• Balestrand og Vangsnes

    datafangstdato
    • 2024-01-26T00:00:00Z
    forsteDigitaliseringsdato
    • 2024-01-26T08:10:50Z
    id
    • 3257
    informasjon
    • På 1800-talet kom dei første turistane til Noreg. Omlag samstundes byrja kunstnarane å reise i landet. I 1875 kjem det eit stort skifte i turismen, då Thomas Cook arrangerte den første selskapsreisa langs Norskekysten. Heilt frå byrjinga var Sognefjorden av dei aller viktigaste reisemåla for turistskipa. Dåtida sitt romantiske natursyn heldt den vestlandske naturen med ville og bratte fjell, brear, tronge fjordar og høge fossefall for vakker og sjåverdig. Dei midte og indre delane av Sognefjorden var, og er, eit landskap som representerer alt dette. Fjærlandsfjorden. Det karakteristiske smale neset var eit viktig mål for mange av turistane på 1800-talet, spesielt dei tyske. Dette kom av at forfattaren Esaias Tegnér i 1825 gav ut diktsyklusen Frithiofs saga som vart svært populær i Europa og spesielt i Tyskland. Forteljinga hadde store delar av handlinga si lagt til Vangsnes, der Vangsnes var heimen til Fridtjof. Mange av dei tyske turistane ville sjå heimstaden til Fridtjof og å passere Vangsnes var ein viktig del av reisa. Keisar Wilhelm var svært oppteken av sagaene, det norrøne og ideen om at nordmenn var ein del av det felles germanske folket. Tegnér si Frithiof saga var eit verk han sette svært høgt og i 1911 gav han to skulpturar frå denne forteljinga til Noreg. Ein var av Fridtjof som vart plassert på Vangsnes og ein av kong Bele, far til Ingebjørg, som vart plassert i Balestrand. Skulpturane er plasserte slik at dei har visuell kontakt med kvarandre over fjorden. Statuen av Fridtjof vart plassert svært synleg på toppen av neset på Vangsnes og tett på to gravhaugar. Statuen av kong Bele er plassert tett på fjorden, godt synleg på toppen av den eine av Belehaugane.
    kommune
    • 4640
    kulturmiljoId
    • K570
    kulturmiljokategori
    • M-KULA
    lokalId
    • 570
    malemetode
    • 19
    navn
    • Balestrand og Vangsnes
    noyaktighet
    • 100
    oppdateringsdato
    • 2024-06-20T08:45:54Z
    opphav
    • Riksantikvaren, Hovedkontor
    versjonId
    • 20230126