Den tyske marine etablerte òg kystvaktavdelingar ved Vallestad på Askrova, på Ytterøyane og Kvannhovden. For motstandsrørsla var øyene viktige. Folk herifrå deltok i englandsfarten. Shetlandsgjengen brukte fleire av øyene, mellom anna vart nordsida av Skorpa brukt som skjulestad for MTB-ar. Mot slutten av krigen var Domba på Hovden ein viktig stad for motstandsfolk og britiske etterretningsagentar. Ein tok her i mot våpen og ammunisjon som vart distribuert til motstandsrørsla i fylket. Flyktningar vart sende ut av landet frå Domba. Askrova vart brukt som lagerstad for materiell frå England. Radiostasjonar rapporterte til England om skipstrafikken frå skiftande stader.
    kommune
    • 4602
    kulturmiljoId
    • K564
    kulturmiljokategori
    • M-KULA
    lokalId
    • 564
    malemetode
    • 19
    navn
    • Den ytre skipsleia med fjelløyene
    noyaktighet
    • 100
    oppdateringsdato
    • 2024-06-20T08:45:54Z
    opphav
    • Riksantikvaren, Hovedkontor
    versjonId
    • 20230126